søndag 28. august 2022

Mamma 85 år

Ved Storesteinen på Sørebø
oss søsken og mamma.
f.v. Mildrid, Leif-Arne, Sigvard, Øystein Olav, meg og Bergljot - og mamma


Vi hadde ei veldig kjekk feiring av mamma sin 85-års dag på Yndestad Gard i Guddal i går. Det er mandag som er dagen hennar! På Bakken på Sørebø fekk vi først besøke bestefarstaua der mamma og pappa budde ein vinter i lag med Sillan 0,5 år og meg 1,5 år i 58/59. Mektig og koseleg! Tusen takk til Odd Arne Osland for at vi fekk kome!

Bakken på Sørebø 

ds

Eg trur vi var 54 stykke av familien samla. Smått og stort. Bilda frå tilstellinga er av privat art. Så dei held eg førebels innan familien. 

Tusen takk til Yndestad Gard for flott service og god mat. Kan absolutt anbefale ein tur hit. 

Og kaker og anna kom og på bordet...


2 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt å få sjå bilde og lese det du skriv.Eg gjekk i 1. klasse ved Heggheim skule i 58-59. Far din var ein super lærar. Eit minnerikt år!😊

Gustav Skaar sa...

Tusen takk for ein slik fin kommentar! Det var veldig kjekt å høyre.

Ja, det var spesielt å få besøke Bakken på Sørebø. Der minna heng i veggane på Bestefar-staua. Mamma fortalde mykje om tida her. Om tider som var ufattelege sett med dagens auge.