fredag 12. juni 2020

For ei tid! La det vare!

Del av ruta frå Stongfjorden.
Yndestad i bakkant.

...og litt høgre oppe...
I dag gjekk eg den klassiske ruta frå Neset til Moldura med returen over Størdalsstauren. Som mange gonger før. Men i dag i shorts og t-skjorte. Fantastisk vèr! Litt mild austavind på toppen som kjøla akkurat passe. For ei tid! La det vare! 

I går var det fjellfri med ei tur til Førde. Det er fint å ta ein pause frå fjell og blogg ein dag inn i mellom. Kroppen treng jo litt kvile òg... Han har jo passert 60 for lengst...😅  Turen over Heileberget hin dagen var berre magisk!






Ingen kommentarer: