Juni er på trappene - allereie! Finaste og lysaste tida. Vi får tru at juni gir oss meir smak av sommar enn kva mai har gitt oss i år. Iallefall ber bilda eg her har samla von om det! God helg 😄
fredag 29. mai 2026
torsdag 28. mai 2026
Nydeleg på Taket
Eg vart med The Ladies på ein ny TiTur topp i ettemiddag/kveld. Nemlig på Taket på Steiestølen. Vi hadde jo ein flott tur nyleg lenger ute på sørsida 19.mai. Den finn du her. Veret var delvis skya. 10-12 grader og omlag vindstille. Av og til stakk sola gjennom òg. Så det vart ein nydeleg tur opp dit på godt merka sti.
I gamle dagar gjekk vi mykje oppe i Seiestøl tkraktene. Både sommar og vinter. Fisking og skiturar. Veldig kjekt å kome tilbake hit då eg dei seinare åra har godt desidert mest på nordsida av Dalsfjorden. Takk til The Ladies for fin tur. Alltid kjekke turar dette då praten går livleg - og eg egentleg slepp å seie så mykje... 😎
lørdag 23. mai 2026
Våt stolpejakt og kulturdag i Skjolden
![]() |
| Greitt å kome under tak |
![]() |
| Og jula varer heilt til .... |
![]() |
| Utstilling Vår Verdsarv |
Det hølgja ned då Olaug og eg gjekk Stolpejakt i Skjolden i dag tidleg. Opp ved Fortunselva og Vassbakken.
onsdag 20. mai 2026
Kjekke turfolk frå Florø
![]() |
| Flott gjeng frå Florø |
![]() |
| Magnar og meg Vi fekk besøk i Stongfjorden i dag. Ein flott gjeng på 14 turdeltakarar hadde teke turen frå Florø for å gå på Høgeheia og Furefjellet på Stavenesodden. Dette i regi av Flora Turlag. I det høve fekk eg ein førespurnad frå Signe Nordvik for ei stund sidan om eg kunne orientere litt om Stongfjorden si kulturelle historie. Knytt opp mot dagen i dag. Så eg allierte meg med Magnar Vie. Han kan meir om bygda enn ein innflyttar som meg (ok - eg har budd her i snart 30 år då 😄). Som vi alle veit er Stongfjorden særs rik på historie. Spesielt når det gjeld industrireisning som den første aluminiumsindustrien i landet, kraftutbygging og etablering av fagforening. Og med eit uttal av lag og organisasjonar. Første fotballbana av gras i fylket og tennisbane. Ja, på det tidspunktet var her mykje folk i bygda. Faktisk fleire enn i Førde! Og den rikdom som prega bygda i "gamle dagar" gav godt rykte rundt omkring. Før turlaget køyrde ut i Holevika hadde Magnar såleis eit føredrag om historia til bygda. Supplert med nokre innspel frå meg. Og til slutt vart det mange innspel, så tida gjekk altfor fort 😊Ja, det vart ei reint triveleg stund ved Grendahuset. Og det tok lenger tid enn planlagt. Når sant skal seiast kunne vi sikkert ha blitt sittande der endå😀. Når det galdt turen vidare tok turleiar Signe Nordvik seg av resten. Ho er kjend i traktene og har vore på Høgeheia tidlegare. Så eg "slapp" i dag. Men før vi skildest tipsa eg dei om turen til Skylefjellet. Og køyrde difor først ut på Yndestad for å vise dei kor turen startar ved skiltet ved riksvegen. Her er det godt merka vidare oppover. Fleire sa dei ville prøve denne turen seinare. Ja, dette vart ein veldig kjekk start på ein vanleg onsdag i mai. Håpar på gjensyn. Takk for møtet! |
tirsdag 19. mai 2026
TiTur Hellevikåsen og Kalvhøgstølfjellet
torsdag 14. mai 2026
The special one
![]() |
| Goodbye - you`ve done your deal |
Det fekk nesten litt metaforisk tyding då eg sa farvel til mi gamle Paramo-bukse etter dugnaden på Stangfjord kulturkapell i dag. For dette vart siste reise for buksa. Den hadde tent meg godt i mange år. Og kva passa vel ikkje betre enn at siste turen vart her ved den gamle kyrkja. Ja, og så på Kristi Himmelfartsdag. Ja, no kan eg minnest denne buksa med glede. The special one 😃
onsdag 13. mai 2026
TiTur Bjergastølen
![]() |
| Selfie på Bjergastølen i ettermiddag |
![]() |
| Dale i lett duskregn |
Inn mellom stolpejakt og tur til TiTur posten på Veten booka eg i ettermiddag inn på TiTur posten på Bjergastølen. Som det ligg i namnet ein av ti på årets mål i år. Turen gjekk den mest brukte ruta frå Otterstein og opp. Først gjennom granskogen mot Fossevikja og deretter opp bakkane mot vest. Dette er same ruta som ein nyttar til Eikenesstølen og Fløyen og Heileberget.
Det var litt regn i lufta og vindstille. Grei tur. Sjølv om eg personleg ikkje er så glad å gå i granskog. Men dette er jo nødvendig for å kome seg opp her på nordsida av Dalsfjorden (om ein ikkje tek båt til Fossevikja).
mandag 11. mai 2026
TiTur post på Veten, Atløy
![]() |
| Her sit eg i veten på Atløy i bakgrunnen ligg Hovden t.v. og Høgeheia på Stavenesodden t.h. lengst bak |
![]() |
| Utsikt til Eidet og nord i Solund |
I ettermiddag gjekk turen til Atløy igjen og til TiTur Dalsfjorden posten på Veten. Toppen ligg mellom Skålefjellet i vest og Skredvarden/Atløynipa i aust. Ein flott og grei tur opp frå Eidet med fantastisk utsikt (som det måtte vere frå vetar). Og som alltid på godt merka sti. Nydeleg vèr, men ein ganske så kald nordavind på toppen.
Vetar er spanande stoff. Når ein rundt vikingtida sette fyr ved desse siktepunkta langs kysten, fekk ein i si tid varsla om komande farer som kom seglande. Eit effektivt varslingsystem langs heile kyststrekninga vår. Veten på Atløy er kjend. Og du kan lese om den på linken inn under frå Jul i Sunnfjord i 2014. Det som ikkje står i artikkelen er at det sannsynlegvis er ein vete på Høgeheia òg som eg kom over for nokre år sidan (dei meinte det inne på fylkesavdelinga). Og medan vi er inne på gamle kulturminne kan du Sjå blogginnlegg om fangstgrav på Blægja og link til vete på Høgeheia her. Og Vil du lese meir om historia til Veten på Atløy kan du sjå her.
søndag 10. mai 2026
Stolpejakt Herland (2), Høyvik og Sauesundet på Atløy
![]() |
| Ved gapahuken ved Herlandsvatnet |
![]() |
| Herr Stenskvett er på stolpejakt òg - her på free campen ved Tvibyrgssundet |
Olaug og eg tok andre turen på stolpejakt på Atløyna i dag. Og fekk med oss resten av stolpane vi mangla der ute. Den første turen med Håvard og Tiril, Marie og Øyvind og jentene kan du sjå bilder av her. (Også med linkar til flotte bilder og turar frå arkiv). Veret i dag var overskya med litt regn i lufta. Og ein ganske så kald nordaust vind.
Turen gjekk først til Herland der vi fekk scanna inn resten av stolpane ut mot Tvibyrgssundet. Deretter køyrde vi tilbake til Sauesundet og parkerte bilen ved butikken. Og gjekk runda om idrettsbana og Nedre Grov og rundt. Så var det ny etappe til Høyvika. Her fekk vi med oss alle stolpane ut mot Rindane og til Herlandsvatnet. Så då var alle stolpane på Atløyna scanna. Totalt 43 her ute. På neste tur får vi håpe på litt varmare vårvèr enn i dag.
Foto Stolpejakt på Atløy 100526
torsdag 7. mai 2026
På Solsidevegen
![]() |
| Geitene beiter ved Solsidevegen |
![]() |
| Litlevatnet og Skålefjellet t.h. |
onsdag 6. mai 2026
Lett stolpejakt i Dale
![]() |
| På stolpejakta i Dale går ein forbi Borgen og Lassedammen på Bjerga |
Stolpejakta i Dale er laga for alle. 11 greie stolpar er plasserte ut til å scanne. Også rullestolbrukarar kan ta seg fram løypa frå sentrum og via gamlemoloen, Bjergelandet og Longehogen. Absolutt å anbefale for store og små, pensjonistar og rørslehemma til å kome seg ut ei lita runde på tur. Flott laga til med info for kvar stolpe på appen.
Stolpejakta er eit veldig bra initativ av arrangør Værlandet Il i samarbeid med Askvoll og Fjaler kommune. Du kan elles registrere deg på stolpar over heile landet.
søndag 3. mai 2026
Flott stolpejakt på Haugland
![]() |
| Olaug på Storåsen |
![]() |
| Flotte nye bruer på Haugland |
![]() |
| Og vi kom over ein leir for barnehagen vest av Stormyra |
Ut på dagen i dag, og etter at Marie og Øyvind og kidsa var reiste, køyrde Olaug og eg til Haugland for stolpejakt. I nydeleg vèr, men med ein ganske så kald nordavind. Vi tok sikte på å ta den lengste turen til Storåsen først. Her står det ein svart stolpe (hovudbilde). Heilt supert opp gjennom bakkane. Først på tørr skogsveg og lenger oppe over Stormyra på tørt skogsterreng.
Etter at vi var komme opp her og scanna stolpen, gjekk vi ned att same vegen til Stormyra. Her gjekk vi så vestover til ein raud stolpe som stod i krysset mot Pollaneset og Røbua. På veg utover kom vi over ein leir for barnehagen (sjå bilder). Artig! Deretter gjekk vi inn til Becker-huset der vi hadde parkert. Her inne åt vi nista med nydeleg utsikt til Hauglandssenteret. Så gjekk vi heile runda rundt Haugland og scanna stolpane her.
På veg heim stakk vi oppom broder Leif-Arne og Anita som bur i Flekke. Dei var heime og vi fekk servert både kaffi og kake. Kjekt!
fredag 1. mai 2026
Nydeleg stolpejakt på Herland
![]() |
| Ein god matbit etter stolpejakta |
![]() |
| Her er vi ved stolpen heilt i nord - fin utsikt til Alden |
![]() |
| Tiril kosar seg på dei flotte berga vest på Atløy... Kinn, Reksta, Skorpa og Store Batalden i synsranda. |
![]() |
| ...og dansar på ei flott bru eldsjeler har snikra - før dei tre bukkene Bruse kjem 😄 |
I dag reiste vi til Askvoll og tok ferja til Gjervik på Atløy. Vi det var Håvard & Tiril, Marie & Øyvind med Villemo og Tuva, Olaug og underteikna. Oppdrag - stolpejakt på Herland. Så vi køyrde ut på vestsida av øya og tok føre oss stolpane nordover langs kysten. Og som alltid før på Atløy var stien og merkinga heilt super. Blå gode merker som står tett. Ny plank utlagd over våte parti. Og heller somme stader. No har eg skrytt av merkinga, utlagde klopper og stein fleire gonger før på Atløy. Og nokre av dei finaste turane eg har hatt i kommunen har vore her ute. Sjå Creme de la Creme og ein TiTur link her. Merking er viktig - for som vi veit kjem havskodda veldig fort på ute ved kysten. Så det er ei stor sikkerheit at ein har utført så godt arbeid. På rein idealisme. Nok ein gong stor applaus til flinke eldsjeler👏
Elles må eg få nemne frå turen at småjentene til Marie og Øyvind var veldig flinke å gå. Dei gjekk omlag halve vegen nordover til Nordre Stølsvika der den siste svarte stolpen står. Det er nemleg eit stykke ut hit.Vi andre (sjå foto) heldt fram og fekk med oss alle stolpane før vi returnerte. Vi hadde oss elles ein god matpause sør om Herlandsvatnet. Her står det ein god benk og bord. I det fine vèret var dette kjempeflott!
Foto stolpejakt på Herland 010526
Arkivbilder frå Atløy 👇


























