torsdag 25. juni 2020

Perlerader av fjell, blomar og ei dame....

Olaug på Sognefjellet

Ei hes på Fuglesteg

I går sa vi adjø til Nes Gard i Luster og sette nasen austover. Etter eit lite besøk i Skjolden drog vi til Fortun og gjekk på Fuglesteg. Flott tur opp dit. Og sidan vi var tidleg ute gjekk vi for det meste i skuggen oppover. I varmen var det ein fordel. Men akk og ve for nokre kraftlinjer...!

Grusomme kraftlinjer på veg til Fuglesteg...

Olaug på Fuglesteg

Fantastisk utsikt der oppe. Og for nokre flotte bygningar. Vi slo av ein prat med ein kar som slo gras og la opp ei hes. Vaktmeister på dugnad. Slik treng ein for å få slike plassar til å fungere. Til vanleg er her vel hyttevakt på DNT-overnattinga òg. Den må førebels tingast i førevegen grunna korona. 

Fuglesteg

ds

ds

ds




Vi gjekk så ned att til Fortun og køyrde opp på Sognefjellet. Ein god lunsj i bakken der oppe med ei utruleg utsikt til alle 2000 meters toppane ikring var heilt fantastisk. På Sognefjellet og ved Sognefjellshytta var det mykje folk. Løypemaskina til sommarskisenteret gjekk i full sving. Og folk på ski i kortebukse. Ski-bilane tydde på austleg opprinnelse. Og Sognefjellshytta var sjølvsagt fullbooka. Så vi køyrde rett til Lom, der vi overnatta på Fossberg Hotell. På Lom var det elles mykje turistar. Stavkyrkja her er fantastisk. 


Sognefjellet - Storen nr 3 frå venstre

Lom Stavkyrkje

I dag tidleg bar så turen vidare til Lemonsjøen og fjellet Trollhøe med rundturen via Hesthaugtjern. Panoramautsikt til Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane. Veldig grei og fin tur opp frå Lemonsjøen fjellstue & hyttegrend. Her overnattar vi i natt. I morgon ber turen til Vinstra til syster mi Bergljot.


Reinrose på Trollhøe

Ein kvit stein som skein i nedstigninga mot Hesthaugtjern

Sjekkar reinlav

Kalven Seter - kaffi og svele etter endt fjelltur...

Ingen kommentarer: