mandag 29. september 2014

Flott helg i Bergen

Det vart ingen fjelltur på meg i helga. Derimot hadde vi oss ei sosial og veldig kjekk helg i Bergen på familiebesøk hjå Kirsten (søster til Olaug) og Arnt. I tillegg kom Marie og Torbjørn ein tur til Åsane. Ikea og sportsforretningar vart deretter turmål lørdagen, medan toppturen gjekk til Den Nationale Scene der Hellemyrsfolket vart vist. Stykket var over all forventning. Imponerande. Så får vi sjå kva andre turar som lurer framover. Heilt på latsida har eg ikkje tenkt å liggje....

fredag 26. september 2014

Heileberget 2014



Eg ser Heileberget og Fløyen (761) (toppen) framleis er ein populær topp å gå på. Spesielt no etter at Dalsfjordbrua kom, og det vart tilrettelagt med Kystarvsti. Eg sette difor i hop ein ny serie bilder her i frå i går kveld. Ein god del av bilda er i frå i år. Og vektlagt området vestover fjellet mot Rivedal der vi m.a. finn toppane Driveknolten (727) og Nonsholten (752). Toppar som er vel verdt å ta med seg på ein rundtur frå Rivedal innover Heileberget, eller omvendt frå Dale til Rivedal.  

Sidan det blir Bergens-tur i helga med "Hellemyrsfolket" på Den Nationale Scene, blir det ikkje nokon fjelltur på meg før på søndag. God helg !


onsdag 24. september 2014

Det kveldast..


Etter å ha slokna på sofaen etter middag, og ei skikkeleg regnbyge ute, vakna eg ein halvtime seinare til solskin. Omtåka var det berre å kome seg ein tur ut før det vart mørkt. Så eg sprang meg ein god og våt tur i joggesko på Skylefjellet. Nydeleg !



tirsdag 23. september 2014

Neset og bygda



Eg var ein tur bort på Neset i Stongfjorden i går då sola gjekk ned. Utruleg flott då sola stakk fram frå skyene før ho gjekk ned. Landskapet var som farga i gull av haustfargane. 
Ovanfor er eitt av bilda, og eitt frå bygda då eg køyrde heim igjen.


søndag 21. september 2014

Fjellagarden






I dag var dagen komen då Peter vart presentert som konfirmant. Dette var i kyrkja i Kvammen kl 11. I alt er det 10 konfirmantar frå nordsida i kommunen i år. Ei fin samling. 

Einar Y. var ned til fårikål middag ei stund etterpå. Marie var i tillegg heime frå studiar i Bergen, så då fekk vi oss ei kjekk middagsstund etter gudstenesta.

Etter at eg så hadde slappa av ei stund, gjorde eg ein vri på trimturen. Eg gjekk opp til Rinda som vanleg, men i den friske nordavinden sprang eg vidare vestover fjellet til Fjellagarden. Vèret var veldig skiftande med solskin, skyer og ein liten regnskur. 

Det er faktisk ei god stund sidan eg har vore her ute. Frå vegen i Eidsfjorden har eg sett at garden har kome mykje tydlegare fram etter at det har blitt rydda granskog her oppe. Frå garden er det ei fantastisk utsikt sørover og vestover. Utsikta har no kome mykje betre til sin rett. Gledeleg var det å sjå at det var komne nye vindauge på plass i heile huset. Som vi veit forfell mange liknande gardar i haugevis om dagen. Dessto kjekkare er det då å sjå at enkelte slike veglause gardar blir vedlikeheldne. Som her og i Fossedalen. Det varmar hjartet til ein vandrar.... 

Heim igjen tok eg vegen opp i lendet att slik at eg kom opp i vestre enden av Svartevatnet. Så springmarsj den vanlege ruta heim igjen. Friskt, fint og ein god liten trimtur var kjekt å ta med seg heim til kvelds...!

lørdag 20. september 2014

Grisetidleg, grisevèr og svinaktig vått....

Klar for avgang Skålefjellet i
bakgrunnen
Det fløymde bra opp i dag...
Ja, då er refleksstengene til vinter- og mørkevandring på Skålefjellet komne på plass. Eg gjekk grisetidleg i grisevèret i dag. Og ja, det vart svinaktig vått. 



Elles gjekk det heilt etter planen. Sjølvsagt vart det litt drags og baksing oppover, men eg fekk festa stengene bra på sekken. Dei står no over hammaren ved første elva (bildet). 


Stengene er elles godt feste, og skal vise godt igjen sjølv om det kjem ein del snø. Som før er det viktig å få stengene i jorda før tèlen kjem....Det skal vere sikt til kvar enkelt stang med ei nokolunde bra hovudlykt. Så her er det berre å trø til for den som vil prøve seg på ei lita utfordring. Det er veldig kjekt å gå i fjellet om vinteren med hovudlykt. Ei heilt anna oppleving enn sommarsdagen....
Nøgd på toppen


Lite sikt i høgda i dag

fredag 19. september 2014

Merking

Skålefjellet og Neset frå altanen i går kveld

Refleksstengene eg brukte på Toreheia i mørketida i fjor, er komne heim frå opplaget ved Svartevatnet. Eg tok turen oppom der i kveld. Stengene tok eg ikkje heim igjen i vår, då eg var litt usikker på om eg ville bruke dei på Skylefjellet denne vinteren (det ligg i same området). Men eg er komen til at eg vil bruke dei på Skålefjellet i staden. Det er jo ei litt tøffare utfordring enn førstnemnde. Første gongen eg gjorde meg bruk av slikt til fjellvandring om vinterkveldane var forresten på Skylefjellet for 7 år sidan. Artig å lese bloggen frå den tid...:-)

Vèret skiftar veldig fort om vinteren. Spesielt her ute ved havet. Det er difor greitt å ha litt ekstra sikring når ein bevegar seg opp i fjellet etter at det er mørkt. Spesielt opp ved toppane. Kanskje får eg gjort dette i morgon. Eg får sjå...



  




onsdag 17. september 2014

September-glede 3






Etter å ha vore i gravferd i Dale i dag, tok eg ovannemnde tur i det fantastiske haustvèret. Varmt, stilt og solskin. Til fjells i fleire timar i bar overkropp i september. Ja, det er nesten vanskeleg å ordlegge...

Eg tok føre meg mykje av nordsida mot Stavfjorden i dag for å sjå etter sauer som går att. Må jo innrømme at eg skjønar dei godt som ikkje vil heim igjen. Fjellet er jo fantastisk på denne tid. I dag kom eg over to vaksne og fire lam. Eigaren har fått beskjed. Åleine i fjellet vil eg ikkje sanke. Å jage opp sauene slik har ikkje noko føre seg. No var desse sauene av det særs rolege slaget då, men likevel.   

På veg heim igjen ved Rinda traff eg forresten 3 vakre damer. Den eine deler eg visst hus med. Dei skulle på trimposten på Blåfjellet. Her er det følgjet:


Heime på Yndestad igjen...




mandag 15. september 2014

September-glede 2










Nydeleg kveldstur på Skylefjellet i kveld. Fantastiske haustfargar når sola no står skrått inn frå vest. Mangevatna låg dammande stille med flotte speglingar av landskapet. Det er så utruleg flott i fjellet på denne tid. 

Eg hadde med meg kikkert i kveld for å sjå etter sauer som går att oppe. Slik som i går. Men på denne sida av Ytrevågefjellet kan eg med sikkerheit seie at det ikkje går att nokon. 

søndag 14. september 2014

September-glede

Krikavatna ligg som før, men fargane endrar seg....
 

Fjellturen i dag vart heller ikkje heilt som planlagt. Før det første låg skodda langt ned i fjella til langt på føremiddagen. Og for det andre hadde vi tre småtroll på overnattingsbesøk. Eg skrinnla difor turen på sørsida i Moldura traktene, og kosa heller med ungane ute. 

Skodda forsvann som dogg for sol då ungane vart avhenta rundt lunsjtider. Eg vart då med Olaug oppover på fjellet her heime. Ho på Blåfjellet, medan eg besøkte min gode venn - riktig - Toreheia. På oppfordring om å sjå etter sauer på denne sida av fjorden òg. 

Kvinnfolk skal visst alltid vere tilgjengelege...


Våre vegar skiljest...

Men det som egentleg låg i botnen av alt, var ein viss fotballkamp i England med kick-off kl 14.15. Som kanskje enkelte veit er eg ihuga Derby County fan. Kampen måtte eg sjølvsagt få med meg. Derby har forøvrig oppnamn the Rams. Det passar jo godt i desse sanketider. 

Eg fekk meg uansett ein knallflott tur opp der. I berre shortsen. Midt i september. 

Seinare på dag inntok vi like godt middagen, eplekake og is ute på altanen i det flotte og varme vèret. Då var vi atter ein heil bande samle inkl småtrolla....:-) Nydeleg søndag!

lørdag 13. september 2014

Ikkje heilt som planlagt...

Fint ved Botnastølsvatnet

På Skålefjellet i skodda


Fin men farleg...
Tett i tett...


Turen i dag gjekk vel ikkje heilt som planlagt. Eg starta tidleg frå Oslandsbotnen. I 07.30 tida. Gjekk så opp Brekka og inn nordsida av Botnastølsvatnet til hytta på bildet ovanfor. Deretter opp lia til Svartetjørna, der eg tok nokre kast med fiskestonga. Gjennomsveitt som eg var, vart det fort kaldt i trekken. I tillegg dreiv det stadig meir skodde ned frå fjellet. 

Eg fekk på meg noko meir klede. Deretter heldt eg fram opp fjellet, kryssa litt fram og tilbake frå Nipane og sørover til Holmedalssida, utan å høyre sauebjøller. Her oppe var skodda så tjukk at eg snart ikkje såg nokon ting. Likevel bestemte eg meg for å finne toppen på Skålefjellet, då eg tenkte at det var lettare å ta seg ned igjen etter merkinga mi til Gjerdedalen. Eg fann toppen ved å følgje stupa som går beint ut for på nordsida mot Stongstølen. Lite sikt og kald vind gjorde til at eg fann ut det var best å trekke ned igjen. Det var liten vits i å gå sørover til Svarthamrane og fortsetje turen den vegen. 

Så slik gjekk det i dag. Eg fekk iallefall sondert ut terrenget mot Botnastøls- og Svelikanten. Her gjekk det iallefall sauer. Men på veg ned igjen i skoddeheimen høyrde eg to bjøller i Svarthamrane/Skålefjellsvatntraktene. Å gå etter desse ut i skoddeheimen var liten vits i. 

Sjølvsagt vart vèret betre seinare på dag. Nede i bygda igjen såg eg faktisk nesten toppen på Skålefjellet. Men men eg får ta turen opp att i morgon. Vèrmeldingane ser visst betre ut då...!

fredag 12. september 2014

Sauesanking 2

Foto Stavenesodden hausten 2013

Det blir ei ny runde med sauesanking i Stongfjorden- /Holmedalsfjella i morgon. Eg satsar på å gå frå Botnastølen/Skålefjellet/Svarthamrane/Siklabergvatna/Fanafjellet/Størdalsstauren og ned igjen på Neset for å sjå kva som går att i dette området. Eg høyrde nemleg bjøller i lia vest om Botnastølsvatnet sist eg var på Skålefjellet. Sauer har eg òg sett på sistnemnde gongen før. Så då får eg meg ei bra runde etter ei stille veke. Foto og ref i morgon...

mandag 8. september 2014

Nye spor...


Gårsdagen gjekk med til å feire barnedåpen til åttande barnebarnet mitt

LIVE

Ei kjekk familiestund med dei næraste.

Det vart såleis ingen søndagstur på meg denne helga !

lørdag 6. september 2014

Sauesanking





Eg hadde sauesankinga i Holmedal i bakhovudet då eg gjekk opp frå Neset i dag tidleg, og hadde tenkt meg Moldura. I "vegskiftet" nedom Langedalen bestemte eg meg likevel først for å gå ut på Størdalsstauren, sidan eg hadde sett ein heil del sauer her ute sist eg var på Moldura. Og det stemde. For etter å ha vore utom toppen, fann eg mengder med sau nett innom på sørsida mot Størdalen. Eg telefonerte då Ole Andrè og avtalte å ta desse med meg mot Fagredalen. Det skulle syne seg lettare sagt enn gjort !

Hovudflokken sprang rett nok retning Fagredalen. Og sidan Connie m.fl. kom opp Størdalen, tok dei over denne flokken då dei kom opp. Men sjølvsagt delte flokken seg, og ein heil del sprang i retning Langevatnet mot Mannskaret. 

For å gjere ei historie kort, så var eg mot Mannskaret to, tre gonger, og nesten det same på Størdalsstauren. Og etter 5 timar var eg sliten. Eg fekk dei 10 siste på rett kjøl til Holmedal, og fekk gitt beskjed om at nok var nok. Eg tok meg difor eit par skiver på Fanafjellet,  fekk roa meg ned, og sette nasen på heimveg. 

På veg heim ovanfor Langedalen, fekk eg brått auge på dei tre hjortane ovanfor. Artig og kjekk oppleving som toppa ein god fjelltrimdag...:-)

tirsdag 2. september 2014

Sau og pinsle (viser til bloggen frå søndag)

Media har vore full av historier om sauer som har vorte drepne av rovdyr og hund i det siste. Det er like ille å sjå kvar gong. I mine trakter har eg likevel aldri opplevd dette. Sjølv om gaupe og rev truleg er årsaka til mange bortkomne lam. 

No vil eg ikkje gå nærare inn på nokon rovdyrdebatt her og no, men i høve lammet eg fann på søndag, kom eg på historia om sauen eg oppdaga i fjor haust. "Villsauen" med mykje ull, var surra som ei svinesteik i gamal rusta piggtråd ! Han prøvde å springe frå meg, men eg tok han sjølvsagt att, og hadde eit svara styr med å få av han piggtråden. Eg kan skrive under på at ein villstyrig sau, surra i piggtråd, slett ikkje er nokon spøk å ha mellom beina ! Lettkledd og utan hanskar, sila blodet frå hender, armar og føter. Ja om nokon hadde sett meg der og då, hadde dei nok aldri kunne innbillt seg at det var ein sau eg hadde hatt om hende, men heller ein tiger. Eg måtte faktisk skjere ulla delvis av sauen for å få han fri frå piggtråden...!

Grunna dårleg vèr,  hadde eg ikkje med meg kameraet denne dagen. Men eg fann eit par elendige mobilbilder frå "kampen" med å få frigjort sauen. Eg legg dei  ut her, sjølv om piggtråden ikkje er så lett å sjå. 


Sauen er fri, deler av hameen ligg att




Sauen er surra i piggtråd
I våre dagar er piggtråd ulovleg i bruk etter kva eg veit? Likevel florerer det med gamle gjerder ute i naturen, der piggtråden er ei felle for sauer og andre dyr. Det burde vere ei kommunal oppgåve å få rydda slikt vekk frå landskapet. I tillegg er det sjølvsagt at kvar og ein av oss som ferdast ute ryddar opp etter oss. Eingongsgrillar, fiskegøtt, tau og søppel representerer ein stor fare for dyrelivet. I tillegg er det særs skjemmande i naturen.