fredag 15. mai 2020

Stirydding

Arkivfoto ved Mangevatna.
Toreheia og Yndestadhøgeheia i bakgrunnen.
Ruta til Skylefjellet går på tvers av bildet - ovanfor skuggen
Dei par siste dagane har eg brukt nokre timar på rydding og klipping av einer og greiner opp til skoggrensa på ruta til Skylefjellet. Fjellet er som vi veit turpost på TiTur Dalsfjorden i år. Ruta har eg tidlegare merka opp igjen frå Stavenesvegen (Yndestad) ved fjorden. Turen ligg på DNT sjekk ut appen. 

Det tek si tid med våren i fjellet. Fargane minner endå mest om haust. I tillegg er det veldig vått. Noko det siste snøfallet forsterka. Vil du ta turen på posten no må du ha vasstette sko. 

Elles vil eg sjølvsagt anbefale å gå turen fleire gonger. På sommaren eller når det lir mot haust. Solnedgangen er fantastisk. Og når vatna ligg spegelblanke, og land og vatn går i eitt, er landskapet som teke ut av eit eventyr. Praktfullt!







Ingen kommentarer: