lørdag 13. juni 2020

I mitt landskap

 Portafjellet og Stordalsfjellet
Storedalen og Stordalsvatnet i midten.
Foto aust for Vardeheia.
  
F.v. Smørskornova (grå) og bak ser vi m.a. Dokka, Moldura og Skålefjellet (spisse),
Toreheia og Ytrevågefjellet.
Foto frå Vardeheia.

Vardeheia



Foto turen Rivedal Stordalsfjellet Vardeheia 130620





Sidan tilgangen til Oslandsbotnen vart redusert, då det ikkje lenger var høve til å køyre gjennom tunet på Osland, har besøket på fjelltrimposten på Stordalsfjellet sjølvsagt stupt. Nipebu vart såleis lansert som alternativ post. Personleg var det eit ganske hardt slag, sidan eg hadde lagt ned alvorleg mykje arbeid med merking til denne posten. Men det er snøen som fall i fjor...

Men i dag snudde eg på flisa. Eg hadde lyst på Stordalsfjellet. Og gjekk verken over Indre Vågefjellet eller frå Oslandsbotnen. Ei heller frå Skjerlia, der det er vanskar med parkeringa. Men derimot gjekk eg frå Rivedal. Det er mange vegar til Rom. Somme litt lenger enn andre. Slik er det her i livet. Vegane tek ofte litt andre vendingar enn det ein trur. 

Så då vart det parkeringsplassen i Rivedal igjen. For tredje gong denne veka. Sytalaust det. Tilrettelagt og alt. Opp kraftvegen og inn dalen på Røyrbotnholten-ruta. Opp i skaret og mot aust. Til å begynne med på DNT-ruta til Nipebu. Men klatra fort opp hamrane på søraustenden av Vardeheia, og kom over fjellet heilt vest i Storedalen. Deretter runda eg Portafjellet, og vidare opp dalen til Stordalsfjellet. 

Her oppe var det litt austavind. Mild då. Men noko ly for vinden til videoopptak er her ikkje. Toppen er jo ganske forblåst. Trimboka var det som forventa minimalt med namn i! Og appen nesten tom. 

Eg følgde så same vegen ned igjen. Over Storedalen, og opp på Vardeheia frå aust. Greitt, lett og fint (sjå video). Deretter ned den bratte sørvest-sida. Her står det faktisk mange gode vardar endå. Veldig bra med det, sidan det kun er ein veg ned her. Ei rås i ei skår. Og elles bratt ut føre. 

Så gjekk turen nedom DNT-løypa igjen (skulle vore remerka). Bort under Røyrbotnholten og ned att dalen til Rivedal. 

Flott tur. Uvant rute. Ein del lenger enn frå Oslandsbotnen og Skjerlia. Elles var vèret overskya. Med glimt av sol inn i mellom. Men veldig flott temperatur til å gå i singlet og shorts. Og lette joggesko. 

Motiv ved der elva startar ned Storedalen 




Ingen kommentarer: