fredag 31. januar 2020

Ein liten pause...

Heime 29/1 kl 16.33

Litt kroppsleg herk, dårleg vèr og ein tur til Bergen i helga i høve namnedag til vesle Solveig (barnebarn til Olaug), krev ein aldri så liten fjellpause. Så då blir det ikkje spamming/blogging av fjellturar på nokre dagar. Kva som skjer neste veke får helsa, vèr og vind avgjere. Ynskjer iallefall alle ei god helg!  


onsdag 29. januar 2020

Grå vinter

Grimelia med Toreheia t.h.

Nordgåande ekspress frå Bergen

 Sidan eg var litt sliten i kroppen i dag vart det "berre" ein morgontur på Høgeheia (alt er jo relativt her i livet)... Men det er jo ikkje allverda langt opp hit. Vèret gav meg ikkje lysta på noko særleg viderverdigheite heller. For etter eit lyspunkt i går, var det tilbake til grått i grått i dag. Om enn opplett. 

Etter at temperaturen har sokke, var det i dag litt is oppe ved toppen. Ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt å trakke utom. Så det er ingen problem for "kven som helst" å ta seg opp hit. Utsikta er som før nemnt mange gonger veldig flott. Sjølv utan sol og solnedgangar. Sist i januar. 

Takk forresten for ein liten prat med Harald og Ingeborg G. som eg møtte i Holevika då eg kom ned igjen. Dei på veg opp. Ja, Høgeheia er eit flott turmål - også vinterstid - om ein skal kalla januar i år for vinter...



tirsdag 28. januar 2020

Ei mager vintersol

On top

Soloppgang i Rivedal 

Flekkefjorden og Rivedalskletten frå Smørskornova

Klassisk utsikt mot aust
Ved demma i Rivedal


I dag gjekk turen til Rivedal. For etter å ha tenkt litt heime på turmål, fann eg ut at det var lenge sidan eg hadde gått opp skaret på austsida av Smørskornova. Det er vel ytterst få som går her (om nokon). Men sjølv synest eg dette er ei rask rute til topps. Nokon sti er her ikkje. Så ein lyt berre gå på retning opp dei to skara. (Eg gjekk ganske mykje opp her på fjelltrimmen for nokre år sidan). 


Smørskornova sett frå sør.
Ruta går opp skaret midt i bildet og vidare opp til venstre over midterste hammaren og så opp skaret mot toppen på venstre/vest sida.
(Teikna lett på frihand...)

Med nokre grader kaldare i lufta enn dei siste dagane, og med austrekk i tillegg, var det relativt kjølig her oppe i dag. Godt eg hadde teke med meg gode byteklede! Her var òg kome litt nysnø på toppen. Men det var ikkje spesielt glatt oppe i skara. (Sjølvsagt må ein trakke utom is og issvullar).

Returen tok eg vest om fjellet, over Rivedalsstølane, og kom ned att på demma og parkeringsplassen der bilen stod. Fin morgontrim! Og takk for ei "mager vintersol"...


mandag 27. januar 2020

Mellom to byger

Holmedal 27/1

Panorama Dalsfjorden

Var ein morgontur til Holmedal i dag, og ein rask tur oppom Bakkefjellet. Nærast inn mellom to byger. For det var faktisk både opplett og nesten vindstille i dag. Litt nysnø på toppen. 

Elles var det ingen andre å sjå. Men her hadde vore folk oppom fjelltrimposten i går. 

Det er alltid like kjekt å sjå Dalsfjorden og bygdelaga ikring. Rett nok låg både Dale og Flekkefjorden i eit lag med skodde i dag, 


søndag 26. januar 2020

Vått i vått

Panorama med mobil ved Mangevatna

Det er godt merka til Toreheia.
Her ved Krikavatnet. Toppen bak til høgre.

Toreheia i dag
I dag gjekk turen opp igjen på Toreheia og Skylefjellet. Nokre dagar sidan sist. No er det snøfritt heilt til topps! I slutten av januar. Snøen kjem og går fort her oppe, men at han er heilt vekke på toppen er litt spesielt.

Her er vèrhardt. Mildt sagt. Det kom nokre kraftige kast i dag òg. Og på Skylefjellet hadde boltane på stammen til skiltet brotna tvers av. Så her må det på plass nye og større boltar.  

Elles vått i vått. Elvar, myr, søle og mold. Gamasjar er eit must. Men jammen gjer det godt å kjenne på vèr og vind. Om aldri så vått! 


Reinlav i framgrunnen.
Alden, Høgeheia, Stavenesodden, Blåfjellet, Skylefjellet, Mangevatna og Krikavatnet
Frå nedstigninga på Toreheia i nordvest.



fredag 24. januar 2020

Inn mellom bygene

Høgeheia i dag 

Holevika
Fin trimtur på Høgeheia igjen i dag tidleg. Fint tilpassa Super G i Kitzbuhel på TV`en. Noko som viste seg heilt perfekt. Dobbelt norsk og greier. Fint å få med seg på direkten. Og vèret på fjellet stod i stil. Kun ei mindre snøbyge på veg ned igjen. Og relativt roleg vind. Ja sola dukka til og med opp nokre minuttar på toppen. Kjekt. Og dagens nye regjering? Den får no leve sitt eige liv - gjer neppe noko særleg til eller i frå spør du meg... 😉


onsdag 22. januar 2020

Soloppgang i Holmedal

Soloppgang i Holmedal

Dagens selfie på Dokka
Berre eg ser Dalsfjorden


Nysnø over fjella i aust.
Framme frå venstre - Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet
Bak frå venstre m.a. - Eitrenipa, Blegja, N&S Kringla, Storehesten og Heileberget


Flott morgontur opp ranen på Dokka i dag tidleg. Og som tenkt - soloppgang på veg oppover! Fantastisk! Endeleg litt sol igjen. Men som i går var eg litt uheldig på sjølve toppen - då dreiv det sjølvsagt ned ei snøbyge frå nord. Så Askvoll forsvann i drevet... (sjå foto). 

Elles er det vel gjerne rett å påpeike at å gå opp ranen i januar ikkje er nett det same som sommarsdagen. Mot toppen er det bratt. Og litt nysnø kombinert med eit tynt lag med is på berga kravde ein viss porsjon omhu kvar ein kunne sette føtene! På toppen på veg ned igjen på nordsida retning Nyksvatnet, var det òg ein god del is. Her presterte eg å falle på ræv i ein islagd bakke og sigla fleire meter.  Heldigvis klarte eg å stoppe opp framfor nokre kvasse steinar som stakk opp i slutten av bakken... Så ja, fjellet er aldri heilt ufarleg. Og bestemt ikkje på denne tid av året. 

Eg gjekk som sagt ned igjen via Nyksvatnet og Vikastølen. Her traff eg forresten Ragnar Bull på veg oppover. Vi slo av ein liten prat der i bakken. Hyggeleg. 


tirsdag 21. januar 2020

Temmeleg tøft

Dagens usminka selfie 

Moldura 

"Nytt" landskapselement i Stongfjorden... Stongsfossen t.h.
(det renn over på demma).

Størdalsstauren i dag

Tilbakesyn mot Moldura frå Størdalsstauren
No har det letta opp der oppe...!

Skålefjellet før avgang i dag tidleg



Det var ikkje berre berre på Moldura i dag. På veg oppover fekk eg på meg ei lengre snø- og haglebyge kombinert med vind som svei både her og der. Nokre minuttar var eg inne på tanken om å snu og ta direkte ut på Størdalsstauren. For i sekken hadde eg med meg nokre merkepinnar for å sette opp nede i ura. 

No kara eg meg likevel til topps - er jo litt tilfredsstillande det då må eg innrømme - men nokon verandes stad var ikkje Moldura i dag. Kaldt, surt og snødrev. Og nesten ikkje sikt. Eg venta faktisk med å kle på meg tørre og varme klede til eg kom meg ned i skjul heilt øvst i Størdalen. Derifrå og ut på stauren var det heilt piano. For då letta det (sjølvsagt) opp. Men som han sa fyren "some you win and some you lose" - neste gong er det sikkert omvendt. Eller kanskje ikkje - vèret er vrangt for tida. Eg ser somme brukar uttrykket "møkandes leie". Vel, vel det nyttar neppe verken med google eller hinmannen når det gjeld å få gjort noko med vèret... Vi får ta det som det er. Ha gode klede tilgjengeleg og komme seg ut. 

søndag 19. januar 2020

Nipebu i vinterlys

Nipebu i dag

Eitrenipa, N&S Kringla
Under Fossedalshengenipa


ds
Eitrenipa, Blegja, N&S Kringla og Laukelandshesten

Langevatnet ligg spegel blankt

Sola kik fram over Heileberget
Langevatnet


Dagens selfie
Glatt ovanfor Krokavatnet


Morgonsol over Fløyen og Heileberget

I dag gjekk eg meg ein nydeleg tur på Nipebu frå Markavatnet. Delvis frose på oppover. Og spesielt ovanfor Krokavatnet var det litt glatt på berga (sjå foto). Elles var det litt tungt opp under Fossedalshengenipa då skaren ikkje heldt. Likeeins ned på sørsida mot Langevatnet og ut til Nipebu. Men ikkje verre enn at det gjekk heilt fint etter eit par pust i bakken. 

Både Krokavatnet og Langevatnet var heilt isfrie og blanke i den stille morgonen. Landskapet og fjella spegla seg perfekt i den stille yta. På høgda under Fossedalshengenipa keik så sola fram over Heileberget og Fløyen i sør. Nydeleg! Og som tenkt! For vèrmeldingane var slik at det skulle vere relativt fint på morgonen og så skye til. 



Eg var ikkje så lenge på sjølve hytta. Skreiv meg inn i hytteboka og åt meg noko lite. Så gjekk turen inn att same vegen. Og heime igjen relativt tidleg på dag...😃 

lørdag 18. januar 2020

Dørstokkmila





Etter ein lengre trilletur i dag tidleg med Solveig, 10 mnd, rakk eg ein tur oppom Størdalsstauren. Så var det gebursdagfeiring av Håkon, 3 år. Solveig og Håkon er barnebarn av Olaug. 

Det var solide regnbyger på trilleturen. Men faktisk opplett opp på stauren. Ok, vått og skite då. Tung myr deler av stien oppover. Men god trim iallefall. Cluet er i grunn å kle seg og komme seg ut. Altså soga om den berømte dørstokkmila. I desse dagar nyttar det lite å sitte inne og vente på sola...


fredag 17. januar 2020

Ei kjensle av vår...



Eg var ein rask tur på Bakkefjellet i dag tidleg før helgebesøket i frå Bergen kom fram til oss. Mildt, vind, men opplett. Nesten ei kjensle av vår i lufta. Seinare på dag på trilletur i Stongfjorden rundt, fekk eg endå meir vårfornemming. 9 varmegrader og fønvind.  Vel, som nemnt i går - det er sikkert for tidleg å ta vår i sin munn. Flott er det iallefall. Om sola aldri så mykje glimrar med sitt fråver. 




torsdag 16. januar 2020

Rette vegen



Jammen var det friskt på Høgeheia i dag - òg...! Så slik går visst januar i år. Det fine vintervèret lèt iallefall vente på seg - om det i heile teke kjem i år. 

Vel, vel sola stig på himmelen for kvar dag. Utan at vi ser det. Og sjølv om det er for tidleg å tenkje på vår, går det no rette vegen... Og som tidlegare nemnt - Rhodos-turen er no i boks. Så sol skal det bli!

tirsdag 14. januar 2020

Heftig i Fossedalen

Utsikt frå Brendeheiknappen 14/1-20

Søndre Kringla frå Brendeheiknappen

Fløyen og Nedre Fossedal

Nedre Fossedal 14/1-20

Fossedalsfossen i all si prakt i dag
  
Fossevikja i ruskevèr


I skitvèret i dag køyrde eg til Dale og gjekk ruta frå Otterstein til Brendeheiknappen. Eg ville sjå litt på merkinga som går opp hit. Ruta er forøvrig merka vidare til Massbu (det står skilt ved ELRAKI-hytta merka Massbu). Brendeheiknappen er som tidlegare nemnt ein av postane på TiTur Dalsfjorden til våren. På returen gjekk eg utom Nedre Fossedal. 

Ei god haglebyge i Nedre Fossedal i dag

I dag kan eg vel skrive at Fossedalen bar sitt namn med rette. Det var vått. Veldig vått. Spesielt opp og austover til Brendeheiknappen. Elvar i alle størrelsar. Overalt. Og som eg skreiv i eit blogginnlegg 30.desember  - passasjen over Steinelva bør sikrast. I dag måtte ein ha god steglengde, balanse og vasstette sko for å kome seg tørrskodd over. Og når det til våren kjem folk opp hit med ulike forutsetningar for å passere strie elvar, ja så bør dette fiksast. (Ruta er som sagt T-merka...)
 



Elles er stien bra synbar. Vardane står. Men litt remerking av T-ar må til etter slitasje av vèr og vind. Når ein gong vèret lettar. For som sagt - i dag var det ganske ruskut - kuling og haglebyger - og eit par tordenskrall. Med litt opplett inn i mellom. Uansett - det er ein flott tur på Brendeheiknappen. Turfolk har ein nydeleg turpost å sjå fram til på TiTur Dalsfjorden til våren.