| Det dukkar stadig opp nye hus og hytter på Neset |
| Ein heilo passar varden |
| Trugane fekk eg ikkje bruk for... |
| Nydeleg på Moldura i dag (igjen)... |
| Holmedal og Straumsnes |
| I "Salen" mellom toppane i vest og aust |
| Mot vest frå vesttoppen |
| Mot Florø - Toreheia t.h. Skylefjellet i midten bak varden t.v. |
Det har svart seg med nokre timar på Askvoll Fysioterapi. Eg fekk plass rett etter at dei opna av korona stenginga. Og har hatt ein time kvar veke i det siste. Det var fornuftig. Er mykje betre av nokre muskelsmerter eg har hatt.
Etter ein time der nede i dag òg, køyrde eg opp igjen i Stongfjorden, og gjekk på Moldura frå Neset. Den klassiske ruta. Og tok med Størdalsstauren heim att. Fantastisk vèr. Fast snø i høgda, men litt blautt i første partiet ovanfor fjorden. Nesten vindstille på toppen. Men jammen ligg det mykje snø igjen endå. Kjempeflott!
![]() |
| Neset-ruta til Moldura |

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar