søndag 17. mars 2024

God varme...


I Gjerda i Stongfjorden

Nok ein flott dag med ved-arbeid inne hjå Håvard og Miriam i Gjerda. Veden varmar som vi veit fleire gonger. Iallefall når den skal sagast på rot, fraktast til gards, delast og kløyvast - ja, og så leggast opp i lad for tørking. Reint fysisk er det såleis god trim. Og veldig givande i fint vårvèr (ein ser med det blotte auge kva som blir gjort - det er ikkje alt arbeid som rett og slett viser igjen)! 

Godt kva som er gjort med varmen til neste vinter. Greitt nok, vi har ei toårig varmepumpe, men ingenting slår god ved og varme i omnen.  

1 kommentar:

Gustav Skaar sa...

I dag vart det nokre timar med å legge opp veden i lad. Godt arbeid i kald nordaust vind!