Ytrevågefjellet i dag |
Elles har eg teke turen oppom fjelltrimposten på Ytrevågefjellet ein del i det siste. Også i dag. Fin trimtur for å halde meg i form. Diverre er det litt for sjeldan å sjå folk her oppe. No står namnet mitt tre gonger etter ein annan i boka. Litt rart. Men det er gjerne andre postar på fjelltrimmen som er meir besøkte. Elles er jo TiTur Dalsfjorden i gong. Dei postane tek kanskje litt folk frå den vanlege fjelltrimmen. Vel - uansett - det viktigaste er at folk kjem seg ut og i aktivitet. Fjell og turmål har vi rikeleg av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar