lørdag 31. mars 2007

Vardenova og Stordalsfjellet


Det er berre å innsjå - høgre kneet mitt er rote! Menisken på innsida er håplaus vond. Omlag som å gå med ein kniv i kneet. Spesielt nedoverbakke, og støt sideveis, utløyser sterke smerter.
Turen på Blegja i morgon heng difor i ein tynn tråd. Så sjølv om det går dalingar frå Hjelmeland som eg kan følgje, blir dette litt bingo for meg å vere med på. Det er til å grine av....
Får ta ei avgjerd seinare i kveld...

Men eg fekk meg ein flott 4 timars tur til fots i dag på Vardenova og Stordalsfjellet. Det låg eit lite dislag då eg gjekk, men dette letta fort opp og det vart aldeles nydeleg. Spesielt øvst i Stordalen og opp breiskora til Stordalsfjellet var det berre aldeles nydeleg. Sola brann i sørhellinga så det rann av snøen. Men rennande sveitte og solkrem i auga er vel eit aber ein lyt ta med...! Vi kan vel berre vere takknemleg så lenge dette er situasjonen.(Men eg får litt problem med linsene mine av sveitt solkrem i auga....)!

Etter ei natt med minusgrader i fjellet var det knallande hard skare/is oppe i høgda. Eg kan takke Icer;s isbroddane mine for at eg kom meg opp, eller torde å gå opp, dei værste isete bakkane! Det er no kjekt det pirrar litt ekstra i magen og...:-)
I dag hadde eg i tillegg gløymt mobilen heime. Det likar eg dårleg då eg ofte går åleine. Det er god forsikring å ha med seg opplada mobil på åleineturar.


Vardenova og Stordalsfjellet

fredag 30. mars 2007

Den glade vandrer...

kalles jeg og sorgløs går jeg på...


Åååå - så ser det ut til at det skjære seg med turen ilag med Agnar på Blegja i påska. Sytten og! Veirutsiktene er og meir usikre enn tidlegare - regn frå mandag av. Det er difor inga tid å miste. Eg må gå no i Palmehelga - åleine ser det ut til! Men her er vel andre folk som har tenkt seg utover likevel.

Vegen frå Sæle kan eg jo - ingen problem, men Blegja er no Blegja -det er ganske tidleg på året. Og så er det mykje tryggare å vere fleire, men f... eg kan jo ikkje sitte heime for det!
Mobildekning er her jo hvis uhellet skulle vere ute.
Det er berre å manne seg opp og fylle sekken med godsaker. Det hjelper godt på moralen! - og kanskje eit dårleg kne?

Wish the mountaineer good luck!



Tilbake mot Heilevangstaurane og Storehesten

torsdag 29. mars 2007

Engel i solnedgong


Nydeleg tur på Blåfjellet med madamen i solnedgongen i kveld....:-)
Romantikken blomstrar i slike omgjevnader.

Det gjekk heilt fint inn på Blåfjellet berre ved å bruke turjoggesko på føtene. Det er vorte veldig tørt i bakken siste dagane og bruk av eld er ein risikosport.

Det er rart å sjå kor mykje snø det endå ligg på sørsida av Stongfjorden mot Moldura og Skålefjellet, når nesten alt er vekke på Blåfjellet og mot Toreheia på nordsida. Det har sjølvsagt med sola å gjere, men eg trur og at havlufta frå Stavfjorden slær sterkare inn over fjellet på nordsida og som gjer at snøen minkar fortare.

Det er utruleg kjekt å bruke nordsida av Stongfjorden på denne tid av året. Då slepp eg å vabbe i snø eller å bruke ski..Det blir liksom litt meir kav ut av det - iallefall når eg samanliknar med det å berre springe ut av stova og opp i fjellet, og helse våren velkomen i joggesko!

Vi dansar mot vår - yre som småkalvar som blir sleppte ut om våren...
Lyset og sola har som kristtornen på tirsdag magiske krefter!

Herleg!

Vardane "mine"

onsdag 28. mars 2007

Horisonten


Here comes the sun...har vore spela 3 gonger i radioen i dag på NRK - som eg har fått med meg. Veirmeldingane er berre eineståande. Sol over heile landet - minner meg om ein eller annan norsk klisje-melodi om eit høgtrykk.

Eg var så heldig her om dagen å få tak i nokre eksemplar av eit hefte som heiter "Horisonten". I dikt og verse-form på miljøvennleg papir handlar heftet om motstand mot vindmøller og ein hyllest og inderleg kjærleik til kysten, kystlandskapen og folket her. Mange flotte maleri prydar heftet.
I redaksjonen for heftet står Atle Færøy og Inger Johanne K. Brunvoll.

Eg vart bergteken av kjenslene i heftet og tok difor i stad ein telefon til Atle Færøy, Aureosen, opprinneleg suling, og fekk meg ein god telefonsamtale om temaet og i tillegg nokre nye eksemplar.
Dersom nokon er interessert i dette vesle meisterstykket er det berre å ta kontakt.

Dagens bilde er frå Rinda på Yndestad og viser Stongfjorden i solnedgong (klokka er ca 19.30). Så tørt som det er blitt no "sprang" eg med joggesko opp i kveldinga. Turen opp og ned tek ein liten time og er passeleg for å få pumpa godt i gong når tida elles er knapp....

tirsdag 27. mars 2007

Kjempeflott kristtorn og Blåfjells-tur (mms bilder)


Korleis denne flotte og sikkert eldgamle kristtornen har funne fotfeste 3-400 meter over havet like ved tregrensa, må fuglane vite... Men så er den også særs tett i voksteren - sikkert for å nytte betre den vesle varmen som er om vinteren!
Iallefall er den eit fantastisk syn på veg opp fjellet her på Yndestad. (Denne kristtornen + ein til er og avbilda i bildeserien min "Vår på fjell og fjord").

Kristtorn er mykje nytta i juledekorasjonar. Dersom du heng opp ei kristtornbusk over inngangsdøra til jul, skal det bringe lykke og fred. Bæra er lett giftige og kan nyttast som brekkmiddel. I gamle dagar nytta europeiske druidar kristtorn til å helbrede folk med. Den har magiske egenskapar! Veden er knallande hard.

Sør og vest om huset vårt har vi kappa ned ein god del graner siste åra. Kristtorn er ein særs varmekjær busk som vi har ganske mykje av i Stongfjorden. Vi har såleis fått mykje betre lysinnstråling rundt huset og nydeleg utsikt ut og inn fjorden. På desse plassane poppar det no opp ny kristtorn!
Eg vil mykje heller ha kristtorn enn graner rundt huset.....:-)


Flott 2 timar trimtur til Blåfjellet i kveld. Super temperatur og berre småflekker igjen med snø. Herleg å kjenne sveitten svi i panna og pulsen dunke i skrotten, ja, og ha endå meir å gje! Mosjon er berre herleg....:-)

mandag 26. mars 2007

Seglbåt i kvelding


Ein ny selglbåt stemnar inn fjorden nedom huset vårt i solnedgongen i kveld. Så idyllisk og romantisk at det berre er å sleppe det ein har i nevane og sjå, føle, stillheit og livskvalitet.
Slike natur-augneblink som ein berre får her ute ved kysten.

Kan du fatte at folk flyttar frå slike stadar - slike stadar der klokka alltid slår litt seinare enn i byn...!

søndag 25. mars 2007

Vår på fjord og fjell

Peter i godt driv ved Rinda - det lyser innsats og vilje!
MMS frå Toreheia av fornøgd vandrar
Foto med sjølvutløysar frå same favoritt-stad

For ein fantastisk søndag!! Til fjells og på fjorden! Temperaturen var oppe i over 15 grader, "sola skein som ho var gala" og det var nesten ikkje eit vindpust. Einaste kleda eg hadde på meg ovantil i dag var ei Devold ulltrøye...Men det vart ikkje Moldura-tur, men ein kombinasjon av familietur til Blåfjellet og ein egotur vidare på Skylefjellet og Toreheia. Total lengde på 4,5 timar.
Turen gjekk for det meste på avblesne rabbar til fots, men og på snøhellingar. Eg ombestemte meg i dag tidleg vedr Moldura og ville prøve beina skikkeleg, før skiturane til påske. (Det er bra utsikt til Moldura frå turen i dag og glinsinga i sola der opp tyder på at det er svært isete)!

Det var positivt å kjenne at kroppen fungerte, og at ikkje all kondis var vekke på dei nesten tre vekene eg ikkje har fått trene....! (Eg har rett nok eit kne som ikkje er allverda heile tida, men dette er til å leve med....)!

Seinare på dagen var det berre utruleg å sitte i båten og pilke på blikkstille hav! For ein fred og for ei herleg kjensle å kjenne sola spegle seg i fjorden og svi kjakane. Tenk om vi kan få slike dagar frå neste helg og....! Livet blir utruleg mykje enklare med godveir no når påskegjestane snart togar inn....:-)

Vår på fjell og fjord

lørdag 24. mars 2007

GYLLING i Stongfjorden-mms


Brått eksploderte våren i Stongfjorden. Eg var ein liten pilketur før det mørkna og fekk tid til å studere alt i hop. Kjell Christian gylla, sjekk bilde, dei to første tyske turist-fiskebåtane var komne på fjorden, ein annan dreiv med bråtebrann, ein tredje brann hageavfall, eg sjølv hadde nett vaska bilen og langs sørsida av fjorden ylte ein motorsykkel. Temperaturen i lufta var 12,6 grader iflg veirstasjonen min heime. Dette er ei fantastisk flott tid.

I morgon har eg tenkt å prøve skia igjen etter brokkoperasjonen. Tek turen frå Holmedal på Moldura. Det kan jo bli spanande, men kjem sjølvsagt ikkje til å ta nokon sjansar. Forholda ser ut til å vere bra - sett gjennom kikkerten ute frå Mjåset i stad.
Skal kome med rapport i morgon.

fredag 23. mars 2007

Blegja nord i morgonsol



Fantastisk skue onsdagsmorgonen då morgonsola skein på Blegja i ny kvit kappe...Det kribla i alle ledd ved eit slikt syn. No får vi inderleg håpe at dette veiret varer til påske - då kan det bli aldeles fantastiske turar!
Blegja i morgonsol

tirsdag 20. mars 2007

Kruttønna på jobb


Anne-Lise er den unge, friske kruttønna på kundesenteret. Ho er både engasjert og kunnskapssøkande og spreiar godt humør på jobb.Til tider er ho rett nok irriterande påståeleg, slik som i dag med ein episode, der gamle karar kjenner det brusar i blodet....!

Hald fram slik du Anne Lise! Du er ei super jente og gjer ein flott jobb..:-) Snakketøyet fungerer utmerka!

mandag 19. mars 2007

Blegja er målet for påska


Det var særs kjekt å begynne på arbeid igjen i dag etter 14 dagar sjukemelding. Berre så godt å kome seg i normalt gjenge igjen!
Det første som skjedde var sjølvsagt at passordet mitt var "sletta frå harddisken", men det fekk vi no rydda fort opp i.
Ein brote med mail og ein flaum med ny info låg og venta på meg. Heilt utruleg kor mykje som skjer berre ein er vekke nokre dagar - får nesten følelsen av å bli heilt akterutsegla....Det kan ikkje vere heilt enkelt å vere lengre sjukemeld for så å kome tilbake...

Denne veka skal eg forresten opp på Hotel Alexandra på kurs onsdag og torsdag. Med avdelingsmøte i morgon etter arbeid blir det ei kort og hektisk veke, så då er det snart helg igjen. Og supre veirmeldingar. Då tenkje eg høgfjellet står for tur.....Kjempegreie og flott oppladning til påske - fram med solbriller og solkrem!

søndag 18. mars 2007

3 nye skreiar + 1 til




Tok turen på fjorden i dag tidleg i 8-tia på floa. Det var eit ryse veir med tett snødriv og austakuling i kasta. Men ein kan no seie at det var friskt å kome seg ut...
3 flotte skreiar vart resultatet på ein god time. Veldig bra - og to av dei med rogn.

Så kom eg meg heim igjen til klokka 10 så Olaug kunne gå på Blåfjellet med Anita. Eg ventar ei vekes tid med fjellivet. Då gyt vel skreien og, så då passar det bra. Hannfisken renn det av no, så han er iallefall klar...:-) Og endå er ikkje klokka meir enn godt 11 ein søndagsføremiddag!


Så vart det ein skikkeleg rugg til på ettermiddags-fiske ilag med Peter. Berre rogna vog minst kiloen. Dette var litt av ein opplevelse for guten (han har ikkje vore på sjøen på nokre månader no). Første gongen vi prøvde å få den opp i hoven bomma vi, så det var litt action då skreien ikkje sat så veldig godt! Men andre gongen gjekk det betre. Då jubla og song Peter....:-)

Då er eg oppe i 7 fiskar denne veka. Dei ligg på ca 3 til 5 kilo stykke! Så no har vi middag lenge. I morgon skal det bli godt med nykokt rogn ....:-)

lørdag 17. mars 2007

Badet er ferdig



Hipp-hurra - herleg..! Endeleg er badet ferdig...! Heldigvis klarde vi det til påske då påskeinnrykket kjem. No kan vi endeleg gå over i meir normale former igjen (sjølv om eg trur eg beheld min midlertidige dusj i kjellaren.... - så veit eg alltid at eg får varmt vatn på skrotten utan å måtte stå i kø...:-))

Barneselskap


Så er det heldigvis over for i år - barneselskapet. Eg er imponert over kor mykje det går an å rote på eit par timars tid..for ikkje å snakke om støynivå og matsøl. Men no er huset rydda og vaska igjen etter slaget og roen kan igjen senke seg.

Agnar reiste til Nipebu i dag. Eg følte det var ei veke for tidleg etter operasjonen - samtidig var det vel litt i grenseland og overlate heile "slaget" her heime til Olaug. No står påska snart for døra så det blir sikkert rikeleg anledning å gå då - vi får håpe på mykje fint veir. Eg har ferie heile påska så då må det no klaffe med eit par skikkelege skidagar. Det er Blegja som murrar i bakhauet...!

torsdag 15. mars 2007

Bad og musikk


Det er flott tidsfordriv og ikkje så lite moro å laste ned musikk...Kor lovleg det er veit eg ikkje! Men det meste ligg jo heilt fritt til å ta ned. I dette veiret som er om dagen og eg gåande sjukemeld, må eg berre prøve å halde meg nokolunde kreativ... Moody Blues og Kinks ha fått ei ny betydning etter å lege i dvale i fleire 10 år. Fantastisk gjevande å gå opp igjen ungdommens musikkfotspor.

Og so er det snart helg igjen...Men det ser heldigvis ut til at vi får opna nyebadet til helga.
I dag gjorde snikkaren seg ferdig og i morgon rørleggaren..så då gjenstår det berre noko elektrisk på lørdag. Med nytt bad og fire nye spots i taket skulle det lysne i småskogen..:-)

onsdag 14. mars 2007

God matfisk


Det var nokolunde stilt nede på fjorden i stad. Eg har jo så fin utsikt ned dit frå sofaen. Det vart difor litt for freistande å ta båten utpå ein liten tur. Den ligg so lageleg til inne i båthamna.

Ein god times fisking med pilk gav som resultat tre flotte skreiar. Dette var bra - det har jo vore heilt dødt tidlegare. Det er godt mogeleg det har segje inn litt fisk sidan eg var ute sist for nesten 14 dagar sidan.

For lyska sin del var denne timen nok...! Men, å sitte/ligge i sofaen heile dagen går på helsa laust:-)

tirsdag 13. mars 2007

Meir møkkaveir


Tok bilen ein tur frå Stongfjorden til Askvoll og Follevåg. Follevåg ligg på på sørsida av Stongfjorden tvers av Mjåset. Det er ikkje kvar dag eg tek denne bilturen..trur det er andre gongen på dei åra eg har budd i Stongfjorden. Men eg er ganske ofte ute i dette området med båt og fiskar. Her ligg eit par fantastiske vekkgøymde rullsteinstrender som berre må nytast..:-)

mms frå eine stranda i sommar

Frå Follevåg er det fin utsikt til havs og til Staveneset og området som Vestavind trur dei skal få bygt ut til vindkraft.
Diverre blir bilda lett for grå i griseveiret som er om dagane.

Stongfjorden-Askvoll-Follevåg 1303

Stongfjorden-Askvoll-Follevåg

mandag 12. mars 2007

Eit sorgens kapittel til veir....



..men eg har fått vårens eksemplar av -



...og då er dagen redda....!

søndag 11. mars 2007

Peter er 7 år


Stor ståhei frå morgon til kveld med besøk frå Dale og Førde i anledning av Peter sin 7 års dag 12. mars. Som ein tydeleg ser av bilda var det til tider antydning til kaos med mykje folk og mat innanfor eit begrensa område. Heldigvis var vi ikkje fleire..:-)

I morgon er det vel tid for barneselskap og endå meir leven og oppstyr...ja, ja, det er harde tider for rekonvalesenten! I morgon blir det senga til kl 10.00....:-)
Peter sin 7-årsdag

lørdag 10. mars 2007

Staveneset 1003


Etter ei ryskja natt med vind og regn frå sør slo veiret om på vest. I ein periode på føremiddagen i dag, lørdag, var veiret bra lenger ute mot havet. Eg tok difor ein tur i Staveneset (godt å sjå havet og båra for rekonvalesenten - er sjukemeld ei veke til etter lyskebrokkoperasjonen).

Faktisk var det veldig skiftande og flotte lysforhold til å ta bilder i stad. Og nokre vart bra...Eg såg i solglimta at mot innlandet var det veldig grått og trasigt med regnbyger i fjella..:-) Ofte er det slik at veiret er betre ute ved havet.

I skrivande stund slær vinden seg visst skikkeleg opp igjen, så det blir nok ei uvershelg som meldingane seier...! Men, det er vår i lufta!
Staveneset 1003

fredag 9. mars 2007

Karneval på skulen


Det var karneval på skulen i dag. Ungane hadde gjort seg stor flid med diverse kostymer. Elevane storkosa seg ilag med foreldra som kunne stille.

Vedlagd ligg nokre bilder frå ei fin stund på skulen vår.

Karneval og bilder frå Stongfjorden

Karneval på skulen
Bilder frå Stongfjorden 0903

torsdag 8. mars 2007

Våren er her


Til alle damer - tillukke med dagen!

Det var godt å kome seg ut ein tur for ein sjukemeld kar! Ein frisk spasertur inn i Stongfjorden avslørte at våren faktisk er på gong! Friske snøklokker kik optimistisk fram i solbakken..Endringa frå vinter til vår går liksom så umerkande fram..

Men har det egentleg vore vinter? - tja, kanskje fjorten dagar her ute? Og snø har det vel egentleg ikkje vore noko av heller. Eg har stort sett pendla til Førde på tørre asfalten i "vinter". Nei, årtidene er ikkje slik dei var. Klimaendringane er i full gang. Dei som meiner noko anna - les FRP - må jo vere stokk blinde!

Våren er på gong!

Vil byggje gigantkraftlina mellom breane


No må alle gode naturkrefter gå ilag om å stoppe den vanvittige naturøydeleggjinga som den nye kraftlina gjennom fylket medfører. Eit større raseringsprosjekt finnst ikkje!
Alle med lite vetta sunn fornuft i skallen ser at vi ikkje kan øydeleggje fjordafylkdet for alltid med dette prosjektet.
Eg opmodar alle om å gå ilag om å stoppe denne galskapen!

Flotte blomar


Takk til kjekke kollegaer på kundesenteret i banken for flott helsing i høve sjukemeldinga etter brokkoperasjonen. Blomane var berre utruleg flotte!

Eg føler meg allereie ganske kjekk. Heldigvis har eg heller ikkje så mykje smerter. Kjenner allereie på ei sterk trong til å få bevege meg igjen. Men noko særleg lenger enn opp til postkassen blir det ikkje endå...:-)

onsdag 7. mars 2007

Sommarens Mål



Det blir ekspedisjon til Sydvest Jotunheimen i sommar med Agnar. Hovudmåla er Uranostind og Falketind. Veir og vind får avgjere den vidare menyen. Sjekk flotte bilder og turrapport frå nettet!
Vil kome tilbake med vidare detaljar seinare...!

søndag 4. mars 2007

Låg skodde på Toreheia 0403


Veirmeldingane var litt for usikre i dag til at eg ville ta ut på lengre tur. Valget fall difor på Toreheia - igjen - som er ein veldig god mosjonstur frå stovedøra heime ved fjorden til 713 moh omlag rett opp. Du får fort fart på pusten.....

Diverre var det skikkeleg utriveleg då eg nådde platået på Yndestadfjellet (fjellkanten på nordsida av Stongfjorden). Vinden var no so, verre var det med skodda som låg tjukk som graut og yret som svei i kjakane...
Eg valde difor å snu ved siste oppstigninga. Det var nok eit rett val for eit stykke lenger nede lurte eg faktisk på om nord var nord... (og området kjenner eg betre enn bukselomma mi). Skodda er ikkje noko å spøkje med, sjølv i godt kjende trakter er den skummel...Men det gjekk veldig greitt då eg kom meg ned igjen på Krækavatnet og stien som er godt varda her i frå.
Flott treningstur!

Då er eg klar for sjukehuset i Florø og operasjon i morgon....Eg skal iallefall på fjellet så snart eg rånar til lite vetta igjen....og då håpar eg på mykje godveir...:-)

Toreheia 0403

lørdag 3. mars 2007

Derby County


Dei fleste som kjenner meg veit at eg er ein lidenskapeleg Derby County fan. For dei som ikkje veit kva dette er, så er Derby eit fotballag i England:-) Laget har eg følgt nøye sidan eg var ein liten kate. Eg betalar fast årleg abonnement på heimesida deira og kan difor følgje kvar kamp på pcen heime som radiooverføring. I tillegg får eg all den info eg vil med intervju og videoopptak av mål etc. Dette er ein kjekk hobby - eller ei særheit om du vil....:-) (Olaug har vanskar med å skjøne engasjementet, men Peter synest det er heilt flott, for han er Derby fan og, ja, utanom Brann då...)

Bror min, Sigvard (Sillan), har same interesse. Artig at to brør held med same laget. Sillan, på MMS foto, var på Pride Park, heimebana til Derby, i går kveld 2.mars då Derby tok ein knallsterk 5-1 siger over Colchester. Dei tok tilbake tabelltoppen i Coca Cola Championship. Dette er den nest høgaste divisjonen i England. Det var kjempestemning med nesten 30.000 tilskodarar og det er to sesongar sidan Derby har scora 5 i same kampen! Det blir svært spanande å sjå om dei rykkjer opp i Premier League no i april. Då kan vi følgje dei på Canal Pluss som dei andre laga i øvste divisjonen.

Up the Rams!

Fjordfiske


Eg valde i dag lørdagsføremiddag å bruke litt tid på fisketur på fjorden i staden for fjelltur. Olaug reiste tidleg ein tur på Blåfjellet og eg sjølv vart heime med Peter før turen på fjorden. Fisketuren gav i dag magert utbyte...Ein kan trygt seie at det er lite skrei i fjorden - fjordtorsken er og totalt fråverande.

Eg psykar meg dessutan opp til ein lyskebrokkoperasjon i Florø på mandag. Det blir såleis lite fjelltur på meg eit par veker framover. Men meininga er då å komme desto sterkare tilbake til påske og sommaren, då eg forhåpentlegvis er kvitt plagene nede i venstre lyska. Eg har forøvrig operert høgre lyska tidlegare...Lyskebrokk eller hernia er noko skikkeleg skit. Det følgjer med både verk og plager, og eg lyt berre få fiksa dette til tursesongen....Reknar med 14 dagar sjukemelding og plager med verk i stinga...Eg har utsett operasjonen i 4 år og tek ikkje sjansen lenger på å ikkje ha tarmane på rett plass - spesielt når Jotunheimen kallar til sommaren!

fredag 2. mars 2007

MMS frå fjorden 0203 kl 17.30



Nydeleg solnedgang i kveld. Eg rakk ein liten fisketur etter jobb og før det mørkna. Men skreien uteblei denne gongen.