tirsdag 5. mars 2024

Nydeleg vårtur

Utsikt heim igjen frå Yndestadhøgeheia


Motiv ved Krikavatnet

Utsikt mot Krikavatna, Mangevatna, Skylefjellet og øyane i Florø

Stongfjorden

Utsikt mot sør
vi ser m.a. Skålefjelellet, Svarthamrane og Moldura

Utsikt frå Toreheia -  
vi ser Alden ytst ute i vest
fjella ved Askvoll t.v. og Staveneset i midten- framme i midten toppane på Yndestadhøgeheia

Så var eg endeleg tilbake på Toreheia. Etter ein lengre periode med trening i trimrom, heime og 3 veker på Haugland, var det herleg å få kjenne på den friske vårlufta i bakkane på ruta frå dørstokken heime. Tørt og fint heile vegen. Til Rinda, Krikavatnet og opp dalen til topps. Returen gjekk via Yndestadhøgeheia, Selda og heim til Yndestad. Oppe i dalen låg det litt isete snøflekker mot nord, men elles var det bort i mot snøfritt heile vegen. 

På veg over Yndestadhøgeheia traff eg ein kar eg kjende frå Askvoll. Vi vart preikande eit bèl. Kjekt. Elles såg eg ein person med hund på ruta til Krikavatnet då eg kom ned att heia lenger i sør. 

Fantasktisk flott og solrik dag. God temperatur (11,5 grader her no), men frose på i høgda. 

Bilder Toreheia 050324


2 kommentarer:

Anonym sa...

Tur i morgon, Gæs…?

Gustav Skaar sa...

Godt mogeleg. Kjem du hit? Sender ein pm i kveld.