tirsdag 1. mars 2016

Utsikt frå Stordalsfjellet

1.mars og første vårmånaden i dag, og vi er tilbake på Stordalsfjellet i Kvammen med den flotte utsikta til fjella i aust.

Vi ser den ovale og bratte framsida på Eitrenipa t.v. med skara opp frå Leknesvatna i nord og Eitreskaret/Botnatjerna i sør. Dei møtest i det kvite partiet midt på fjellet under toppen. Det er rimeleg bratt her og kan vere frose på (hugs broddar)!

Bak Eitrenipa ser vi den kjende konturen av Blegja. Oppstigninga frå vest er opp dalen mot venstre over den spisse toppkanten. Her kan de òg vere frose på til langt ut på våren. Når det brånar snø, er det fint å gå ned ryggen mot høgre og ta skåra/ura vidare ned på sørsida. Her i frå kan du gå vidare mot Gaularsida (Kvanndalen) i sør, eller halde fram over Synste Stauren (kvite spissen) og over Blåegga til Eitrenipa i vest.

Midt i bildet heilt bak ser vi første Heilevangstauren og Storehesten. Løypa frå Berge i Bygstad til Blegja kjem opp over den snøfylte kanten t.h.(Marifjellet) og held fram mot vest over staurane. 

Mot høgre i midten ligg Nordre og Søndre Kringla, og heilt i kanten Laukelandshesten. Løypa frå Eitrenipa til Kringlene går over det flate partiet i midten. Når du kjem frå Fossedalen går ein opp skaret mellom fjella. Her kan du returnere om du kjem frå Eitrenipa, og gå nordatt langs Krokavatnet til Førdefjordsida, eller til Dalsfjorden i sør.

Fossedalshengenipa ligg framfor Nordre Kringla med si kjende oppstigning opp ryggen frå nordaust. Anten du kjem frå Fossedalstraktene eller Skjerlia.

Fremst i bildet ligg så deler av den flate Markahengenipa i venstre kant. T.h for den, ryggen på Høgknolten der DNT-ruta frå Førdefjordsida til Nipebu kjem opp. Vi ser austkanten av Langevatnet nede i høgre bildekant, men sjølve hytta ligg ut om bildet. 

Frå gamalt av høyrde ein heil del av dette området til Fjaler, men vart omregulert til Askvoll 1. januar 1990. For mange askvollingar er truleg nokre av fjella relativt ukjende.


Som nemnt er bildet teke frå Stordalsfjellet. Fjellet har lett tilgjenge gjennom Stordalen frå Skjerlia. Frå Osland over Indrevågefjellet, sør om Middagsnipa og over Norddalen eller frå Oslandsbotnen gjennom Porten og opp skaret sør om Portafjellet.

Ingen kommentarer: