onsdag 20. mai 2026

Kjekke turfolk frå Florø

Flott gjeng frå Florø 

Magnar og meg

Vi fekk besøk i Stongfjorden i dag. Ein flott gjeng på 14 turdeltakarar hadde teke turen frå Florø for å gå på Høgeheia og Furefjellet på Stavenesodden. Dette i regi av Flora Turlag. I det høve fekk eg ein førespurnad frå Signe Nordvik for ei stund sidan om eg kunne orientere litt om Stongfjorden si kulturelle historie. Knytt opp mot dagen i dag. Så eg allierte meg med Magnar Vie. Han kan meir om bygda enn ein innflyttar som meg (ok - eg har budd her i snart 30 år då 😄).

Som vi alle veit er Stongfjorden særs rik på historie. Spesielt når det gjeld industrireisning som den første aluminiumsindustrien i landet, kraftutbygging og etablering av fagforening. Og med eit uttal av lag og organisasjonar. Første fotballbana av gras i fylket og tennisbane. Ja, på det tidspunktet var her mykje folk i bygda. Faktisk fleire enn i Førde! Og den rikdom som prega bygda i "gamle dagar" gav godt rykte rundt omkring.  

Før turlaget køyrde ut i Holevika hadde Magnar såleis eit føredrag om historia til bygda. Supplert med nokre innspel frå meg. Og til slutt vart det mange innspel, så tida gjekk altfor fort 😊Ja, det vart ei reint triveleg stund ved Grendahuset. Og det tok lenger tid enn planlagt. Når sant skal seiast kunne vi sikkert ha blitt sittande der endå😀. 

Når det galdt turen vidare tok turleiar Signe Nordvik seg av resten. Ho er kjend i traktene og har vore på Høgeheia tidlegare. Så eg "slapp" i dag. Men før vi skildest tipsa eg dei om turen til Skylefjellet. Og køyrde difor først ut på Yndestad for å vise dei kor turen startar ved skiltet ved riksvegen. Her er det godt merka vidare oppover. Fleire sa dei ville prøve denne turen seinare. 

Ja, dette vart ein veldig kjekk start på ein vanleg onsdag i mai. Håpar på gjensyn. Takk for møtet!

Ingen kommentarer: