fredag 1. mars 2024

Dagens trim

 

Hin dagen - Trilletur frå Søråshøgda til Lagunen

Då er vi tilbake i Stongfjorden etter ei veke med barnepass i Bergen. Di fleire hender i arbeid di betre 😀Olaug har jo fått tre nye barnebarn. Dei er berre nokre månader gamle. Så det har blitt mange trilleturar, rusling innadørs, p(r)omp og prakt... 😁 Og no er dei her og!

I tillegg til ungar vart det òg to besøk til tannlegen- A to timar. Heilt usliten! For å få på plass ei rotfylling. Rota skulle vise seg så spesiell at eg lyt til pers ein gong til - håpar eg når toppen då - eller rettare sagt botnen😕

Elles veldig kjekt å vere tilbake i bygda å få nytte seg av trimstudioet til Jeff Pedersen i gamle fabrikken. Rommet er veldig bra utstyrt! Har brukt det ganske mykje i det siste. Også i dag. Har fått god sans for romaskin, trimsykkel, vekter, bøy og tøy. Noko eg sette veldig stor pris på Hauglandsenteret òg. Så shit i dårleg vèr og fjell når ein har eit så bra trimtilbod i bygda. Fjella ligg no der. Dei er ikkje noko must lenger.... Dei bestig vi når det høver seg slik. 

God helg!

Ingen kommentarer: