mandag 20. juni 2022

EI kvit vegg kom og gjekk

Sommaridyll ved hytta ved Krikavatnet

"Men skulle du ikkje ha sett. Då eg kom ned til Krikavatnet fordufta skodda som dogg for sol"

Brått såg eg ein kvit vegg kome veltande inn fjorden. Dette etter å ha gått på Skylefjellet og begynt opp nordvestsida av fjellet til Toreheia. På denne sida av Toreheia er det ein bra sauesti til å begynne med, men stien er fråverande  lenger oppe. Og ikkje noko merke. Så då var det berre å gje på opp bakkane for å nå toppen før den kvite veggen... (For ned igjen til Krikavatnet langs dalen er det bra merka og greitt å gå i skodde. Eg ser likevel at det må til litt remerking for dei ukjende....) Som det er sagt i kallen og katten - "han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund"... 

Men skulle du ikkje ha sett. Då eg kom ned til Krikavatnet fordufta skodda som dogg for sol. Og det vart like fint vèr som turen opp på Skylefjellet. Ja, havskodda kjem jammen fort på deg. Det er fint at mange av turane i Askvoll-fjella er godt merka.  

søndag 19. juni 2022

Fin tur med Sillan og Tone

Ved inntaket til det gamle kraftverket...
 


Skylefjellet på fredag

Kjekk tur langs Industriminneløype i Stongfjorden igjen. I dag med Sillan, Tone og Olaug. Innsjekk av post på TiTur Dalsfjorden. Opplett. Bra temperatur. Men alvorleg vått etter heftig regn i natt.   

Industriminneløypa er ikkje så lange turen. Men fint å kunne ha god tid til det sosiale. Og ikkje berre "springe" opp og ned. 

No står Styggeheia på Steiestølen igjen av dei 10 turane på TiTuren. Den godbiten tek vi i saman ein fin dag seinare i sommar. 

torsdag 16. juni 2022

Skoddeheimen - igjen....

 

Arkiv: ruta til Skylefjellet

Jammen var det opplett i går. Fin tur på Fristadfjellet. Fekk meg ein liten prat med Gunnar Askevold igjen. Kjekt. 

I dag derimot var det tilbake til det vanlege. Tjukk, tjukk skodde på Skylefjellet. Berre ein 5 meter sikt på heile ruta frå Rinda. Likevel var det lite regn i lufta. Så det vart no ein flott trimtur i skoddeheimen. Under er ei samling bilder frå Skylefjellet. I litt betre forhold enn i dag. 

tirsdag 14. juni 2022

Eg stikk av...

Midtsommar-draumar

Nei, no stikk eg av! Himmel og hav for ei bløyte. Etter nokre dyvåte skoddeturar på fjelltrimpostane er det jammen godt å få skrive ut billettane til Kreta! Passa er brennheite. Eg treng eg sol og varme. Sleike sola! Så ved solsnu anten det er so eller so, ja så fær vi. Peter får halde fortet heime. Eg skal dovne meg på ei solseng med iskaffi og ei reise i Himalaya. Over 600 sider. Med kart og greier. Ei fin gåve frå Marie og Øyvind.  

No blir det vel til at eg går ei eller anna ravine. Samaria Gorge har eg gått tre gonger før (sjå høgremeny). Eller opp på ein topp der òg. I berre shorts. På morgonen før det blir for varmt.😀

Ahh - godt å tenke på. Kome seg vekk ei stund. Til sol og varme. Det trur eg vi alle har godt av! Sjølv treng eg iallefall ein pause frå strivæta og skodda. 

Nok ei våt bløyte i skodda i dag...





søndag 12. juni 2022

Lågterskeltilbod


Frå Industriminneløypa i dag - skodde og regn,,,



I dag var berre himmelens sluser vidopne. Så det vart ingen fjelltopp. For oss som likar å gå i fjellet, er det gjerne rart "Solsidevegen" når vèret er på det dårlegaste. Harmonerer jo ikkje heilt med namnet. Ei fullstendig bløyte. Gjørme, elvar og myr overalt! Og då meiner eg overalt! 


Det er fleire rundløyper ein kan ta her heime utan å gå på toppane. Fine turar med ungar. "Solsidevegen" kan ein kombinere med å gå Industriminneløypa, Stongåsen eller til Trengjeskaret og Brandhaugen og ned til Gjerda. Godt merka er det òg. Så då vart det ei runde i dag òg. Fjell fekk vere fjell. Men lufteturen i boks. 


 

lørdag 11. juni 2022

Vindfullt på Toreheia

 





Vindfullt og grått på Toreheia i dag. Men og eit par gløtt av sol. Litt vått etter regnet i det siste. I Goretex joggesko og låge gamasjar heldt eg meg likevel tørr på føtene. 

Oppe ved toppen måtte det fram ekstra klede i den sterke vinden. Her oppe leika det seg 9 ørnar i lufta. Reine stemnet! Sikker fleire av årets kull. Men nokon dau sau/lam såg eg ikkje. Ørnene likte seg vel i den friske vinden. 

Ned igjen gjekk eg ruta vest til Skylefjellet og heim igjen, Friskt heile vegen.  


fredag 10. juni 2022

Før regnet kom...

 


Fint på Kvamsnipa før regnet kom


Etter ein skodde-tur på Fristadfjellet i går, gjekk turen tilbake til Kvamsnipa i Skorvemarka i dag tidleg. Delvis skya og mild søraust vind på toppen. Heile ruta er no snøfri. Fekk meg ein kjekk og god prat med Gunnar Osland der oppe. 

tirsdag 7. juni 2022

Med Nordre Askvoll Helselag på tur



På oppfordring gjekk eg i dag Industriminneløypa i Stongfjorden med ei litt amputert utgåve av Nordre Askvoll Helselag. I det fantastiske sommarveret hadde vi oss ein retteleg kjekk tur frå sentrum i Stongfjorden og opp til den gamle fotballbana. Den første grasbana i fylket er det sagt. Vidare opp vegen til den flotte gapahuken der vi hadde oss eit lite stopp. Så opp skogsvegen til posten for TiTur Dalsfjorden. I varmen var det godt å gå i den avkjølande skuggen av lauvtre oppover vegen. Fuglesongen følgde oss overalt. 

Rundturen vidare gjekk på god og merka sti til enden av Oslandsvatnet og demma. Så under demma og langs den gamle røyrgata ved Litjevatnet. Over brua og opp til inntakskammeret av kraftutbygginga. Deretter ned røyrgate til stasjonen i sentrum. 

Veldig kjekk tur dette med blide folk og gode samtalar. 

Eg reiste så heim igjen og åt meg litt mat før eg gjekk opp att til fotballbana. Vidare opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet. Veldig bra å kunne gå i joggesko, shorts og t-skjorte. Det gjekk radig opp og ned! 

Foto Industriminneløypa & Skålefjellet 070622 

mandag 6. juni 2022

Yrande folkeliv i bakkane

Olaug, John og Torill

Det var eit yrande folkeliv oppe gjennom bakkane på Atløyna i dag. Nærare bestemt på Hovden nær Høyvika der det er post på TiTur Dalsfjorden. I det fantastiske sommarveret var det også 3 telt nær toppen. Her hadde fleire ungar og vaksne overnatte. Så det vart ein prat med mykje kjentfolk både her og der. 

Initativet med TiTur Dalsfjorden er supert. Og får både gamal og ung ut på fleire turar enn dei i utgangspunktet gjerne ikkje ville ha gjort. Ein av dei som har jobba fram dette er John Lien. I lag med Torill har dei også merka og remerka mykje av stiar rundt omkring, Applaus!  

Elles er det utruleg flott utsikt frå alle toppane på Atløyna. Og sjølvsagt også Hovden. Nydeleg utsikt heim att til Stongfjorden og. 

Foto Hovden 060622

Eg har blogga mange innlegg om Atløyna tidlegare. Søk her. 

(Bilder og videoar)


Elles vart pinsa unnagjort i konfirmasjonens teikn. Vi var i Leikanger til tantejenta til Olaug sin dag, Overnatting frå lørdag til søndag på Slinde. Heilt perfekt. Men bilda frå dette er av meir privat art.  

Lunden på Slinde


onsdag 1. juni 2022

Fin førsommardag



Flott tur på Skålefjellet igjen i dag tidleg. Sjekka inn kl 09.50. Same ruta som sist opp Gjeredalen og Brekke og over den bratte hammaren ved første elva. Men i dag gjekk eg ned att andre vegen om Skålefjellsvatnet. Delvis skya og god temperatur. Vindstille.