tirsdag 25. juni 2019

Kvifor er Askvoll tause?

Utsikt frå Skredvarden på Atløyna til Lutelandet

På Lutelandet kjem det no 230 meter høge vindturbinar.
Konsesjonen er særs mangelfull. Selskapet var blant
 etablerarane av Vindkraftforum S&Fj.
"Konkelimonke" gjennom Fylkesdelsplan for vindkraft og ikkje vurdert i Nasjonal ramme.
Dette sjølv om område nord og sør om er ekskluderte. 

Som vi veit frå Nasjonal ramme for vindkraft er Sunnfjord og Sogn (område19) utpeika blant 13 andre område i landet som veldig godt eigna til utbygging av vindkraft. Eitt av dei viktigaste kriteria for dette er at "Våre overordnede analyser tilsier imidlertid et lavere konfliktnivå i dette området enn i store deler av landet" - eller sagt på ein annan måte - vi let oss lettare lokke til sal av vår felles naturarv her enn andre stader.  

Sett i samanhang er eitt av poenga som dukkar opp at det politisk og folkeleg er særs taust i min eigen kommune Askvoll når det kjem til vindkraft. Ikkje minst er dette faretrugande når ein veit at nabokommunar rundt oss som Fjaler, Høyanger, Gaular, Gulen og Solund no seier nei og vil ut av den nasjonale ramma for vindkraft. At ein har fleire eksklusjonsområde på øyane våre er flott. Likeeins på Staveneset. Men sidan kommunen og politikarane er "tause som graven" opnar det sjølvsagt opp for utbygging av andre område nord for Dalsfjorden. Som ikkje er ekskluderte. Når nabokommunane våre seier nei, medan vår "eigen held kjeft", er det jo nettopp difor vi kan risikere å få tredd heile skiten ned over hovuda våre. Og NVE får rett - Askvoll er nikkedokkelandet. Industriområde på Moldura, Hekkelfjellet, Bakkefjellet, Nipebuområdet. Ja, og så vidare i fjellområda på Førdefjordsida. 


Vil politikarane i Askvoll ha industriområde for vindturbinar på Moldura?
Foto 17.mai 2019
Kva med Dokka? Vindturbinar her?


Det er på tida at Askvoll-politikarane vaknar frå dvalen. Eg som veljar til komunevalet til hausten har krav på eit svar kvar partia står i denne saka. No! 

(Sjekk mine eigne linkar og arbeid)

Stopp raseringa av kysten

Nasjonal ramme for vindkraft

Vindkraft i Sunnfjord og Sogn

Ja til bevaring av kyst og fjell


1 kommentar:

Gustav Skaar sa...

Det som har kome fram no er at Askvoll kommune skal behandle Nasjonal ramme for Vindkraft og vårt område 19 i neste komunestyremøte 18.september. Altså etter kommunevalet. Men det er det gamle kommunestyret som skal handsame saka.

Eg synest det er veldig svakt av kommunen og dei politiske partia å ikkje ville flagge meiningane før valet slik at vi som veljarar veit kva parti vi kan stole på om Askvoll-fjella blir søkt bygde ut. MItt syn er at ein med dette har "feiga" ut i redsle for å ta i ei varm potet. Og problemet blir at vankelmodigheita i høve nabokommunane kan føre til at kraftcowboyane står på dørene til grunneigarane også her i kommunen. Det er tragisk. Men ein mogeleg strategi for å få på plass konsesjonar her når andre seier nei.