mandag 29. mai 2023

Juni

Juni står for tur. Og i gråveret i dag kan vi like godt ta fram nokre godvèrsbilder frå denne månaden. Dei ligg på YouTube og i arkiv på bloggen min i lag med mykje anna. 

Framleis god pinse. 


søndag 28. mai 2023

Kulturvandring

Holmedal
ds. Bakkeneset til høgre
 

Original tur i dag. Kulturvandring i Holmedal med Olaug. Frå kyrkja og rundt Vårdal og Vårdalsneset. Og oppom "hit og dit"... Kjekk tur i Olaug sitt barndomslandskap. Då alt var så mykje større enn i dag...! Og minna strøymde på. Artig det korleis minna om storleik endrar seg med åra. Eg gløymer ikkje kor "lite" Bakkevatnet virka då eg kom tilbake hit etter "ein mannsalder"... Det var jo kjempestort i barndommen då vi ferierte på Boge. Elles imponerande kor flotte hytter og hus det ligg ute på Vårdalsneset. Velstelt og fint. Fin tur i det kalde pinsevèret. Eit godt alternativ til fjellet...😀 


mandag 22. mai 2023

TiTur Eldbjørgstien/Eina 220523

Dagens turgjeng - 
Connie, Velaug, Olaug og underteikna

FInt og flatt terreng ut til hytta

Flott utsikt ved grillhytta ved Eldbjørgstien/Eina

Koseleg grillhytte

Connie, Velaug og Olaug
Connie og Velaug


Flott og lett TiTur til Eldbjørgstien /Eina i kveld i lag med Olaug, Connie og Velaug (deler av fjellgeitene). Først ferja til Fure frå Askvoll og ut retning Grytøyra til Eina. Rimeleg flatt terreng ut til grillhytta på 20 moh på skogsveg, myrar og litt granskog. Flott utsikt spesielt vest- og nordover til Alden. Litt synd at skodda kom. Men jammen letta det opp litt igjen òg...

Elles var grillhytta reint koseleg (sjå foto). Fin tur dette for familiar med små ungar - eller eldre folk for den del...

Foto TiTur Eldbjørgstien/Eina 220523

lørdag 20. mai 2023

Då Stangfjord kom heim


Ole Alvsvåg

Representant for kulturminnevernet og Atle Vie 

Stangfjord ved heimehamna


Jarl Audun Rivedal og Jakob Øyren

Lasse Vie

Einar Ask (skipper)

Stangfjord ved heimehamna

Mykje folk var samla på kaia i Stongfjorden då M/S Stangfjord kom tøffande inn fjorden i 11-tida i dag. Til tonane frå Jakob Øyren og Jarl Audun Rivedal. 

Vi vart ønskte velkomen av Atle Vie, leiar i veteranbåtlaget. Fleire stod elles på talarstolen. Mellom anna Lasse Vie og Einar Ask. Begge sterke pådrivarar i arbeidet med å få M/S Stangfjord sjødyktig igjen. Sjå eiga Facebook side her. Også Ole Alvsvåg heldt tale om arbeidet med tilrettelegging av kai for båten i Stongfjorden. Representantar for kulturminnevernet var òg til stades. Sjølvsagt var alle jublande glade over at dette viktige kulturminnet for bygda var komen til heimehamn igjen. Så blir det spanande å sjå kva drift ein kan få til ut av båten. 

Vedlagt ligg bildeserie frå kaia. Også  frå serveringa ved gamle skulen/barnehagen. Elles ligg her link til førre gong Stangfjord var på besøk i bygda. Då utan eiga maskin. 

Video 200523

Foto/videoar Stangfjord kom heim 200523

Foto Stangfjord kom heim 140616

Frå kafè ved gamleskulen







fredag 19. mai 2023

Fjordkysten regional- og geopark inkl. Sunnfjord Geo Center

"Dåpen" av Fjordkysten regional- og geopark ved
Ole  Andrè Klausen, Gunn Mongstad, Per Arne Tveit og Stian Davies


Even Vie i Sunnfjord Geo Center

Torgeir Andersen

Einar Alsaker

Atle Nesje 

Ordførar Ole Andrè Klausen

Håvard Yndstad, Sølve Stang og Vilde Sævik

Stian Davies, leiar av kulturutvalet i Vestland Fylkeskommune

Ole  Andrè Klausen, Gunn Mongstad, Per Arne Tveit og Stian Davies

I dag var dagen komen for opning av Fjordkysten regional- og geoparksenter for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund (inkl deler av gamle Gaular kommune). Episenter i Askvoll er Stongfjorden. Omlag 100 var frammøtte i Grendahuset i Stongfjorden for presentasjonen. Den omfatta også Sunnfjord Geo Center som ein naturleg del av parken. Eit mannsterkt ekspertpanel var dessutan representert i formidlinga av korleis landskapet vårt er blitt til. Panelet besto av stongfjordingen Einar Alsaker, Atle Nesje og Torgeir Andersen. Og som vi veit har nemnde kommunar utruleg variert geologi. Noko som er tenkt bygt vidare på ved hjelp av parken. Både i turist- og næringssamanhang.

Presentasjonen var veldig interessant. Som geologien vi "trakkar i" til dagen... Noko av stoffet går vel over hovudet på den menige mann. Men det er i grunn ikkje alle detaljar ein treng å forstå for å få eit innblikk i det unike landskapet vi har rundt oss. 

På ettermiddagen var det offentleg opning av sjølve parken. Den føregjekk i den gamle skulen og utanfor. Her fekk vi framført musikkinnslag av Sølve Stang, Vilde Sævik og Håvard Yndestad.  Elles tale av ordførar Ole Andrè Klausen, Gunn Mongstad - Norske Parker og Stian Davies, leiar av kulturutvalet i Vestland Fylkeskommune. Det gamle klasserommet på skulen var tettpakka(!) med tilhøyrarar. Deretter vart to steinar "døypte" utanfor skulehuset. Som ei symbolsk handling for senteret. Dagen vart trygt losa gjennom av Per Arne Tveit. Som òg er ny styreleiar i fjordparken.  





 

tirsdag 16. mai 2023

Stadnamn og turstiar i Fossedalen

 

Foto frå Nonsholten på Heileberget

Foto frå Fossedalshengenipa

Foto frå Eitrenipa mot vest

Foto frå Eitrenipa mot nord

Eg fekk ei tilbakemelding om at det var kjekt og interessant med stadnamn i Fossedalen. Så eg fann fram igjen eit par, tre bilder eg har teke med nokre namn eg har sett inn. Bilda viser òg turstiar i området. 
(Bilda er i høg oppløysing og treng litt tid å laste).

søndag 14. mai 2023

TiTur Arsteinheia





Foto Arsteinheia 140523

Nydeleg tur til Arsteinheia i dag. Frå parkeringsplassen på Indre Åsnes og ein liten halvtime på skogsveg gjennom granskog. Deretter på god sti til toppen. Vi var 5 stykke som gjekk. Broder Sillan, Tone, Sissel, Olaug og meg. Elles traff vi fleire turgåarar. 

Turen har fantastisk utsikt til bygdelaga og kjende fjell på nordsida av Dalsfjorden. Og nydeleg havutsikt!

Veret var delvis skya. Litt vind på toppen. Då sola forsvann var det godt å ha med eit ekstra lag med klede. Elles var stien oppover fin og tørr. Heilt greitt med låge og lette sko. Herleg TiTur post dette. 😊

fredag 12. mai 2023

Merking

 

Arkiv: Over skoddelaget på Yndestadhøgeheia med sol over Atløy


Havskodde under Skylefjellet og øyane i Florø

For oss som tek eit tak med merking av stiar er det sjølvsagt kjærkome med litt ros for arbeidet. Som i dag der det låg tjukk havskodde på TiTur posten på Yndestadhøgeheia og "ein takka for ei flott merking"... 

Her ute på kysten sig skodda til tider veldig fort på. Så merkinga har ein klar visjon om at alle skal kunne ferdast trygt. (Mange turgåarar i TiTur segmentet nyttar seg nok heller ikkje av gps). Det er stressande å misse orienteringssansen over kvar ein er! Det kan vi vel alle skrive under på. 

