Eg vart med the Ladies (sjå foto) på ein liten TiTur ekspedisjon på sørsida av Dalsfjorden i kveld. Vi har visst snart tradisjon på denne turen. Så vi tok 15.10 ferja frå Askvoll. Først til Gjervika så til Fure.
Første stopp var Hellevika. Og vi fekk parkere ved Rune Berge sitt lager eit stykke frå der stien tok oppover furuskogen. Fin og lett tur på god sti. Bra merka. Her oppe fekk vi på oss ei lita regnbyge. Men det vart ikkje vått i terrenget.
Neste stopp var på Gjølanger. Her gjekk vi opp ein lengre skogsveg. Som deretter vart til god og godt merka sti til Kalvhøgstølfjellet (må innrømme at namnet skaper meg litt bry). Så dermed fekk vi sjekka ut to postar på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden. Takk for turen!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar