fredag 19. mai 2023

Fjordkysten regional- og geopark inkl. Sunnfjord Geo Center

"Dåpen" av Fjordkysten regional- og geopark ved
Ole  Andrè Klausen, Gunn Mongstad, Per Arne Tveit og Stian Davies


Even Vie i Sunnfjord Geo Center

Torgeir Andersen

Einar Alsaker

Atle Nesje 

Ordførar Ole Andrè Klausen

Håvard Yndstad, Sølve Stang og Vilde Sævik

Stian Davies, leiar av kulturutvalet i Vestland Fylkeskommune

Ole  Andrè Klausen, Gunn Mongstad, Per Arne Tveit og Stian Davies

I dag var dagen komen for opning av Fjordkysten regional- og geoparksenter for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund (inkl deler av gamle Gaular kommune). Episenter i Askvoll er Stongfjorden. Omlag 100 var frammøtte i Grendahuset i Stongfjorden for presentasjonen. Den omfatta også Sunnfjord Geo Center som ein naturleg del av parken. Eit mannsterkt ekspertpanel var dessutan representert i formidlinga av korleis landskapet vårt er blitt til. Panelet besto av stongfjordingen Einar Alsaker, Atle Nesje og Torgeir Andersen. Og som vi veit har nemnde kommunar utruleg variert geologi. Noko som er tenkt bygt vidare på ved hjelp av parken. Både i turist- og næringssamanhang.

Presentasjonen var veldig interessant. Som geologien vi "trakkar i" til dagen... Noko av stoffet går vel over hovudet på den menige mann. Men det er i grunn ikkje alle detaljar ein treng å forstå for å få eit innblikk i det unike landskapet vi har rundt oss. 

På ettermiddagen var det offentleg opning av sjølve parken. Den føregjekk i den gamle skulen og utanfor. Her fekk vi framført musikkinnslag av Sølve Stang, Vilde Sævik og Håvard Yndestad.  Elles tale av ordførar Ole Andrè Klausen, Gunn Mongstad - Norske Parker og Stian Davies, leiar av kulturutvalet i Vestland Fylkeskommune. Det gamle klasserommet på skulen var tettpakka(!) med tilhøyrarar. Deretter vart to steinar "døypte" utanfor skulehuset. Som ei symbolsk handling for senteret. Dagen vart trygt losa gjennom av Per Arne Tveit. Som òg er ny styreleiar i fjordparken.  





 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for 2 fantastiske dagar i Stongfjorden med gode foredrag, kunstutstilling, Hønsehagen , sang,musikk og dans med mykje meir. Stolt av Stongfjorden og kva de de greier å vise fram av eigne krefter.Ester Alsaker Navrestad og Torstein Navrestad

Gustav Skaar sa...

Tusen takk til dykk for kjekke ord. Ja, stor honnør til alle som gjorde sitt til at denne festivalen vart ein stor suksess. For at så mykje folk tok vegen til vesle Stongfjorden hadde vel knapt nokon trudd på! Vi er vel mange som håpar på at det kan bli arrangert ein liknande festival neste år. Det gav jo meirsmak!