mandag 1. juni 2020

Tørt og fint på heimebane

Olaug på Skylefjellet i dag

Yndestadhøgeheia

Stongfjorden

Blåfjellet og Skylefjellet med Mangevatna t.v.

Har sløva litt med blogging av turar i det siste. Det har blitt nokre her oppe som før. Men det blir lett drøvtygging når rutene blir dei same. I pinsa var vi dessutan i Bergen. For barnepass og sosialt samvær. Då vart det pause frå fjellgåinga òg. Det var som ein fyr sa her ein dag - det må ikkje bli ein besettelse - sjølv om det til tider kanskje nettopp har vore det...:-) 

I dag følgde eg Olaug på posten på Skylefjellet. Men for å få litt meir ut av turen gjekk eg austover og opp på Toreheia òg. Returen over Yndestadhøgeheia. Fruen gjekk strake vegen ned att. 

Flott vèr, men med litt høge skyer. Nesten heilt vindstille. Og tørt i terrenget no. Eg gjekk i fjell-joggesko og shorts. Utruleg lett å ta eg fram slik samanlikna med vinterturane her oppe. Super-tur!

Ingen kommentarer: