mandag 8. juni 2020

Rundtur i Rivedalsfjella

Utsikt frå Røyrbotnholten. Rivedalskletten i midten.
Ruta kjem opp ved demma t.v. og går ned til Rivedalsstølane t.h.

Rivedalskletten, Straumsnes og Rivedalsstølen

Rivedalsstølen i motlys

Rivedalsstølen

Smørskornova i dag
Parkeringsplassen ved kraftverket i Rivedal er utgangspunkt for mange flotte turar. DNT-ruta gjennom Vagstaddalen til Nipebu startar her. Ein kan elles gå over fleire fjell som Bakkefjellet og Hekkelfjellet til Holmedal, over Skålefjellet til Stongfjorden, til Førdefjordsida via Svelia eller til Dale over Heileberget. Turane kan ein gjere akkurat så lange som ein vil. Alt etter tid og form. 

Personleg synest eg det alltid er kjekkast å sleppe å gå opp og ned same vegen når eg er på tur. Men sidan eg går mykje åleine, er det ikkje like lett å bli henta ein annan stad enn der bilen står. Iallefall ikkje i arbeidstida til folk. Rundturar er då eit godt alternativ. 

I dag valde eg såleis å gå inn dalen frå parkeringsplassen og demninga i Rivedal, og opp løypa til Røyrbotnholten. Rett frå sør. Den er merka etter fjelltrimmen i fjor. Oppe under toppen kryssar denne ruta DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu. Den kjem frå vest over nordsida av Smørskornova. (Skulle vore merka opp att). Etter å ha vore oppom toppen på Røyrbotnholten (sjå video), gjekk eg såleis deler av DNT- løypa vidare vestover og opp på toppen av Smørskornova. Og svinga deretter skaret ned i sør, og ned lia til Rivedalsstølane. Endå såleis opp att på parkeringsplassen i Rivedal. 


(Litt susing i starten)

Ein annan fin rundtur er frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal og opp ranen på Dokka, og via Nyksvatnet og Nykshytta ned igjen. Men det er mange andre rundturar her òg. Vi har jo 7-fjellsturen rundt sentrum i Askvoll.  

Det var skikkeleg kald nordavind i dag. Heldigvis ser temperaturane ut til å stige ut over i veka.

Ingen kommentarer: