søndag 7. juni 2020

Fram og tilbake

Ved Skylefjellet
(arkiv)

Eg var ein kjapp tur oppom TiTur posten på Skylefjellet i dag tidleg. I kald nordavind og skodde frå Mangevatna og opp (godt merkt då). Så i dag såg eg lite av det flotte landskapet. Ikkje akkurat sommarkjensle - og - knip deg i armen - eg tok ikkje eit einaste bilde. 

No har eg vore på dette fjellet i mange år - både som fjelltrimpost, TiTur post og utan at det har vore nokon post her. Frå gryande morningar til blikkstille solnedgangar. I stummande mørke. I væte og storm. Og spesielt i 2007-2008 sesongen, med over 100 turar, var det ofte heftig. Undervegs i dag hugsa eg brått på den gongen då hovudlykta bles av hovudet mitt oppe på toppen utan at eg hadde med reservelykt... Så eg bladde litt i arkivet og fann blogginnlegget frå den gongen - 27.desember 2007

Eg ser jo at blogginnlegga mine då var av eit visst anna omfang enn i dag. Men det er no trass alt begynt å bli nokre år sidan. Med over 3000 blogginnlegg har no egentleg dette blitt noko meir omfattande enn det eg trudde i utgangspunktet. Nok om det... 

Nei, det var Skylefjellet. Og den turen eg hugsar best av alle eg har trakka hit - så eg tek eit lite klipp og lim frå den tredje juledagen og turen. Det var visst ein ganske innhaldsrik dag med Skylefjellet som toppen på kransekaka😄  - Litt sundagsunderhaldning skadar vel ikkje 😃 Og så får du litt YouTube bilder til slutt.

"Lufte vetet ja...

Eg kjende veiret var på vest oppover. Elvane gjekk over alle breidder. Det sildra og rann overalt. Stien var anten ei god myr eller ei rennande elv. Litt skuffande var det at eg faktisk var litt våt på eine foten då eg kom heim. Håpet er at væta kom gjennom gamasjane og ikkje gjennom skoa. Eg trur det, for eit par av elvane eg måtte over gjekk som sagt over alle breidder i kveld.

Ved Rinda tok vinden allereie godt i kroppen. Men det var først ved Mangevatna det bar skikkeleg til. Eg fekk vindkulene noko aldeles enormt i ryggen, og vart formeleg boren opp gjennom ranane. Til vanleg er dette morosamt, men i kveld i stummande mørkna var det litt skummelt. Eg visste aldri kor tid eg låg på trynet. I tillegg kom det nokre alvorlege regn og haglebyer, som eg heldigvis òg fekk i ryggen!

Slik gjekk det opp til siste toppartiet der du svingar vestover igjen. Ganske tøft får eg seie! No har eg trudd at eg har fått oppleve det meste av vind her oppe tidlegare. Men i kveld var det aldeles rått! Eg følte meg faktisk ikkje så veldig høg i hatten lenger, åleine i bekmørkna høgt til fjells i det uveiret! For eg formeleg måtte krype fram over bergkammane siste biten mot varden...Det var komplett umogeleg å halde seg oppreist. Og det dura slik at eg trudde eg skulle få skikkeleg dott i øyra. Veirglimta flerra opp himmelen ute i havet gong etter gong. Veirgudane var aldeles rasande! Truleg var det ein kaldfront på veg forbi, vestaveir som det var. Det hadde vore utruleg mildt tidlegare på dagen....

Brått fekk vinden tak i ein flik av hetta, og hovudlykta flaug av hovudet fleire meter bortover. Dette trass i at eg hadde bandet nedom øyra bak. Eg kunne ikkje ha bandet innom hetta pga bremmen som var i vegen for lykta. Det kunne blitt veldig artig hvis batteria hadde slått seg ut av lykta her ved toppen - i kveld då eg for første gong sidan eg hadde starta på desse ekspedisjonane i mørket ikkje hadde teke med meg reservelykt ...(Eg hadde litt lys i mobilen då, men til å leite opp att batteria med den hadde vore ei håplaus affære...) Scary! Eg fekk ein støkk i livet, men heldigvis lyste den like flott!! Ekstralys skal eg iallefall hugse på neste gong!
(eller rettare - ikkje rase av garde slik at eg ikkje gidd å leite det fram før eg går...:-))..Puhh! Det var ei lise og komme seg i skjul bak varden, sjølv om vind-duren frå denne gjekk gjennom marg og bein!

Eg måtte berre bite det i meg å komme meg på heimveg før eg vart heilt gjennomfrosen. Eg tok fram vottane...Og sjølvsagt hadde eg teke med meg ein svart vott og ein svart hanske av same neven... Heilt på trynet...! Eg valna vekk noko j... på fingrane. Det her var jo heilt texas - i svarte natta, åleine i det uveiret, og langt borte frå folk. Elendige forberedelsar. Skulle jo ikkje nemnt dette, kunne jo bli tatt for reine amatøren...:-)At det ikkje er så langt opp må ikkje gå på bekostning av forberedelsane. Eg lærte meg ei ny lekse. Aldri slurve. Det kan vere ubehageleg og ikkje reint ufarleg.

Ned att fekk eg uveiret for det meste midt i fleisen! Skikkeleg tøft altså...:-) Men utruleg godt å ha skikkeleg vind- og vasstett jakke! Heldigvis var det for det meste opplett. Lenger nede er det heller ikkje så eksponert for veir og vind, så frå Svartevatnet og heim gjekk det heilt fint!

Ja, du store mi tid! Det har vore nokre artige og utfordrande opplevelsar her oppe i det siste... Men uansett - det er iallefall god kveldstrim både for sinn og skinn!
I kveld vart det i tillegg rett spanande òg.....!"





Ingen kommentarer: