torsdag 31. mars 2016

Nydeleg vårtur

Toreheia 300316

Krikavatna - Toreheia mot høgre bakerst
Skålefjellet og Moldura


Mot øyane ved Florø

Ved Svartevatnet

Svartevatnet


Stongfjorden 300316
Min "vèn" Toreheia stod på programmet etter arbeid i går. I solskinet heimanfrå tutla eg meg så oppover den vanlege ruta mot Rinda, Krikavatna og opp. Stilt og fint med sola i vest. Snøen som låg var fast og fin. Frå bilda ser ein at det slett ikkje er så mykje igjen av det her oppe. Og med Stongfjorden i sør, havet i vest og Førdefjorden i nord reiser snøen veldig fort. 

Etter at eg nådde opp gjekk eg ned på nordsida med utsikt mot Stavestranda. Her låg det rimlegvis noko meir snø sidan her er mindre solinnstråling. Oppe på flata vestover stod berre steinen opp av dei minimale snømengdene (sjekk bilder). Deretter gjekk eg den vanlege ruta ned att på nordsida av Krikavatna og til Skylefjellet. Med kveldssola midt i mot. Utan vind. Fantastisk. 

Skylefjellet har hatt bra besøk i det siste. Kanskje ikkje så rart. Eit flott og lett fjell å gå på. I ope og flott terreng. Med god og merka sti frå Yndestad.  

onsdag 30. mars 2016

Nokre bilder frå påska



Påska er over
i år som i fjor
Kvar dag er gåver
i dag som i fjor
Lukka er lita
av og til stor
Best som du sover
vaker di mor

Tekst og foto
G.Skaar


Sjølv om påska vart både sur og kald, hadde eg mange trivelege stunder i lag med "mine". I det dårlege vèret vart det lite fjellturar. I tillegg jobba eg i år mellom palmehelga og påskehelga. Men med nye joggesko, fekk eg iallefall trimmen og lufta eg har behov for. 

Tor Ivar
Sander Nikolai og Andreas
Ovanfor er ein liten serie bilder frå i år. Diverre fekk eg ikkje teke bilder av Margunn, Tor-Ivar, Sander og Hanna då dei var her, så det får vi ta att til neste år. Tor-Ivar fekk i påska laga to nye karmar til stovevindauga våre som vi er særs nøgde med. Karmane var komne på plass medan eg jogga i Holevika og Olaug var på Høgeheia. Effektivt og flott! P.S. Eg er ingen spesiell handy man. Slikt er visst sagt har med interesse å gjere...:-) Godt då å ha flinke og praktiske svigersøner...! 

NB! Bilder som er sette inn er frå i fjor. 

Margunn
Sander

Rudi og Andreas




Hanna 10 år 2013
















søndag 27. mars 2016

Vanvittig blåst


Sola stakk gjennom i den voldsomme vinden

Elva bles opp att på fjellet...
Det bles i låglandet òg...








Fint å kome ned att til fjorden....!

For ein vind!! Nei, det er vanskeleg å beskrive. Slikt som ein må oppleve sjølv.... Men eg måtte iallefall krype fram til varden på Toreheia i dag. Før eg kom meg i skjul bakom. No låg boksen med boka på framsida så eg måtte fram igjen. Og då måtte eg halvveges liggjande nihalde meg i varden for ikkje å bli blåst avgarde. Nei, heilt ufarleg var det faktisk ikkje. Så mykje stein og hamrar som her er. Men eg fekk iallefall namnet i boka og lagt ho på plass igjen. Så krøkte eg meg i hop, og i ly av varden kom eg meg nedom hellinga på nordsida. 

Eg bestemte meg så for å gå aust til Hjartebuvatnet, og nokolunde i lèsida av vinden til Ytrevågefjellet og returnere til Osland. Det bles sjølvsagt noko vanvittig borte på toppen her òg. I tillegg til kanten ned att med sikt til Flokeneset/Vågane. Turen ned frå fjellet her i frå gjekk greitt. Likeeins spaserturen etter vegen heilt heim igjen. Ja, dette var ein skikkeleg luftetur 1.påskedag! For så hardt som det bles her oppe i dag er det jammen lenge sidan eg har opplevd. 

fredag 25. mars 2016

Ei bør for ingenting





Ja, noko påskevèr å snakke om var det ikkje på Toreheia og Yndestadhøgeheia i føremiddag. For det var både regn og snøslette på veg oppover. Og skodda gjorde det veldig kvitt oppe ved toppen. Godt då at her er bra merka. Noko snø er det ikkje å snakke om før ovanfor Krikavatna. Men her er det så mange rabbar og hamrar som er avblesne at noko godt skiføre er her ikkje. Derimot gjekk det heilt fint på berre føtene. Trugane eg bar med meg fekk eg ikkje bruk for. Heller ikkje var det vèr for å sette seg ned med maten og termosen eg hadde drege med meg. Sola såg eg ingenting til. Den skar litt gjennom skylaget ei stund etter at eg var komen heim igjen. Så det var no det... Bedre lukke neste gong!

onsdag 23. mars 2016

Snø er no snø


Det vart jobb på meg desse påskedagane mellom Palmehelga og Skjærtorsdag. Men i dag fekk eg dei nye Mizuno Wave Rider skoa mine av årets modell, og tok meg ein ny joggetur til Holevika (hadde same turen på søndag). Det gjorde jammen godt. Og skoa var heilt perfekt. God demping og god passform. Som dette merket brukar å vere på mine føter. 

Det er så utruleg kjekt å kunne nyte våren springande utover langs fjorden og til havet. Dra inn fersk gyllelukt, og svite at her faktisk finst bønder endå som driv jorda. Elles kjekt med masse folk i hyttene på Staveneset no til påske. Nei, det gjer seg å nyte våren. Snø er no snø....

søndag 20. mars 2016

Palmejam i Dale



 Dale Musikkorps hadde invitert til Palmejam i Dale i går kveld.  Det vart ei imponerande musikalsk førestilling for ei fullsett Dale Kro. Både hornmusikken og alle innslaga med forskjellige songarar var av høg kvalitet. Songarar var det mange av. Kvelden besto av to økter à 60 min med innlagd pause. Dansen eterpå kutta vi ut sidan det allereie var seint på kveld. 

Her "Blues Brothers" in action
(Leif-Arne Skaar & David Zadig)

lørdag 19. mars 2016

Osland-trim

Osland
(eldre foto)

Påska starta ikkje akkurat lovande når det gjeld vèret. Skodde i fjella og yr. Så fjelltur i dag følte eg ikkje akkurat behov for. I staden tok eg meg ein joggetur opp bakkane til Osland og heim igjen.

Litt vått vart det jo i joggeskoa. Men kva gjer vel det når ein kan halde oppe intensiteten, og det ikkje er langt heim igjen til dusjen. Så med musikk på øyret fekk eg meg ei god trimøkt likevel. 

Fjella ligg no der. Og godvèr blir det alltid ein annan dag. Sjølv om det i år blir jobb igjen på mandag, tirsdag og onsdag... 

Våren er her iallefall med gyllelukta. Og tulipanane spirer som berre det utanfor stoveglaset. Ikkje verst berre det...:-)


torsdag 17. mars 2016

Waterfalls Mountains in Askvoll




Joggetur i solnedgang (reprise)...



 Flott joggetur på Staveneset til
solnedgangen i går kveld. Skikkeleg vår i lufta!
Herleg!


lørdag 12. mars 2016

Friskt om øyra



Selfie på den heftige toppen i dag...

Utsikt mot Yndestadhøgeheia

Over fjorden....
d.s.


Kristtornen rundt omkring på Yndestad har mykje flotte bær for tida

Noko vind og føyke oppe ved Toreheia og vest igjen til Yndestadhøgeheia i dag tidleg. Men elles ein grei trimtur. Delvis med trugar og broddar. 

Eg gjekk den vanlege ruta om Rinda og Krikavatna (der isen framleis held) og opp. Deretter vest igjen over Yndestadhøgeheia. Her var det nesten fullstendig snaublese for all snø. Sjølve returen til fjorden gjekk via Selda. Frisk tur på 16 årsdagen til Peter!

Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 120316

torsdag 10. mars 2016

Salet av trugar har eksplodert...

Frå Mountains in Askvoll i dag


Som ein såg i Vestlandsrevyen i går har salet av trugar nærast eksplodert. Trugar er i dag noko heilt anna enn kva enkelte frå gamalt av kanskje førestiller seg.Trugar er no lette, smale og har gode jarn under for feste. Dei er smarte å gå med i skogsterreng, ved skiftande snøforhold, sit godt på is og er veldig bra når skaren ikkje held eller blotnar opp i vårsola. For mange som ikkje er så trygge på ski, er trugar eit godt alternativ for å kome seg ut i skog og mark og på fjellet vinter og vår. Og spesielt bra for eldre folk. Trugar er dessutan lette å bere med seg på sekken og lette å ta av og på. (Hugs også broddar i sekken)!
Underteikna har i mange år hatt mykje glede av trugar! Den einaste ulempa er at du kjem deg seinare ned igjen frå fjellet enn med ski. Men du kjem deg lettare heil heim att. Og i tillegg kan du nyte naturen eller ta bilder på heimtur òg. Trugar er dessutan ei særs god form for trim.


Vedlagde bilde er frå dalsøkket mellom Stordalsfjellet og Portafjellet øvst oppe i Stordalen. Fjellet i bakgrunnen er Heileberget, der vi ser Driveknolten, Nonsholten og Fløyen i typiske påskeforhold her ute ved kysten.




tirsdag 8. mars 2016

Joggetur i solnedgang

Ein ny dimensjon (1) av solnedgang 
Eg har egentleg fobi mot krafttlinjer,
men her var det faktisk ein viss dimensjon (2) over dei...




Det var ein nydeleg ettermiddag å kome heim til i dag. Med sola skinande inn fjorden og tørr asfalt, var eg ikkje sein om å knyte på meg joggeskoa. Så bar det vestover mot sola. I godt driv. Fantastisk. Nydeleg å runde ute på Staveneset i solnedgangen. 


Joggetur i solnedgang


I fjæra ved helleristingane
I dag stakk eg nedom helleristangane, der eit kvalkadavar hadde stranda i fjæra tidlegare i vinter. Som reine lottogevinsten for svoltne ørnar, ramn og kråke. Beingrinda spegla seg i det låge sollyset, og gav solnedgangen ein ny dimensjon. No trur eg neppe det var det som gjorde at det brått vart isande kaldt der i vinden. Lettkledd som eg var. Så for å halde varmn sprang eg til palings inn att. Men jammen var det godt at Olaug henta meg på Underset.... Nokon vår-temperatur er det visst ikkje heilt endå...


søndag 6. mars 2016

På leit etter våren...

Fint i havet før vi drog

På med broddar
Selfie-time


I Lia

Liavika

Ved Vågen
I dag vart eg med fruen på Høgeheia på Stavenesodden. Det er trimpost der i år. Postar som eg egentleg er slutta å gå på, men tek med ein og annan ved høve. I den samanheng kunne eg fortelje fruen at sist det var post her oppe, var eg opp 110 gonger. I tillegg til dei andre postane. Var nok litt manisk i den perioden....:-) No går eg meir der eg vil når eg vil.... 

Men først køyrde vi kvar vår bil til Vågen i Grimelia. For eg ville gå over heia til Lia og Liavika. Og deretter sjøkanten til Vågen. 

Forholda i dag var greie. Bart nede ved havet. Men snø i høgda. Delvis frose på etter minusgrader i natt. Det er alltid fint å ha med broddar. Ein går sikrare då. Samtidig spenner ein ikkje musklane så mykje i føtene, og sparer med det energi. 

Oppe ved toppen traff vi Gisle S. på ei tidleg morgonrunde. Vi slo av nokre ord med han. Olaug tok raskt vegen ned igjen då det var ein ganske så sur vind på toppen. Sola såg vi ingenting til. 

Austover heia låg det ein del snø. Eg hadde teke med meg trugane, men fann det unødvendig å ta dei på sidan snøen delvis bar. Men ned i Lia låg det meir sigesnø. Eg beit dette likevel i meg, og gjekk ned dit i sigesnø til opp på leggane... Her nede var mesteparten av snøen vekke. I husveggen tok eg meg noko varm saft og ei banan, og gjekk deretter til Liavika. Aust att til Vågen langs den vanlege stien. 

Kjempeflott tur.  Som planlagt nådde eg heim att til skiskytinga begynte.