Ei oppmoding går dessutan vidare om at alle som ser merkestikker som har ramla overende grunna vèr og dyr set desse opp igjen. Så gjer vi alle ein jobb for å ferdast trygt på postane. Eventuell manglande merking kan ein fortrinnsvis ta på PM med ansvarlege for TiTur. Og sjølvsagt late att grinder, meld frå om skadde dyr og føl oppgådde stiar. 

onsdag 10. mai 2023

Fantastiske over 100 år gamle bilete

Picnic at mountain farm
Bildet er teke av Paul Stang, Stongfjorden og ligg på Fylkesarkivet i Vestland. Det syner frå venstre Anton Stang, Bertel Gjerde, Kristen Yndestad, Marie Gjerde, Marie Høvik og Ferdinand Lundstrøm. Men dei to ståande stølsjentene frå Svortevik har ein ikkje namnet på.

Picnic at mountain farm
Her er eit bilete til frå same turen som ved det første biletet. Som vi ser er Søndre og Nordre Kringla lette å kjenne att. Som vi òg ser er sela på Svortevikstølen/Krokvasstølen sette i stand etter at desse bileta var tekne i 1910.

Foto: Bertil Gjerde, Kristen Yndestad, Ferdinand Lundstrøm, Paul Stang, Anton Stang, Maria Stang, Maria Gjerde

Desse bileta har vore lagde ut på Facebook sida til Fossedalen eit par gonger før. Kvar gong eg studerer dei i høg oppløysing er eg like undrande til kvaliteten på bileta. Dei er rett og slett heilt eineståande. 

(Klikk for å gjere bileta større)



Svortevikstølen i dag



søndag 7. mai 2023

TiTur Nykshytta inkl Dokka



Glitrande tur til TiTur Dalsfjorden posten på Nykshytta med Sillan og Tone. Deretter gjekk Olaug og eg på Dokka også. Strålande solskin frå skyfri himmel, vindstille og bra temperatur. Returen frå Dokka gjekk vi ned Grønene til Vikastølen. Vi måtte på ein heil del folk på runda i dag. Super tur!

Foto Nykshytta & Dokka 070523

torsdag 4. mai 2023

TiTur Fossedalen






Nydeleg morgontur til herlege Fossedalen i dag. Frå Otterstein og til TiTur posten ved vassenden på Fossedalsvatnet. Knall blå himmel, morgonsol og litt austatrekk. Heilt snøfritt. Og ganske tørt. Eg gjekk i låge sko og heldt meg tørr på føtene. 

Det var fin vassføring i elvane og fossane i dag. Praktfullt! Men folk såg eg ikkje. Mogeleg eg var litt tidleg ute...😄

Foto Nedre Fossedal & ELRAKI 040523

tirsdag 2. mai 2023

TiTur Askdalen


I dag gjekk eg Askdalen rundt der det er post for TiTur Dalsfjorden inst i dalen. Inn austsida og over til vestsida, der posten står, og ned att til sentrum. Fin runde dette på 5,4 kilometer  i lett terreng. Snøfritt, men noko vått mange plassar. Tur som høver for gamal og ung. Og ikkje minst for familiar der ein kan gje seg god tid. 

mandag 1. mai 2023

Fin TiTur-opning

Ved Litlevatnet

Yndestadhøgeheia (1)

 

Ved Svartevatnet

I dag var dagen komen for opning av TiTur Dalsfjorden 2023. Med ein del nysnø i høgda var det vel gjerne få som besøkte dei høgaste toppane. Sjølv gjekk eg på Yndestadhøgeheia her heime. Det låg vel ca 15 cm nysnø i bakkane oppover. Men det gjekk heilt fint å trakke seg veg oppover. Greitt å ha gamasjar på skoa for å halde snøen ute. 

Elles var det skya vèr og relativt vindstille. Litt solskinn inn i mellom. Flott opning av TiTur!

Gløtt av sol på toppen