tirsdag 23. juni 2020

Molden autostrada

Olaug mot toppen av Molden

Dagens selfie teke av Olaug

Olaug på Molden

Lustrafjorden

ds

Fin utsikt på Skjødnaklanten

Bremuseet i Jostedalen

Fotoserie Molden Jostedalen 230620

Nok ein strålande dag i Luster! Som eg nemnde i går ville vi i dag gå på Molden. Og det gjekk heilt fint. Etter ein god frukost - prega av koronatiltak - køyrde vi til Mollandsmarki og Krossen og gjekk der i frå. 

No var vi såpass tidleg ute at det var få bilar på parkeringsplassen der då vi kom. Ei jente med ein liten i beremeis snakka vi med - både der og oppe på fjellet. Ho skulle på ein trimpost på Svarthillaren. 

Kjekk jente på tur med minsten...

Turen opp gjekk heilt piano. Veldig greitt. På godt opptrakka sti. Med sherpa-heller og god plank mange plassar (sjå fotoserie). Sidan verken Olaug eller eg hadde vore her oppe før, overraska toppen oss litt. Her var store flater. Og utsikta til dei forskjellige himmelretningane måtte vi bevega oss på for å få med oss. Beste utsikta var kanskje frå toppen i sør der det stod nokre mastar (sjå panorama ovanfor). Elles stod der ei fantastisk flott steinhytte på toppen med utsikt inn Lustrafjorden (sjå video under). 

(Held fram under video)

Olaug og steinhytta





Største overraskelsen var i grunn då vi gjekk ned igjen. Klokka kunne vel vere rundt 11 eller noko slikt. For det var reine folkevandringa på veg oppover. Eg kunne nesten ikkje dy meg for å la tankane gå til heimefjella der eg kan gå i timesvis utan å treffe på ei sjel. Her gjekk ein nærast i stim. Det er sjølvsagt flott at folk kjem seg ut på tur. Folk i alle aldrar. Likevel er det ganske påtakeleg kor mykje unge jenter, og gjerne damar litt opp i åra, som ein møter. Er fjellvandring blitt ei jentegreie? 

Etter at vi kom ned igjen til Krossen, køyrde vi oss så ein tur til Jostedalen og inn til Bremuseet. Undervegs stoppa vi på butikken og hotellet i Jostedalen og tok oss ein kopp kaffi. På Bremuseet var det i motsetnad til på Molden nesten fritt for folk. Tydeleg prega av mangel på utanlandske turistar grunna koronaen. Med utsikt til Nigardsbreen åt vi oss ein nistepakke og køyrde deretter "heim" igjen til Nes Gard. Flott dag! 


Ingen kommentarer: