torsdag 28. mai 2020

Alden

Værlandet frå Ystenova på Alden

Eg nemnde såvidt Alden i blogginnlegget frå Atløyna i går. Så eg samla like godt i hop nokre bilder her i frå òg. Eit par bilder er tekne frå Ystenova og utover mot Værlandet. Toppen her vest er gjerne mindre besøkt enn Instenova (hovudbildet på videoen). Her er òg nokre bilder tekne frå sjøkanten. 

Alden, eller Norske Hesten, treng vel ingen nærare presentasjon. Den er seglingsmerke på kyststrekninga vår, og er synleg meir enn 100 kilometer til havs. Med si karakteristiske form ser ein nesten Alden frå alle fjell i Sogn og Fjordane. Du finn beskrivelsar av Alden overalt på nettet. Mellom anna på ut.no og på visit.askvoll. På Værlandet Havhotell kan du bestille Aldenpakken med overnatting og transport. Her har du havutsikt frå alle rom og Alden som "næraste nabo"... 

På Alden har du fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Solnedgangen er utruleg vakker. Og turen opp er noko folk i alle aldrar maktar - iallefall om ein tek tida litt til hjelp. Som Atløyna er Alden vel verdt eit besøk i sommar.  



Musikk: "Laugh and cry" - The Mini Vandals


Langs gamle steinmurar

Nordeide

På dette bildet frå Jamneheiane i dag ser ein godt ruta
frå Eidsfjorden til Kalderasnipene og Dokka.
Ei flott rute!

Mange flotte murar i Eidsvika

ds

Skaret opp frå Fisma er pryda av kusymre

ds

Ved Fismavatnet i dag

Utsikt frå Jamneheiane til Staveneset
I dag gjekk eg ruta frå Nordeide og Eidsvika til Fisma, Fismavatnet og Jamneheiane. Dette er ei god rute om du toler litt stigning opp skaret frå Fisma. Flott å gå nord langs Eidsfjorden til Fisma. Nydeleg utsikt til Nordeide.

Eg hadde med meg fisketroa i sekken. Og prøvde nokre kast i Fismavatnet. Men så kom sola, og då var det jo gjort. Eg pakka fort i hop. Åt meg eit eple. Og så stakk eg ein tur oppom Jamneheiane for utsikta sin del. Fin tur! 

(Turen til Skylefjellet i går kveld vart ikkje blogga. Men det er begynt å tørke bra opp i dei myrlende partia no).

onsdag 27. mai 2020

Atløy Skålefjell Skredvarden Atløynipa

Atløyna har fantastiske fjellområde for ein overnattingstur i telt.

Eg har sett i hop ein ny video med bilder frå Atløyna. Bilda er frå i år og i fjor. Mellom anna frå fjella Skredvarden og Atløynipa. Linkane går til ut.no der det ligg kart og beskrivelsar av turar på øya.

Atløyna og Alden er klassiske kjennemerke for kyststrekninga vår. Fjella her er synlege frå langt inn i innlandet. Skoggrensa er særs låg. Mange plassar er skogen fråverande. Ein kjem difor fort opp i fjellområde med 360 graders panoramautsikt til eit eldorado av andre øyar og hav. Solnedgangane er eventyriske. 

Stiane på øya er veldig godt merka. Landskapet er ope og oversiktleg og rutene er lette å gå både for liten og stor. Øya og fjella er absolutt verdt eit besøk i sommar. 


Musikk Chris Haugen - "Campfire Song"



Video Atløynipa 210420



mandag 25. mai 2020

Enkelt og kjekt i Rivedal

Rivedalsstølen er ny trimpost på TiTur Dalsfjorden 2020
etter at Eikenesstølen er teken ut av programmet.

ds

Dagens selfie

Rivedalskletten:
Litt skodde over Rivedal i dag

God parkering i Rivedal
I dag køyrde eg ein tur til Rivedal og gjekk oppom Rivedalsstølen og Rivedalskletten. Returen ned på austsida ved Rivedalselva. 

Som ein veit er Eikenesstølen skifta ut med Rivedalsstølen som post på TiTur Dalsfjorden. Dette grunna parkeringstilhøva ved Vindheim. For Rivedalsstølen sin del er dette sytalaust. Grunna opparbeidd parkeringsplass frå før. Mellom anna som startpunkt for DNT-ruta til Nipebu gjennom Vagstaddalen. Som ein ser av bildet t.h. så går ein ikkje opp kraftvegen, men rett nedom der ein køyrer opp (hugs å late att grinda og parker der det er tilvist). Forøvrig er det godt merka og lett å gå opp på Rivedalsstølen. 

For å få litt meir ut av turen, gjekk eg på Rivedalskletten òg. Flott merka opp hit òg. Så eg vil slå eit slag for å gå oppom fjellet når ein først besøker Rivedalsstølen. DNT-appen fungerer her oppe òg sidan Rivedalskletten var post i fjor. Her er dessutan nyleg lagt ut ny trimbok. 

Diverre var ikkje vèret av det heilt beste i dag tidleg. Det låg ein god del skodde igjen oppe i fjella. I grunn var eg tenkt å gå opp på Smørskornova når eg først var her. Dette er eit fjell eg likar veldig godt i Rivedal. Eit absolutt flott turmål om du vil sjå deg litt meir rundt. Frå Smørskornova har ein flott utsikt til Rivedal, Rivedalskletten, Rivedalsstølen og Dalsfjorden.



søndag 24. mai 2020

Fin Flekke-tur

Olaug med Hauglandssenteret i bakgrunnen

Inst i Flekkefjorden 

Nydeleg eigedom på Haugland
   
Det står to flotte vardar eit stykke under toppen på Svenova

Olaug vart med meg på ein tur til Flekke i dag, der vi gjekk på dei to TiTur-postane Storåsen og Svenova. Førstnemnde mellom Hauglandssenteret og Bortheim i Dale. Og Svenova opp og sør for Strandavatnet, aust om Høgevarden. 

Vèret var overskya. Medan det var vindstille på Storåsen, var det litt meir sur trekk på Svenova. Generelt kan seiast at det er godt vått i terrenget no etter nedbør og snøsmelting. Sjølv føretrekke eg halvhøge gore-tex sko. Elles blir ein både våt og skiten. Ein blir dessutan endå fort kald om ein skal gå lenge våt på føtene. Både Olaug og eg var heilt tørre på føtene då vi kom heim igjen til Stongfjorden (ho gjekk med fjellsko, eg med litt lettare sko).

Elles møtte vi folk på begge postane. Under toppen på Svenova slo vi av ein hyggeleg prat med Johnny Haugsbakk og Randi Kyrkjebø. Dei på retur, medan vi var på veg opp. Enkelte, som Johnny, spring i fjellet heile året. Andre eg møter kan vel seiast å vere litt "trigga" av å greie TiTur-postane. Turane er eit godt middel for å betre folkehelsa. 

Johnny Haugsbakk og Randi Kyrkjebø på Svenova i dag
Storåsen og Svenova er elles to heilt greie turmål. Eg vil seie postane er fint overkommelege for alle. Både liten og stor. Er du ikkje i særleg god form etter vinteren, er begge desse turmåla utmerka alternativ til å kome i gong med litt fysisk aktivitet. Og du treng sjølvsagt ikkje gå begge same dagen som vi gjorde i dag... 

Beskrivelsar og startplassar for TiTur-Dalsfjorden finn du på turappen DNT-sjekk utRutene er veldig godt merka av flinke eldsjeler.


lørdag 23. mai 2020

Lenge sidan sist

Panorama inn Dalsfjorden
Vi ser Fossedalsfossen, Vikafossen og Laukelandsfossen,
Fossedalshengenipa, Kringla og Laukelandshesten.
Over Laukelandsfossen ligg Brendeheiknappen.
Blegja ligg bak i skodde
Skålefjellet i Gaular t.h.

Jøtelshaugen
 
My ol` town

Lenge sidan eg stod her sist
Eg trur det må vere bort i mot 25 år sidan eg har vore på Jøtelshaugen i Dale. Då gjekk eg oftast opp heime i frå på Skaartun til Åsen og opp. Men helst gjekk turane over Åsen til Havreheia. Eller eg gjekk frå Einehaugane på Yksnebjør. I dag var det greitt å køyre opp til Nordisk Kunstnarsenter å gå den merka stien. 

Ja, stien var godt merka. Og mykje av ruta går på skogsveg. I rette forstand for å seie det slik. For det har ikkje blitt mindre med graner i Vonaskogen dei siste 25 åra... Og dei har iallefall blitt grassat mykje høgare (for dei som kjenner meg er eg ingen tilhengar av gran...). Elles var det lagt ned alvorleg mykje arbeid med legging av stein i myrlende parti oppe mot toppen. Med "You`ll never walk alone" inngravert i ein benk har sikkert Rolf Kleiven hatt eit ord med i laget...😎



Det var litt vått og blautt ovanfor skogsvegen. Her er òg eit par litt steinete og bratte parti. Men ingen problem med å ta seg opp. I dag var det alt slags vèr undervegs. Og eg brukar som regel alltid gamasjar, sommar som vinter, når forholda er slik. Greitt å sleppe skit og søle opp i sko og opp etter føtene. Det blir nok klesvask med det som er... Elles fin tur - men spør du meg skulle no heile Vonaskogen vore fjerna...😆 (Med ny tømmerkai ved fjorden ligg vel dette godt til rette...). For så mykje utsikt er det ikkje før du nærmar deg toppen. 




fredag 22. mai 2020

Endring TiTur Dalsfjorden 2020

Rivedalsstølen midt i bildet

Rivedalskletten med Rivedalsstølen nede t.h.


Følgjande er lagt ut på Facebook sida til TiTur Dalsfjorden i kveld:

"Grunna stor pågang og for få parkerinsplassar ser vi oss nødt til å endre ein av turane TiTur Dalsfjorden 2020. Eikenesstølen vert bytta ut med Rivedalsstølen. Dei som har gått på Eikenesstølen får sjølvsagt denne godkjent". 

Som ein veit var Rivedalskletten rett aust for Rivedalsstølen trimpost på TiTur i fjor. Parkering blir på den vanlege plassen i Rivedal. Tilkomsten reknar eg med blir deler av same ruta som i fjor. 


torsdag 21. mai 2020

0 m.o.h.

Gravrøys frå vikingtida på Staveneset.
Furefjellet i bakgrunnen.
Etter tre solide fjellturar siste dagane kjende eg i dag behov for ein litt rolegare dag. Dokka og Nykshytta på mandag, Eitrefossen og Fossedalshengenipa på tirsdag og Moldura i går sat i føtene. Så då vart det 0 meter over havet i dag...😃 

Istaden sykla eg meg ein heller roleg tur til Staveneset, og vandre litt rundt blant gravrøysene frå vikingtida der ute. Vèret var egentleg så bra at det vart eit par timar på altanen etterpå. Med Piz Buin og syden-lukt. Ikkje å forakte det. For fjella ligg no der. Og noko must med å kome meg opp på dei har eg egentleg ikkje... Eller? Kanskje bør ein passe seg for at fjella ikkje blir ein besettelse òg...😎


onsdag 20. mai 2020

Terapi inkl Moldura

Det dukkar stadig opp nye hus og hytter på Neset

Ein heilo passar varden

Trugane fekk eg ikkje bruk for...

Nydeleg på Moldura i dag (igjen)...

Holmedal og Straumsnes

I "Salen" mellom toppane i vest og aust

Mot vest frå vesttoppen

Mot Florø -
Toreheia t.h. Skylefjellet i midten bak varden t.v.

Det har svart seg med nokre timar på Askvoll Fysioterapi. Eg fekk plass rett etter at dei opna av korona stenginga. Og har hatt ein time kvar veke i det siste. Det var fornuftig. Er mykje betre av nokre muskelsmerter eg har hatt. 

Etter ein time der nede i dag òg, køyrde eg opp igjen i Stongfjorden, og gjekk på Moldura frå Neset. Den klassiske ruta. Og tok med Størdalsstauren heim att. Fantastisk vèr. Fast snø i høgda, men litt blautt i første partiet ovanfor fjorden. Nesten vindstille på toppen. Men jammen ligg det mykje snø igjen endå. Kjempeflott!



Neset-ruta til Moldura


tirsdag 19. mai 2020

Det gneg litt....

Fossedalshengenipa frå utløpet av Leknesvatna

ds inkludert Eitrenipa t.v.

Skorvemarka

Utsikt ovanfor Eitrefossen


Markahengenipa i midten
Kvamsnipa bak t.v.

Langevatnet og Nipebu i dag

Dagens selfie på Fossedalshengenipa

Eg nemnde Eitrenipa på bloggen i går. Og prøvde meg på den i dag. Men eg gav meg ovanfor Eitrefossen ved utløpet av Leknesvatna. Det låg så mykje  skare som ikkje heldt og tung snø at det vart for langt for dagsforma mi. Inga skam å snu sa eg til meg sjølv. Å slite seg forderva er ikkje akkurat så lysteleg. Og når det ikkje er kjekt lenger må ein berre ta fjellvandringa deretter.... Det er jo inga plikt. Ikkje får eg pengar for det heller... Så i dag snudde eg...

Vel, komen ned att i vegskiftet på kraftvegen ovanfor Markavatnet, tok eg Nipebu-vegen i staden. Og gjekk via Krokavatnet til Fossedalshengenipa i staden. Ikkje det - det var tungt opp ryggen her òg. Snøsmelting og sigesnø. Men veldig fint på toppen då. Nesten vindstille og delvis sol. Flott!

Men det gneg litt at eg ikkje har fått vore på Eitrenipa i år. Ok - det har vore elendig vèr i vinter. Våren har vel ikkje vore stort betre... Og fjellet er litt riski på toppen. Eitrenipa er iallefall det som står høgst på ynskjelista no. Saman med Dokka har kanskje fjellet den flottaste utsikta i kommunen. 

Foto Eitrefossen Fossedalshengenipa 190520



mandag 18. mai 2020

Dokka inkl TiTurpost

Panorama Dalsfjorden

Dagens motlys-selfie på Dokka

I dag tok eg rundturen opp ranen på Dokka frå vassverket i Holmedal. Returen via Nyksvatnet og Nykshytta. Dette er ei kjempeflott runde. Og for dei som er litt i form, og går TiTur Dalsfjorden der Nykshytta er post, er det supert å ta med seg Dokka i "same slengen". Ein får litt meir ut av turen enn berre å gå opp og ned "skogsvegen"....

No må det seiast (som i videoen) at det låg ein del snø ganske langt ned i ranen i dag. Og såleis tungt å kome seg opp. Men i løpet av veka, med høgare temperaturar, reiser nok mykje av snøen. Den smelta allereie bra i sola i dag. No er det dessutan spor opp òg om du tek turen. Både ruta opp og ned igjen til Nyksvatnet er godt merka.




Elles var eg som sagt oppom Nykshytta og fekk testa DNT-appen. Den funka til slutt. Truleg er det litt dårleg dekning her oppe - eller så var det min tilårskomne mobil som måtte tenkje seg litt ekstra om...


Nykshytta er framleis stengd grunna korona

Herleg tur dette i dag. Og no blir det visst bra vèr i morgon òg. Eg har veldig lyst på ein tur på Eitrenipa etter gamalt...😃





fredag 15. mai 2020

Kveldstur til Eikenesstølen




Fin tur med Olaug inn på Eikenesstølen i kveld. Det er mange år sidan eg har vore der sist. Så det var koseleg. Men vi fekk no på oss ei sedvanleg snøbyge. Noko som har vore regelen i det siste. Ekstra kjekt då at det står eit ope sel her som vi fekk sett oss inn i. 

Det var fleire i same ærend som oss i kveld. Vi traff ein heil flokk med ungar og vaksne på veg ut att. TiTur Dalsfjorden triggar til litt ekstra turgåing.