søndag 10. mars 2024

Sosial rusletur

Ein liten lun plass

ds 
(med mobilen i 45 grader på sjølvutløysar)

I dag tidleg fekk eg telefon frå broderen. Han og Tone ville ha seg ein snøfri tur. Så då var det naturleg at dei kom hit. Til solsida. Og eit snøfritt område frå Toreheia til Stavensodden. Inkludert Skylefjellet og Høgeheia. Vi gjekk såleis opp her heim til Skylefjellet. 

Veret var strålande. Og ruta heilt tørr og fin. Så tørr som det nesten let seg gjere. Fantastisk! Rett nok var det ein litt trekk i lufta då vi kom opp over Rinda. Som tenkt. Den solrike sørsida er alltid mindre trekkfull enn oppe på fjellet. Så langt ute mot havet. 

Elles hadde vi matykt på toppen. Kaffi og skiver. I grasbakken nedom varden. Og praten gjekk livleg. Latteren sat laust. Både opp og ned. Kjekk tur. 

Etter vedhogsten med Sillan og Håvard i Gjerdedalen i går, vart dette såleis andre dagen på rad broderen var i Stongfjorden. Vakker og vårleg som bygda er på denne tid 😊

Foto Skylefjellet 100324

Ingen kommentarer: