fredag 31. desember 2021

Godt nytt år

 

Med eit januar-bilete frå ruta frå Skorvemarka til Nipebu og Fossedalshengenipa ynskjer eg alle lesarar av bloggen 

Godt nytt år. 

Nokre minner frå 2021 finn du her:

mandag 27. desember 2021

Litt round about

Blåtimen på Yndestad


Stongfjorden frå Solsidevegen

Skålefjellet frå Solsidevegen

Solsidevegen

Staveneset

På Yndestad og ut fjorden

Stongfjorden i desemberlys

ds


Det har blitt litt turar på Solsidevegen i jula. Trasketurar og litt raskare turar. Også eit par turar på Staveneset. Rusling ved havgapet. Fellesnemnaren er fint og vinterleg desemberlys. Ovanfor er nokre eksempel eg har knipsa med mobilen. Eg avventar litt med å gå på fjelltoppane. Handleddet er framleis ikkje heilt ok...

tirsdag 21. desember 2021

Ved Solsnu og God jul

Framside: Fin tur i Liavika i sommar der deler av storfamilien var samla

Ved solsnu.

Det er ikkje til å kome vekk i frå at året 2021 har vore utfordrande. Den eine pandemien etter den andre... Og helsemessig tøft på andre måtar (dei som kjenner meg veit vel kva eg snakkar om). Ja, det er som det var sagt hin dagen - vi er komne i reparasjonsalderen - og det eine tek det andre...! Men når eg ser tilbake på bilda frå året som har gått, har det også vore mange flotte stunder. Konfirmasjon for Vegard i Leikanger og Sander i Førde. Og Marie og Øyvind som fekk seg ei jente (foto privat). Dessutan mange flotte turar. Turar som eg sikkert har blogga før. Eg sette likevel i hop ein liten samleserie som vist ovanfor. Ein slags årskavalkade om du vil. Nokolunde etter dato. Ein bildefilm som er lett å finne tilbake til. 

Stongfjorden 21/12

Når eg på nyåret er "på beina igjen" - 6 veker etter handleddsbrotet ved Kvamsnipa i Skorvemarka. og såleis det andre lengre avbreket frå fjella i år - så håpar eg å få lagt fleire bilder og historier på bloggen. Bloggen som er 15 år i romjula! Ikkje dårleg berre det. Så med dette ynskjer eg alle ei God Jul og eit retteleg Godt nytt år🎄🎅


søndag 12. desember 2021

Stongfjordens perle (eller dronninga om du vil)

 

Skålefjellet i Stongfjorden er ei magisk perle av eit fjell. Med sine 767 moh kneisar fjellet over bygda og fjorden. Stupbratt på nordsida. Kupert på sørsida mot Holmedal-traktene. Fjellet er lett å kjenne igjen frå fleire himmelretningar. 

No er det ein månads tid sidan eg fekk gå opp hit grunna eit handleddsbrot. (Blogg her). På ein regnfull søndag med snø og sludd i fjellet, kan det vere kjekt å nyte litt bilder frå tidlegare...

Skålefjellet 6/11. Foto teke mot Holmedals-traktene i sør. 
Fjellet består av lagdelt kvartsitt - ei eiga "øy" i fjella her....

ds


Eg skreiv i si tid litt om fjellet i Opptur-boka (side 429). Boka som beskriv turruter i Sogn og Fjordane. Mange har sikkert boka. Skålefjellet er eit flott turmål med fantastisk utsikt. Fjellet er også fjelltrimpost på Askvoll og Holmedal idrettslag (AHIL) sin fjelltrim for sesongen -22.   

fredag 10. desember 2021

Tolmod er ein dyd

Skålefjellet i dag tidleg

Det har blitt morgonturar langs Solsidevegem kvar morgon denne veka. Flott og opplett vèr. Men ein søraust ganske kald trekk. Snøen har minka og det er fint å gå inn over der i berre sko. Det vil seie - eg har brukt broddar for sikkerhets skuld sidan handleddet mitt ikkje er skikkeleg grodd endå. 14 dagar til no, og ny røntgen, så går det seg nok til. Eg får ha litt tolmod med toppturane endå... 

søndag 5. desember 2021

Det må til...

Adventstemning på Solsidevegen


Det var litt traurig å ta til på ruta over Solsidevegen igjen når eg var komen så godt i gang med fjelltoppane. Men må ein så må ein. Har no våga meg opp att i terrenget. Handleddet gror vel som det skal. Og vekene går... Snart er det solsnu og jul. Så då får eg tru det går rette vegen. Ikkje det - det er fin utsikt frå Solsidevegen òg. Sjølv i grått vèr.  

onsdag 1. desember 2021

Ikkje rare greiene

Oslandsvatnet i dag tidleg

Yndestad i går ettermiddag

Stongfjorden i går

Ikkje så rare greiene om dagen. Trasketurar til Osland og heim igjen. Vèret er no bra. Og handleddet mitt gror vel til igjen. Spørsmålet er kor tid eg kan ta sjansen på noko meir utfordrande enn å gå reine asfalt-turar... Vi får sjå det an. Elles er det no sjakk på tv-en. Og det er no kjekt...