tirsdag 2. juni 2020

Straumsnes rundt inkl Vidsyn

Agnar Åsnes i Andalsvik


På Arsteinheia med Agnar

Vårdal

Holmedal inkl Dokka og Moldura

Mot Blegja
Dalsfjorden



Mykje godt arbeid av Hjørdis Åsnes og Asbjørn Igelkjøn

Sylvsteinheia

Som ei avslutning på første runde på TiTur Dalsfjorden, tok eg ferje til Fure frå Askvoll i dag tidleg, og gjekk på dagsturhytta Vidsyn på Bygdeheia. Flott og grei tur opp. Delvis på skogsveg. Klokka var ikkje meir enn 08.30 då eg kom opp der. Første gongen for meg. Utsikta er fantastisk flott. For mitt vedkommande har dette sjølvsagt å gjere med at eg får sjå alt det kjende på nordsida av fjorden i ein ny vinkel frå sør. Havet, øyane, Alden, Brurastakken og Askvoll. Og sjølvsagt alle dei kjende fjella. 

Etter å ha teke nokre bilder, og sjekka ut på DNT-appen, sprang eg for det meste rett ned igjen mot Furset. Så bar det vidare til Straumsnes og til Agnar Åsnes. Han venta meg for å ta meg med på ei runde rundt i fjella der.  Og for ein tur det vart. Nesten 5 timar. Dalsfjorden låg heilt blikkstille. Blått i blått. Grønt i grønt. Og sol. Straumsnes og Holmedal som perler ved fjorden. 

Så tok vi avgarde på Straumsneset rundt. På heilt ukjende stiar for meg. Storekleiva, Kalvhågåsen, Andalsvik, Vikabrekka, Langeneshovden, Vardeheia, Nigardsstølen, Gravarstien, Arsteinheia, Sylvsteinheia, Ingridstien og ned att på Storekleiva. Ei skikkeleg runde med andre ord. Og då kunne eg sleppe jubelen laust. Finalen i boks. Men akkurat denne ruta var vel kanskje ei såkalla "once in a lifetime" oppleving. 

Stiane på Straumsneset var veldig godt merka. Fantastisk utført arbeid. Overalt. Og som på Atløy, og på begge sider av Dalsfjorden, er det reint imponerande kor mykje frivillig dugnadsarbeid som blir lagt ned med merking og tilrettelegging av stiar, slik at folk skal kome seg ut og føle seg trygge på tur. Stor applaus. 

Det ligg mange flotte og gøymde perler i nærområdet vårt som ein reint overser i det daglege. På mange måtar er det reint bortkasta tid og energi å reise langveges for å få flotte naturopplevingar. Perlene ligg på rekke og rad rett utanfor vår eiga stovedør. 

Takk til deg Agnar som tok meg med på denne fantastiske runda i dag.





Storekleiva, Kalvhågåsen, Andalsvik, Vikabrekka, Langeneshovden,
Vardeheia, Nigardsstølen, Gravarstien, Arsteinheia, Sylvsteinheia,
Ingridstien, Storekleiva
(Eg sette på GPS`n litt seint på Kalvhågåsen)

Ingen kommentarer: