fredag 1. mai 2020

Godt lågterskeltilbod




Eit godt lågterskeltilbod for ein fin tur i Stongfjorden er løypa skissert ovanfor. Den ligg flott til nede i låglandet. Her får du ein god trimtur inn Solsidevegen frå Yndestad, inn til Lushaugen og Vassbogane og til fylkesvegen. Så ned vegen 100 meter og over demma. Vidare er det veldig god og merka sti over åsen og til Gjerdedalen (eller du kan gå merka løype over Stongsåsen og til sentrum). 

Ruta er eit veldig bra trimalternativ for alle. Både eldre, vaksne og unger. Også når det er dårleg vèr og det ligg skodde i fjellet. 




Ingen kommentarer: