Traff desse sporty damene ved Nipebu i går |
Selfie må til |
Idyll ved Nipebu |
Idyll på ruta til Nipebu (ovanfor kraftinteressene) |
Det såg fælt ut over myra ved Grunnevatnet |
Her er doningen |
Markavatnet er som Svelivatnet tappa "heilt til botnar" - midt i viktigaste tursesongen (Dette er Sogn og Fjordane Energi sitt virke) |
Eg var ein tur til Nipebu i går. Mest for å ta ein test på fiske i Langevatnet og Nipevatnet. Det lèt eg gå forbi i stillheit. Her oppe er det gjerne litt tidleg i sesongen endå. Og vèret spelte heller ikkje heilt på lag.
Kjekt å treffe 3 sporty damer. Pensjonisttreff midt i arbeidstida ein onsdag (ja, det tek litt tid å bli van med mitt nye tilvære).Vi slo av ein prat ved Langevatnet. Dei hadde overnatta på hytta og ville ta ein tur på Fossedalshengenipa før returen til Markavatnet.
Slike hjulspor i myr forsvinn ikkje så lett |
Etter at eg kom heim igjen gjekk turen til Sande for eit folkemøte om vindkraft i Gaular/Fjaler fjella i regi av Forum for natur og friluftsliv i fylket. Her var utbyggingsinteressenten Zephyr og motstandarar av vindkraft inviterte for orienteringar. Interessant å høyre om galskapen.
Sveinung Vågene hadde eit veldig interessant føredrag mot vindkraft (Mobilfoto) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar