fredag 30. august 2019

Paleochora



I skitvèret mekka eg i hop eit eige album frå Paleochora.
Kjekt å ha bilda litt oppsplitta. Og lett å finne tilbake til seinare.

Eg har ein plan om å kunne gå E4 løypenettet frå Elafonisi til Paleochora, Sougia, Loutro, Agia Roumeli og Sfakia. Eg kjenner at eg har fått eit nært forhold til sørkysten av Kreta. Dei bilfrie stadane som Loutro og Agia Roumeli er heilt spesielle. Dei minner litt om Symi på Rhodos.   

søndag 25. august 2019

Sommarminner frå Kreta 2019

Paleochora

Loutro

Agia Roumeli

Eit uidentifisert dyr i Paleochora

Olaug og Magni klar for kvelden

Sykkeltur til Gialiskari Beach

Almyrida hjå Karin G.Nyberg

Almyrida

ds

Minne frå Paleochora

Dei 14 siste dagane har eg levd livet som strandløve på sørkysten av Kreta. Nærare bestemt Paleochora. Og tettstadar som Sougia, Loutro og Agia Roumeli. Ja, utanom nokre timar gjennom Samaria Gorge, har mykje av tida gått med til å nyte dagane på x-antal solsenger. Somme som føl meg på Facebook har kanskje fått med seg oppdateringar frå fleire strender der sør. Det vart testa ut mange denne gongen. For jammen var det ein heil brote å velge i òg. Sørkysten av Kreta er nesten berre strender - og fjell... Ein dag tok vi likevel bussen over øya til Chania. Her henta Karin G. Nyberg oss, og vi nytta dagen i Almyrida. Karin er svigermor til Øystein, bror min. Men jammen vart det testa ut både solseng sandstrand her òg...😂 

Libyan Princess, hotellet vi budde på, var heilt flott. Stort dobbeltrom, reint og triveleg. Og hotellet var egentleg veldig stille. Frukosten heilt topp. Paleochora elles viste seg som ein liten triveleg småby. Spesielt var det at ein stengde mange av gatene langs havneområdet for trafikk kl 19 om kveldane. Noko som førde til mykje liv og røre langs promenaden. Det var mykje ungar og folk ute. Både til mat, sosialisering og leik. Triveleg. 

Første veka vi var vekke var elles Magni Rivedal med oss på tur. Som fleire gonger før. I den veka var vi òg ein tur til Loutro, ein koseleg liten stad litt lenger aust på kysten(sjå fotoserie). Hit kjem du deg ikkje med bil i det heile. Kun med båt og til fots. Loutro er ein knallflott plass. 

Minne frå Loutro

Som nemnt ovanfor gjekk eg Samaria Gorge igjen i år òg. For tredje gong. Historia og ravina er etter kvart kjend. Men det dårlege vèret førre vinter hadde gått hardt ut over nokre bruer og eit parti av stien. Dette var no fiksa og stien lagt litt om nede rundt det smalaste partiet. I år gjekk eg ravina non stop så eg fekk god tid på stranda i Agia Roumeli før båten skulle gå tilbake til Paleochora. Til starten oppe på fjellet gjekk det minibuss. Ravina er 18 kilometer lang. Når du er vel nede kan du kjøpe deg t-skjorte med påteikninga "I survived Samaria Gorge".  

Elles kan vi konkludere med at vèret var topp i 14 dagar, pluss/minus 30 grader med litt vind no og då. Dagane prega av god mat og drikke. Og mykje sol. Og det var vel heile meininga. Så får vi heller prøve å gjere ein jobb med å få av oss litt ekstra dødvekt etter turen ....😂


 Agia Roumeli.
Her kjem du ut frå Samaria Gorge 





Loutro


fredag 9. august 2019

Dalsfjorden søk

Broder Sigvard var kaptein i dag.
I bakgrunnen Boge og fjella Dokka, Moldura og Bakkefjellet

Rivedal med Bakkefjellet, Rivedalskletten og Røyrbotnholten
 
Straumsnes og ein bit av Vårdal

Austover Dalsfjorden.
Heileberget t.v.

Rivedal

Bortheim

Eg vart i dag igjen med på eit søk i Dalsfjorden etter den sakna personen som fall i sjøen for tre veker sidan. Sidan vi reiser 14 dagar til Kreta i morgon, var det kanskje siste gongen eg vart med. Diverre utan resultat. 

Også i dag var det veldig flott langs Dalsfjorden. Fjorden eg er så glad i. Så eg publiserer nokre bilder eg tok med mobilen undervegs på ruta vi hadde, bror min og eg. 

Øyvind Selvik & Frida Leknes hjå Galleri Rintler






Det vart ein veldig koseleg kveld i Galleri Rintler i Stongfjorden i går kveld då Øyvind Selvik og Frida Leknes heldt konsert. Kjekt det var møtt opp så bra med folk. Melodiane var for det meste henta frå Øyvind sitt nye album "Amerika". Men eitt ferskt nummer vart presentert. I tillegg framførte Frida Leknes eit solonummer som ein smakebit på hennar arbeid.  

Eit vakse publikum kosa seg i den intime stemninga i regi av Charlotte May Rintler og hennar galleri. Og som vanleg var det engelsk snitt over kaker og te. 

Foto og video frå Galleri Rintler 080819

Som Google Fotos


P.S. No veit eg at Øyvind er Liverpool fan. Laget opnar tilfeldigvis årets sesong i Premier League i dag. Så då høver det å legge inn ein ekstra "story" her... Både som honnør til Øyvind og engelske Charlotte. Takk for ein fin kveld.



torsdag 8. august 2019

Nydelege Fossedalshengenipa

Nydeleg på Fossedalshengenipa i dag tidleg.
Vi ser mellom anna Langevatnet ved Nipebu.
Det er ei stund sidan eg har vore på Fossedalshengenipa. Så eg valde ein tur hit i dag. Turen er forsåvidt ikkje lang. Spesielt ikkje frå nordsida av kommunen. Og spesielt ikkje etter at den nye kraftvegen frå Skjerlia såg dagens lys. Den ender no ovanfor Grunnevatnet. Er du i nokolunde form går du opp på Fossedalshengenipa på ein times tid frå parkeringsplassen ved den nye kraftstasjonen ved Markavatnet. Turen er sjølvsagt ein god del lenger frå Dale eller Rivedal via Nipebu. 

Det låg ein del skoddedottar her og der i dag tidleg. Men eg slapp unna alt av regn på turen. Sjølve stigninga opp ryggen består av konglomerat fjell.  Steinen var tørka bra inn, så spesielt glatt var det ikkje opp. 

Ryggen på Fossedalshengenipa består av konglomerat stein


Elles gjekk eg berre opp og tilbake til bilen i dag. Ein grei trimtur. Måtte liksom gå denne før sjølve sommarturen til Kreta på lørdag...😎


Bildevideo

Direkte på Facebook


søndag 4. august 2019

Inga skoddelette

Vadet ved Krikavatna med lite vassføring

Klamt og skoddevått på Toreheia i dag

Krikavatna med vadet mitt i bildet

I dag prøvde eg å vente ut skodda. Det viste seg fånyttes. Til slutt tok eg turen på Toreheia for å sjå om eg kunne gå meg gjennom skoddelaget. Det gjorde eg aldri. På toppen var skodda tjukk. Ja som graut... Då vart det berre til ein rask trimtur opp og ned. 

Eg gjekk forresten forbi først naboen med følgje. Deretter eit vakse par oppe ved hytta til Wilken. Paret passerte eg på veg ned igjen òg. Då stoppa eg opp og slo av ein prat. Dei var glade for merkinga. Og skrytte av den. Eg gav dei vidare eit par tips på vegen opp i skoddeheimen sidan dei ikkje hadde vore på denne ruta før, men på Skylefjellet. Eg nikka bifallande då området fekk skryt. Etter ønskje om god tur, sprang eg berre heilt heim igjen...


lørdag 3. august 2019

Trim, hund og hète

Stongfjorden med mobil i dag



Som åleine hundepassar for hunden Mello til Miriam i helga, hadde eg ikkje samvit til å stikke avgarde så lenge i dag. Hunden likar seg særs dårleg ute i det varme vèret. Og då Olaug reiste til Strynefjellet med Anne S. fann eg ut at eg måtte halde meg "nokulunde" heime. Men som de ser gjekk eg meg likevel ein rask tur på Høgeheia og vidare vest til Furefjellet på Stavenesodden. "Standard" trim-rute får eg nesten seie... (Vel, kanskje har eg fleire...😃) 

Etter at Høgeheia i år er post på TiTur Dalsfjorden har toppen hatt utruleg mykje besøk. Mange har òg overnatte både i telt og i hengekøye. De er nemleg laga gode feste for fleire hengekøyer på toppen. Å nyte solnedgangen frå hengekøya er ei fantastisk naturoppleving. Noko fleire har kunne oppleve i det siste. Så her er det berre å ta med seg ungane og dra ut for ei flott naturoppleving. Turen på Høgeheia er flott for alle. 


fredag 2. august 2019

Kjekke fjellfolk

Camilla Norstrand med Heine og Hedda
(foto med løyve)


Luftig på Atløynipa

Skodde hist og pist...

I dag hamna eg på Atløyna igjen. Litt tilfeldig. Det hadde seg nemleg slik at fruen hadde gløymt mobilen heime då ho fòr på arbeid, og for godt husbondskap måtte eg nesten køyre ned med mobilen. Du veit kvinnfolk og mobil... 😄 Sidan klokka heime passe fint med 09.05 ferja til Atløyna, var det berre å hive seg rundt. 

No skrytte eg fælt av Atløyna sist - og gongen før det - i sommar. Og det står seg like godt etter denne turen. For i dag tok eg runda frå Herland via Skålefjell til Skredvarden og Atløynipa med retur til Eide. Ein fantastisk rundtur som mange fleire burde prøve. 



No var det tjukk skodde på Skredvarden då eg stod på Skålefjell og kikka søraustover. Men eg var overbevist om at denne ville forsvinne når sola fekk litt betre tak. Det stemde på ein prikk. For då eg begynte oppstigninga i "krysset" der stien deler seg til Eide, fekk sola tak. Så skodda forsvann som dogg for sol nokre minuttar seinare. 

Rett under toppen traff eg ei jente med son og dotter. Og som gode fjellfolk kom vi i snakk. Rart med det. Det er i grunn lettare å kome i kontakt med godt folk på fjellet enn i byn... Ein liten presentasjon synest eg alltid er på sin plass. Ho Camilla Norstrand hadde like godt overnatta med begge ungane på Skredvarden ho. Sporty. Oppe i skoddeheimen. Men solnedgangen hadde visst vore perfekt. Vel, dei var på veg ned igjen til Eide, medan eg gjekk siste meterane til toppen for deretter å halde fram til Atløynipa. 

Bilda fortel vel sitt. Litt skoddedottar hist og pist. Og toppen på Alden dukka opp frå skoddehavet òg. Det er noko befriande med å stå her oppe. Panoramutsikt i alle retningar. Og havet der ute. Nesten rett framfor føtene. Herleg. 


Filmslide Atløyna i dag

Turen frå Skredvarden til Atløynipa er ikkje all verda lang. Eg tok ikkje tida på turen bort, men kanskje gjekk det ein halvtime eller så. Som ein ser av bilda låg det litt meir skodde her. Den kom og gjekk. Så noko godt bilde mot Dale-traktene fekk eg ikkje i dag. 

Etter nokre fotoshots bar så turen ned igjen til "krysset", og vidare ned til Eide. På flotte merka og gode stiar. Framifrå utført arbeid. Og som om lukka allereie ikkje hadde stått den kjekke nok bi i dag, så traff eg att Camilla (no på førenamn) og Heine og Hedda på Eide. Dei hadde som seg hør og bør bada i vatnet. Ja, så køyrde jenta meg like godt til bilen som stod på høgda ovanfor Herland. Perfekt!

Det er verkeleg ei glede å få gå dei gode stiane på Atløyna. Området minner meg forresten ein god del om Toreheia-traktene her heime. Ope og lett terreng utan tre. Ja her er som å bevege seg på eit høgfjellsplatå. Berre at du har havet i alle retningar i tillegg. Makelaust og særeige. 


Direkte på Facebook



torsdag 1. august 2019

Kjapt i Rivedal

Dagens selfie

Utsikt mot sør frå Røyrbotnholten
Vi ser Heileberget t.v. og mot Rivedal og Straumsnes ved Dalsfjorden.
Eg stakk ein kjapp tur oppom Røyrbotnholten i Rivedal i føremiddag. Ei stund sidan eg hadde gått denne ruta. Fjellet er post på fjelltrimmen i år. (For min del er posten greiast å nå via Svelia). Etter boka å dømme har det vore liten aktivitet her i sommar. Kanskje har TiTur Dalsfjorden teke noko av brodden av fjelltrimmen? Det kan nesten sjå slik ut. For nabofjellet, Rivedalskletten, er post på TiTur Dalsfjorden - noko ein stadig vekk blir mint på i sosiale media... 

Vel, vel - nok om det - det viktigaste er at folk kjem seg ut.  Så får det nesten bli eitt feitt kvar turen går. Fjella ligg no der. Til evig tid. Det var som med han amerikanaren som spurde kvar Fjellet låg når alle sa dei skulle på fjellet...😊

Eg sette forresten opp igjen det meste av merkepinnar over myra og opp bakkane. Sauene er harde på desse pinnane. Dei blir stadig knekte og rivne ned.