onsdag 10. juni 2020

Ohh what a day

Dale frå Fløyen i dag

Eg nemnde parkeringsplassen i Rivedal som utgangspunkt for flotte turar i eit blogginnlegg på mandag. Så i dag køyrde eg til Rivedal igjen. Med Heileberget, Driveknolten, Nonsholten, Fløyen og Otterstein som turmål. Og avslutning med skillingsbollar og kaffi på Allmuen i Dale. Det vart ein perfekt dag!

Denne ruta startar opp kraftvegen. Som DNT-ruta til Nipebu. Når Rivedalselva er stor må ein gå opp til demningen og krysse elva der. Med lite vassføring som i dag, brukar eg å krysse elva eit stykke nedom demningen ved den store steinen som ligg på høgre sida. Der er det greitt å gå over. Så går ein opp i den gamle stien frå Vindheim på austsida av elva. Gjennom grinda. Og omlag 100 meter lenger oppe tek ein til høgre ved to rognebærtre. Her i frå og vidare opp og innover Hundeheia er det godt merka med vardar. Stadvis med merkepinnar. For som vi veit er både Driveknolten og Nonsholten å finne på fjelltrimmen i Askvoll år om anna. Truleg har det likevel vore gjort ein veldig bra jobb med varding utanom dette. Det var faktisk heilt topp! Kjempeflott for den som er ukjend her. Applaus!


Skaret ved Høgknolten




Turen austover Hundeheia, og komen opp i skaret ved Høknolten, gir eit fantastisk skue over Dalsfjorden og til Rivedal, Straumsnes og Holmedal. Den flottaste utsikt du kan tenke deg. Her stoppar eg alltid på litt. Også for å få att pusten frå stigninga opp skaret... 

Vidare austover mot Driveknolten er det rein plankekøyring. Flott og tørt. Og for det meste ganske flatt før oppstigninga til toppen. Det er egentleg to toppar. Ein i nord og ein i sør med eit lite dalsøkk mellom. Hytta, som ein gong stod her, er diverre historie. Teken av vinden. Akkurat det skulle det nok ha vore laga eit høveleg jonsokbål av. Frå Driveknolten er det nydeleg utsikt til Tysse, Leite og ut fjorden. Også ned til Eikenes og Eikenesstølen. 


Utsikt mot Driveknolten

Utsikt frå Driveknolten

Mot Nonsholten frå Driveknolten

Bortheim og Holmen

Aust for Driveknolten er det eit liten hammar du må ned for å kome deg vidare mot Nonsholten. Her er det greitt å vere litt forsiktig. Iallefall hvis det er vått. Der i frå er det for det meste ganske flatt. Herlege steinflater å springe på. For den som vil det. På Nonsholten, som ligg litt på nordsida av Heileberget og ikkje synleg frå Dale, er det forresten veldig flott utsikt til Fossedalen og Dalsstølen. Nipebu-traktene, Fossedalshengenipa, og ja sjølvsagt Eitrenipa, Kringla, Blegja, Laukelandshesten, Storehesten m.m. Fantastisk. 


Mot Tysselandet

Fossedalen frå Nonsholten
Vi ser Øvre og Nedre Fossedal og Fossedalsvatnet.
Lite vassføring i Fossedalsfossen. Laukelandsfossen t.h.
Fjella er f.v. Eitrenipa, Søndre og Nordre Kringla og Laukelandshesten.
Bak med snø ligg Blegja og Storehesten t.h.

Frå Nonsholten ser ein også Fløyen i aust. Det er nok litt lenger enn det ser ut til. Litt opp og ned. Men det er egentleg berre strake vegen. På godt fjell. Og litt mark. No med veldig flott utsikt ned til Dale, Bortheim og Øyna. 


Frå Nonsholten ser ein Fløyen
...og så hoppa det opp ein heilo frå reir...
ds (nede i midten)


Vel framme på Fløyen har du panoramautsikt. Rett ned til Dale. Og no også vidare inn Dalsfjorden mot Laukeland, Sætenes, Strand og Bjørvikstranda. Og sjølvsagt alle fjella rundt Dalsfjorden. Kjekt å sjå bort på Jøtelshaugen og Brendeheiknappen der eg har vore i det siste. 






Øvre Fossedal t.v.

ds

Dale frå Fløyen i dag

On top.....😎

Eit par ord om stien ned igjen frå Fløyen. Det må vere noko av det flottaste dugnadsarbeidet som har vore gjort med stinettet rundt omkring her. Ikkje nok med at det er fantastisk merka i den bratte nedstigninga - det er også lagt ned alvorleg mykje heller. Kor mange timar dugnad som har vore brukt her skulle vore artig å visst. Utruleg imponerande! 


Nedre Fossedal frå nedstigninga av Fløyen

Inn Dalsfjorden frå nedstigninga av Fløyen

Litt av det utrulege arbeidet som har vore gjort med stien til Fløyen

Ruta går så ned i løypa frå Otterstein til Fossevikja. Ja, så enda eg opp igjen på Otterstein i dag som i går. I dag med den forskjell at eg måtte ta beina fatt til Dale for å få min velfortente skillingsbolle. For deretter å måtte vente ein time, minst, på skulebussen til Rivedal. Og så ta føtene fatt igjen frå vegen og opp til parkeringsplassen. Dei to siste etappane på turen klart mest utfordrande😃



GPX

Ingen kommentarer: