tirsdag 27. desember 2022

Lyset 2

 




Skiftande skydekke, nordakuling og snødryss i lufta på Høgeheia i dag. Friskt! Litt isete parti i stien, men greitt å trakke utom utan broddar. 


fredag 23. desember 2022

Lyset




Fantastisk flott lys på kysten i dag. Eller som alltid for den del. Skiftande frå minutt til minutt. Raudt, grønt, gult og lilla i strålane. Både vest over havet, og i synsranda sør, nord og aust. Utruleg flott. 

Elles litt snø i lufta. For så å få oppleve sola. Etter solsnu. Så no går det rette vegen. God Jul til alle!🎄🎅🎇


 

God Jul



Med ei vinterleg morgonstemning på ruta til Fossedalshengenipa og Nipebu ynskjer eg alle ei retteleg

God Jul og eit godt nytt turår!
🎄🎆

lørdag 17. desember 2022

Sykje og tappa kropp

Godt å kome litt i sving igjen etter nesten ei veke med omgangssykje. Med kroppen ganske nedtappa vart det egentleg ganske tøft opp på Høgeheia. Djup snø! Men heldgvis var det trakka spor av Dag Tore og Anita dei par siste dagane. Og så traff eg Anita R. på veg ned igjen. Takk for spor. Elles hadde eg nok ikkje kome meg opp i dag... 

Veldig flott på toppen då sola kom fram i sør. 

lørdag 10. desember 2022

Vintersola 2





 Det er ikkje så ofte at det er over 7 minus grader heime hjå oss. Så det vart ein kald og flott tur på fjelltrimposten igjen i dag. I nytrakka spor. Og soloppgang oppe i bakkane! Men kulden reiv bra i  kjakane i skuggen opp frå Holevika. Nydeleg på toppen. So og seie vindstille. Reint jomfrueleg i den tørre og drivkvite snøen.

 

onsdag 7. desember 2022

Vintersola





Fabelaktig rein vintertur på Høgeheia i dag. Drivande kvit nysnø. Og vintersol! Men det såg ikkja akkurat slik ut då eg starta. Det snøa nemleg ganske heftig då eg tok av garde frå Holevika. Opp gjennom "stien" låg det vel 15 cm snø eller noko slikt. Akkurat slik at råsa oppover var synbar. For sikkerhets skuld hadde eg teke på meg brodddane då eg starta for det låg is under nysnøen. 

Oppe ved julegrana som Anita og Dag Tore har pynta så eg at det lysna i nord. Suverent! Og lenger oppe i bakkane møtte eg vintersola...

Anita og Dag Tore har pynta julegran ved stien til Høgeheia - her i eit godt lag med nysnø
...det skin av sol i nord...

Ja, bakkane låg bada i dei flottaste vinterstrålar du kan tenkje deg. I tillegg var det heilt vindstille! Snakk om flaks. For lenger ute i havet låg det heftige snøbyger. Reint spanande om dei ville nå inn medan eg var oppe på toppen. Men det gjekk heilt supert. Bygene heldt seg unna! Og eg fekk ei herleg stund på toppen. Ned igjen var det rein moro i snøen. 

For ein flott tur dette var i dag. I det flottaste eventyrlandskap!

Foto Høgeheia 071222

tirsdag 6. desember 2022

Smak av vinter




I dag var det frose på igjen oppover til Høgeheia. På toppen låg det eit dryss med nysnø. Og rimelegvis var det ganske glatt i stien. Ja, betre å gå i graset utom ned igjen. 

Jammen stakk den låge vintersola fram igjen i dag òg. Rett nok var det litt nordatrekk. Men elles veldig fint!  

fredag 2. desember 2022

Nydeleg adventstur i Holmedal

Soloppgang frå ranen på Dokka - lett frost på Straumsnes og i Holmedal

Nydeleg utsikt til kjende fjell i aust

Fantastisk flott tur på Dokka i dag. Rundt null grader i Holmedal, klårt og vindstille. Soloppgangen fekk eg som planlagt oppe på ranen i 09.30-tida. Med nydeleg utsikt ned igjen til dei rimlagde bygdelaga langs fjorden. Medan her oppe låg landskapet bada i reinaste gull.... 

Det gjekk fint oppover den fastfrosne stien. Litt is her og der, men heilt greitt å stige utom. På toppen var det ein liten austatrekk. Greitt å få skifta ut ei sveittevåt trøye med ei tørr ei. Og ta på dunjakka. 

Godt å få på dunjakka og tørre klede

Fjella i Askvoll ligg bada i reinaste gull...



Ned igjen gjekk eg stien til Grønene. Her er det panoramautsikt til fjella i aust og til Bakkevatnet, Rivedal og Dale. Nydeleg adventstur! 

Foto Dokka 021222

torsdag 1. desember 2022

Same procedure

Eit par oppdateringar frå Høgeheia...

mandag 28. november 2022

Desember

Desember nærmar seg. Her er ein serie arkivbilder frå månaden. 

Dette er ei fin tid i fjellet. Spesielt om det lagar seg med vèret. 

Det pastellfarga og låge lyset om vinteren er vakkert.  

tirsdag 22. november 2022

Kjøleg austavind







Hadde eit par ærend i Askvoll i dag så då passa det med ein tur oppom Hjartåsen òg. Vindstille inn Askdalen då sola rann. Men ganske så kjøleg austavind oppover mot toppen. Elles frose underlag med is her og der. Flott trimtur!


søndag 20. november 2022

Nydelege Holmedal





I dag gjekk turen til Holmedal. Til vassverket der mange av turane i området startar. Det var Dokka som var målet. Og i dag vart Olaug med. Vi gjekk opp ranen på austsida. Brattaste turen. Det var tørt og frose underlag oppover. Litt is her og der. Som gjekk fint å trakke utom. Temperaturen låg rundt null grader vil eg tru. Noko aust trekk mot toppen. 

Ned att gjekk vi via Grønene og Vikastølen. Nydeleg tur med perfekt utsikt til Dalsfjorden og dei flotte bygdelaga ikring. 


Foto Dokka  201122


torsdag 17. november 2022

Morgonstund

 



Flott morgonstund på Høgeheia igjen.
Tørt og fint i terrenget no. Litt vind og frost på toppen.



mandag 14. november 2022

Morgon i Askvoll



Fin trimtur inn Askdalen og opp på Hjartåsen i Askvoll i dag tidleg. Her er det trimpost for AHIL. Framleis noko blautt og ikkje minst glatt i bakkane mot toppen. Vått gamalt gras og rotnande lauv er reine "isen"... Det medførte sedvanleg fall - i dag òg. Både eitt og to. Men dette går som regel bra. 

Fekk oppleve soloppgangen over bygda. Herleg! Og denne veka ser vèret faktisk brukande ut. I morgon blir det rett nok Førde-tur og neppe fjelltur... Men resten av veka må eg få til eitt eller anna... 😊

fredag 11. november 2022

Tussmørke

Alden og Atløy
  
Holmedal

Tussmørke: 11.11.11 var ein spesiell og minnerik dato! Her er eg på Moldura i den blå timen eller i tussmørke. Vi ser Atløy, Alden og Holmedal.


"Halvmørket skaper en særegen trolsk stemning, men i ny tid har tussmørket, i stedet for å være tiden da man synes man ser tusser, blitt tiden da det tennes elektriske lys overalt. I norsk tradisjon er "å holde skyming" det å sitte og hvile innomhus uten å tenne lys, før det blir så mørkt av man må tenne lys for å få gangsyn".

Det er ei flott stemning når ein i tussmørke eller den blå timen kan sjå ut på dei flotte bygdelaga ved Dalsfjorden, Når "lysene tennes der hjemme"...


mandag 7. november 2022

Eitt år sidan

Dagens selfie


Dagens Alden

Ei einsleg småspove på Staveneset (nede t.h.)

Det er fin utsikt på Høgeheia

Ja, i dag er det forsyne meg eitt år sidan eg braut handleddet oppe i Kvamsnipa i Skorvemarka. Tida flyg! Heldigvis har dette blitt 95% godt igjen. Ei innplanta stålplate får eg ta med meg i grava. Ikkje noko heft... 😅

Olaug har "bakeveke" denne veka. Om det er noko som heiter det. Gjekk tom for flatbrød forrige månad. Så det kjem vel med. No vart det likevel høve til at fruen vart med meg på Høgeheia - igjen. Fint det. Det var heilt vindstille og opplett. 5-6 grader i lufta og overskya. Noko gjørmete mange plassar no. Men klede og sko er berre å vaske reine igjen. Kjekk trimtur! Så no er det berre å fyre i omnen og vente på flatbrøda...😃 

lørdag 5. november 2022

Solnedgang




 Fin fredagskveld.

Letta fint opp etter ein skya og regnfull dag...

fredag 4. november 2022

Forandring fryder

 
Fin utsikt bort på Høgeheia

Forandring fryder. Godt å få endra litt på menyen. Så i dag stakk eg nedom til Askvoll, inn Askdalen og opp på fjelltrimposten på Hjartåsen. Med perfekt utsikt bort på Høgeheia. Fjellet som eg har gått ein del på i det siste. Det ligg som vi ser ute på Stavenesodden. 

Veret: Opplett, 7 grader, vindstille, men ganske vått og gjørmete. 

onsdag 2. november 2022

Fin novembersol




Fin novembersol heime i ettermiddag. Ho varma litt i solkroken på altanen. Iallefall nok til at tærne fekk lufte seg lite vetta... Eit par timar seinare gjekk ho fint ned rett sør for Hovden på Atløy, Rett ute i fjorden. Velkomen skal du vere tilbake. 

tirsdag 1. november 2022

Fine skyer




Fine skyer i dag - morgon og kveld