mandag 3. juni 2019

Brendeheiknappen Massbu N/S Kringla Fossedalen Otterstein 030619

Dale frå Brendeheiknappen i dag

Utsikta mot Fossedalshengenipa er flott frå Brendeheiknappen.

(For dei som kan litt lokalkunnskap om Fossedalen så skal det vere her i denne tjørna at sylvbordet er søkt ned. Soga kan du lese om på Facebook sida til Fossedalen).


Utsikt mot Heileberget og Nedre Fossedal frå Brendeheinknappen i dag

  
Massbu

Utsikt frå nedstigninga av Søndre Kringla.
Fossedalsvatnet i midten. Fossedalshengenipa t.h.


Eg bestemte meg for ruta skissert på kartet ned under i dag. Første feriedagen. Eller første pensjonist feriedagen. Alt etter som. På jobb skal eg jo ikkje meir... Iallefall ikkje i bank. Nesten surrealistisk. Men slik er det no ein gong. Tida kjem til oss alle. Så slik vart det til at eg nesten brukte ein arbeidsdag på tur i dag i staden. 6 timar. Inkludert nokre fotostopp. 

Om du klikkar deg inn på bildelinken så fortel vel bilda sitt. Men nokre setningar kan eg vel krote i hop. 

Eg starta som kartet viser på Otterstein. Raskt til Fossevikja og opp Kleivane. Ved Elraki-hytta rett nedom Nedre Fossedal tok eg opp den merka stien til Brendeheiknappen som vi merka og rydda for nokre år sidan. På Brendeheiknappen er det flott utsikt til Dale, til Fossedalshengenipa og til Fossedalen. Det er elles mektig å stå her rett under Kringla. 

Du kjem ikkje nærare Kringla enn når du står på Brendeheiknappen.
På denne ruta er det kjekt noko seinare å stå på Kringla og
sjå ned på Brendeheiknappen.


Laukelandshesten og mot Bjørvikstranda t.h.

Det var veldig vått i terrenget. Elva i Fossedalen hadde stor vassføring. Og det er sjølvsagt alltid tyngre å gå i væte. Spesielt i myr oppover då... Veret var for det meste grått. Litt lysare inn i mellom. Eg fekk på meg berre nokre få regndråpar på slutten av turen. 

Frå Brendeheinknappen gjekk turen vidare ned lia til Storelva. Elva som renn ut i Laukelandsfossen. Der i frå langs skogsvegen til Nedre Laukelandsstølen. Litt løye å treffe på "fjellkyr" her oppe. Skogsvegen på Laukeland har jo si forhistorie. Eg får seie - som seg "hør og bør" gjekk ikkje den heilt upåakta hen. Frå Laukelandsstølen går stien opp lia til Øvre Laukelandsstølen (Massbu), DNT hytta. 

På Massbu stig du inn i "ei anna verd"...

Elles såg det ut som at første delen av ruta vidare til Eitreskaret, og som held fram mot Nipebutraktene, var remerka. Iallefall viste raudmålinga godt att på første delen. Etter kva eg hugsar var det dårleg merka sist eg gjekk her. Så her har må nokon ha gjort ein god jobb. No gjekk ikkje eg på Eitreskaret i dag sidan eg ville ha med meg Nordre og Søndre Kringla i staden. Så eg klatra opp berga til Nordre Kringla. Det er eit seigt stykke opp hit frå Massbu...Men med knallflott utsikt austover til Blegja, Skålefjellet og Laukelandshesten. Berga er flotte å gå på. I dag var likevel mange parti litt våte etter regnet i natt. Bratt og glatt. Og her oppe bles det ganske så godt i i tillegg. Heldigvis var det synnavind som var mild i kantane....

Mange har registrert seg på
TiTur posten i Øvre Fossedal
Øvre Fossedal i dag
Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen.
Eg kom meg i grunn raskt ned igjen på nordsida av Søndre Kringla og ned skåra til Øvre Fossedalen. Ein kik i TiTur Dalsfjorden boka som eg la ut for ein månads tid sidan måtte til. Kjekt å sjå at det har vore mykje folk oppe. 

Frå Øvre Fossedalen gjekk så turen til Nedre Fossedalen. Eg måtte sjølvsagt ta nokre bilder av den svære elva. Deretter gjekk turen vidare langs den vanlege ruta til Otterstein igjen. 

Folk såg eg ikkje noko til på heile turen. Kanskje ikkje så rart. Ein vanleg mandag i starten på juni. For mitt vedkommande var det likevel ikkje kva som helst slags mandag.... Det er alltid godt å gå turar i sin barndomsdal. Og spesielt på sin første pensjonistmandag....!

Nedre Fossedal i dag
(legg merke til vassrøyken frå Fossedalsfossen)




Ingen kommentarer: