tirsdag 9. juni 2020

Nysteikte lappar og kaffi i Fossedalen

Eg kom til duk og dekka bord i Fossedalen i dag

Brendeheiknappen med Kringla bak

Snakk om å dukke opp til rett tid. Til duk og dekka bord. Kaffi og lappar. Ja, det var det som møtte meg i Fossedalen i dag. For etter å ha vore ein tur oppom Brendeheiknappen, så tok eg ein snur oppom i Nedre, og der var Harald og Reidun Fossedal heime. I tillegg møtte eg kjentfolk frå Dale. Eli Tømmerbakke og Bengt Hellebust. Eli har eg jo gått i klasse med på barne- og ungdomsskulen i 10 år. Så det vart jo eit veldig koseleg møte. På veg ned igjen tenkte eg på parallellen til då Gunnhild og Øystein budde her oppe - då fekk eg alltid gul saft av Gunnhild då eg gjekk forbi. Gjestmilde som ein alltid har vore i Fossedalen.  

I utgangspunktet stakk eg berre oppom i Nedre for å sjå på den nye transformatoren. Som kom opp no sist veke. Veldig bra at ein har fått på plass ny straumforsyning frå Vika. Dette etter at den gamle Skorva-linja nyleg vart teken vekk. 


Ny straum til Nedre Fossedal

Grøfta frå den nye kabelen skal såast i

Elles er det tørt og fint å gå på Brendeheiknappen no. Steinelva, som kan vere stri, var berre ei lita sitla. Myrane inntørka. Kjempeflott i lette sko og lite klede. Ei flott tid!   





Ingen kommentarer: