| Nokre striper sol rundt Lihesten (mobilfoto) |
| Blåfjellet i dag - forblåst og grått! |
Etter ei opprydding i kjellaren vart det eit besøk hjå gjenbruksstasjonen på Olsetvikane i dag. Der opnar ein klokka 12. Og for tredje gong har det såleis passa godt med ein tur på Blåfjellet først. Fint å kombinere fleire ærend når ein først køyrer nedover.
På Blåfjellet møter eg alltid einkvan. I dag reine pensjonistmøta. For Gunnar A. møtte eg oppe på toppen. I stiv kuling. Han på veg ned og eg nesten oppe. Vi hauka litt til kvarandre i kulingkasta, men som eg sa til han etter eit lite bèl "her er ikkje verandes for folk"... Så opp på toppen - namnet i boka - og eit par knips med mobilen - for som sagt...😊
Nede ved skoggrensa i lunare lende traff eg så på Ingvar S. på veg oppover. Vi fekk oss ein liten prat i lag. Om pensjonisttilvære og anna. Han fekk mint meg på den flotte turen vi hadde på Blegja frå Fossedalen i 2009 i regi av turlaget. Agnar og eg som turleiarar. Den turen vil eg nesten kalle for ein klassikar. Fotoalbum her. Fleire av turdeltakarane hadde aldri vore der før.
| Asbjørn Igelkjøn, Norleif Erdal og Ingvar Solheim på Blegja i 2009 |
Ja, tida går. Og minnene er viktige å ta vare på. Og ikkje minst viktig er det å halde seg i form for å oppleve fleire. Som friske pensjonistar har vi rikeleg tid til det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar