mandag 17. juni 2019

Applaus til Atløy

Olaug likte seg godt på Atløyna i dag

Solid utsikt i alle himmelretningar
(sjå fotoserie og video)

Dagens fellesbilde

Veldig bra merka stiar på Atløy
I dag tok Olaug og eg turen på Atløyna for å gå på Skredvarden. Vi starta på Herland og gjekk først opp på Skålefjell. (Ja det er eitt av denne sorten på Atløyna òg,..)  Deretter heldt vi fram til Skredvarden. Returen tok vi til Eide. Mest på grunn av å prøve denne ruta òg. Også sidan det drog opp med regn frå sør. Aberet med dette var sjølvsagt 4-5 kilometer på asfalt tilbake til bilen. I godt regnvèr. Bilen stod rett ovanfor utkøyringa på ruta til Brurastakken.

Som headinga viser - applaus til atløyningane og rette vedkommande - for maken til god merking er det sjeldan eg har sett. Fantastisk godt jobba. Veldig bra for oss som ikkje har vore her på mange år. I tillegg var stiane lette og gode å følgje. 

Og så var det den fantastiske utsikta i alle himmelretningar då. Ein osean av sjø, øyar og land. Ja, eg såg faktisk heilt innatt mot Stongfjorden. Og til og med Dalsfjordbrua! Terrenget minte meg mykje om det eg er van med heime frå Toreheia og Ytrevågefjellet. Det er berre så nydeleg å kome seg opp og vekk frå einer, kratt og over tregrensa så kjapt. I øppna landskap. Der ingenting hindrar utsynet. 

Til Skredvarden må absolutt fleire av de landfaste ta turen. Ferja tek no berre 10 minutt òg. For meg gav iallefall dette ein solid meirsmak. Det blir ikkje lenge til eg kjem att. Eg har faktisk lyst ut igjen i morgon. Her er fleire andre toppar som vi ikkje rakk oppom i dag. Men helst kunne eg tenkt meg å lege i soveposen under open himmel ei natt. Ja sett sola gå i havet frå soveposen. Det hadde vore maks utteljing. 



Ingen kommentarer: