mandag 25. mars 2024

Fantastiske Toreheia og Skylefjellet

Frå ruta mellom Toreheia og Skylefjellet t.h. i dag
Vi ser Krikavatna, Mangevatna og Stavenesodden med Høgeheia ute t.v.

Suveren påsketur til Toreheia, Skylefjellet og Mangevatna i dag. Nydeleg solrik dag. Og bortimot vindstille. Litt is i stien i første delen av ruta frå Yndestad. Og litt hardpakka snø i siste stigninga mot toppen frå ruta via Krikavatna. Ja, om du ikkje er så glad i snø så er turalternativa her oppe utruleg bra no. Og det hadde vore folk her oppe i går òg... 

Elles traff eg på ein gamal kollega på Skylefjellet. Saman med ei venninne. Vi fekk oss ein god prat her. I det fantastisk stille og flotte veret. Eg tok så returen via Mangevatna. I det klåra vatnet pila kjøa frå land. Kjempetur!

Foto Toreheia Skylefjellet og Mangevatna 250324

Ingen kommentarer: