![]() |
| Godt selskap på Størdalsstauren i dag |
![]() |
| Haustfargar og gråvèr |
![]() |
| Ein kik heim igjen til Yndestad og Stongfjorden |
![]() |
| Godt selskap på Størdalsstauren i dag |
![]() |
| Haustfargar og gråvèr |
![]() |
| Ein kik heim igjen til Yndestad og Stongfjorden |
![]() |
| Dagens på Bakkefjellet |
Nydeleg morgonstund på Bakkefjellet i dag. Frost på bakken. Og knall sol! På toppen klokka 10.30. Ja, eg var veldig heldig som kunne nyte desse par timane med fantastisk klår luft og solskin. For då eg var nesten komen ned igjen til vassverket forsvann sola i eit tjukt skylag! Og der vart ho...
Frå videoen og bilda kan ein elles sjå at det låg skodde både over Dalsfjorden og Flekkefjorden. Elles var det som nemnt frost på gras og steinar oppover. Ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt. Med Scarpa sko vel og merke. No framover trengst det gode sko med godt mønster. (Det gjer det forsåvidt elles i året òg, men no ekstra viktig). Og eg hadde faktisk sikra meg med broddar i sekken òg. Alltid greitt at dei ligg der om forholda skulle tilseie bruk.
Som nemnt før er det god sti og godt merka frå vassverket i Holmedal til Bakkefjellet. Ingen grunn til å gå seg vekk om du vil prøve fjellet for første gong.
![]() |
| Furefjellet i dag |
![]() |
| Ingvar, meg og Olaug på Blåfjellet i dag |
![]() |
| F.v. Eggene, Hjartåsen og Steinheia bak f.v. Furefjellet og Høgeheia |
![]() |
| Sauesundet og Atløynipa |
![]() |
| Vi ser mot Ringstad, Kyllaren og Stråmen |
![]() |
| Dagens selfi |
![]() |
| Skyer og skodde over Atløy og Alden i dag tideg |
![]() |
| Sauesundet |
![]() |
| Askvoll |
![]() |
| Rebni |
![]() |
| Rebnisli |
![]() |
| Skjolden frå stigninga til Rebni |
Sidan vi er på besøk i Skjolden i helga gjekk eg meg ein morgontur til Rebni og Rebnesli i dag. Det er ein fin og passelig tur opp hit frå Skjolden. Trimposten ligg på 580 moh.
Det var berre 4 grader på morgonen, overskya og vindstille. Stien opp går for det meste på smal traktorveg.
Frå Rebni er det fin utsikt mot Skjolden og heilt ut mot Molden. Kjekk trimtur opp hit på ca 2,5 timar.
![]() |
| Ved Ormeli |
![]() |
| Fjellgarden Ormeli |
![]() |
| Flott utsikt mot Dale og Flekke - Rivedal nederst |
![]() |
| Dagens selfie - Atløynipa og Dokka i bakgrunnen |
![]() |
| Straumsnes og Holmedal |
![]() |
| Ingebrigt, Roy, Arnljot, Vilde og Arvid |
![]() |
| Rett vest av Høgeheia med utsikt til Atløy og Alden |
![]() |
| På veg ned i Holevika Eg vart med Roy og gjengen på sauesanking i Høgeheia traktene i dag. Vi starta frå Holevika i dag tidleg og gjekk der i frå opp bakkane til Høgeheia. Her delte vi oss litt strategisk til sidan vi visste at sauene gjekk i dalsøkka aust om toppen. Og for å møte dei slik at vi fekk dei på "kjøl" retning stien ned igjen i Holevika. Eg sjølv gjekk med Roy og Arvid B. med hundane sine. Etter litt fekk Arvid samla dei. Sauene tok nordsida av Høgeheia som vist på bilde 2. Sjølvsagt gjekk det fleire timar og litt att og fram før vi fekk sauene ned i innhegninga i Holevika. Men alt i alt gjekk det veldig bra. Så no gjenstår det å plukke ut vèrlamma og elles det som skal gå til slakt. Resten reknar eg med skal opp igjen sidan dei går ute heile året. Flott og sosial tur! Kjekt å kunne bidra med noko nyttig, og få fjellturen som bonus. Takk for laget! Foto Sauesanking Høgeheia 181026 |