onsdag 31. desember 2014

Vått i vått

Frisk blåst på fjellet i dag...
Eg var ein kjapp tur opp på fjelltrimposten på Skylefjellet igjen i dag nyttårsaftan. Det var blautt og vått av regnvèret og snøsmeltinga. Rindaelva var såpass stor at det var med naud og neppe eg kom meg over. Og ned igjen gjekk vatnet over eine skoen... Oppe på ranen bles det så grådig at eg hadde problem med å fote meg. Turen vidare på Toreheia skippa eg... Men det vart no ein liten trimtur for det. 

Elles forsvann det alvorleg med snø desse dagane. I Stongfjorden er det no bart igjen. Og mykje på fjellet på nordsida er òg vekke. Så då er vi tilbake til normalen på denne tid. Snø nokre dagar, som regnar vekk, som sidan blir avløyst av is og skare. Skiftande med andre ord.

Med dette ynskjer eg alle som er innom bloggen min for eit Godt Nytt Fjelltrimår!


lørdag 27. desember 2014

Blånissen på Toreheia



Nydeleg tur på Toreheia og Skylefjellet i dag. Sol på toppen og tørr fin snø. Eg brukte broddar første delen av turen, sidan trugar, og til slutt broddar igjen. Det gjekk heilt flott. Kunne nok ha bore med meg skia på Rinda og brukt det i dag òg. For det ligg bra med snø i høgda no. 


fredag 26. desember 2014

Snøtur til Skylefjellsnissen




Fin snøtur med Olaug på Skylefjellet i dag. Men det var jammen ikkje mykje sikt der oppe. Skodde og kvitt i kvitt. No er det bra merka her oppe, og det er jo alltid fint når forholda er litt gufne. I tillegg traff vi Anita og Dag-Tore på veg ned igjen. Dei gjekk på ski. Elles var det stadvis glatt under snøen. Spesielt der broddane klabba opp til Rinda. Kjekk juletrim. 

onsdag 24. desember 2014

Skålefjellsnissen





Det vart litt av ein kraftanstrengelse å kome seg opp på Skålefjellet i dag. I låglandet var det veldig isete. Spesielt opp frå Gjerda og opp Gjerdedalen. Oppe i Brekka var det meir snø, men den var knallhard. Så første biten av turen gjekk med broddar under føtene. 

Frå omlag der eg gav meg hin dagen, sette eg på meg trugane. Det gjekk veldig greitt opp til elva. Men opp over hammaren var det styggbratt av snøen. Så eg forsøkte meg opp, men fann det tryggast å snu ved bjørka der tauet skulle hange. Men det såg eg ingenting igjen av. Her var det i tillegg så isete at eg ikkje fann det forsvarleg å gå over hammaren. Eg gjekk difor ned igjen bakken, og heldt fram opp mot Mannskaret til der ein tek av til Skålefjellsvatnet. Dette gjekk greitt. Likevel hadde eg aldri kome meg opp utan trugane. Det låg nemleg uhorvelege mengder med snø. Ja, så mykje har ikkje eg sett her før....

På toppen bles det godt frå aust. Eg bestemte meg likevel for å byte klede. Snøgòvet stod rundt øyra og fylte alle klede. Både det som måtte av og dei nye eg tok  på. Dei sveittevåte kleda vart stive som flatbrød på ein augneblink. Eg kan vel driste meg til å seie at dette var ei frisk avrivning......

Etter at eg hadde fått bytt klede på overkroppen, gjekk eg rimeleg raskt ned igjen same vegen. Litt bal blir det når ein skal ta av og på trugar, og av og på broddar fleire gonger. Så turen i dag tok sine 4 timar. 


mandag 22. desember 2014

Heftige greier





Sidan eg hadde fri i dag, tok eg ein juletur oppom Toreheia og Skylefjellet. Det var ganske så heftig vèr oppe på begge toppane. Knallhard hagl og snø svei i fjeset. Og inn på auga var det skrekkeleg sidan eg ikkje hadde med meg brillene. 

I dag tok eg med trugane. Dei var gode å ha. Ikkje minst jarna inn under, sidan søen var veldig isete på Toreheia. Fin trimtur!

lørdag 20. desember 2014

Ikkje i dag

Hurtigruta går sin vante gang. Midt i bildet nede...



Skålefjellet heime i frå i ettermiddag. Det ligg mykje snø oppe ja....
Merkeleg at eg ikkje har sett
denne før...

   Eg forsøkte meg på Skålefjellet i dag tidleg. Det var bomtur. Oppe i brekka i Gjerdedalen gjekk eg heilt til skrevs i tung snø. Her er det dessutan kronglete og bratt. Stien var skjult av ein meter med snø somme plassar. Eg gav difor opp. Heilt pumpa. Eg såg ingen vits i å fortsetje. Eg øydelegg ikkje helsa for toppen sin del heller...

Sidan eg har fri no før jul har eg heller tenkt meg ein tur på trugar frå Osland. Trur faktisk det kan gå betre enn ski slik forholda er no. Eg får sjå.

fredag 19. desember 2014

onsdag 17. desember 2014

God Jul


Det lyser frå vakker ei råme
ei høgtid skal atter no kome
Med heilage songar i stove
og nokon som truskapen love

Ein engel frå ovan oss vakar
den einsame tause deltakar
I steinen står skrifta til henne
ja, lyset for alle skal brenne

Eit hjarte av sola oss helse
som nyfødd og edel ei frelse
Du glede av sol ved mi side
du tindrar som vårblomar blide

No kimer det klokker til elden 
eit fjordfolk finn gleda i kvelden
Ei helsing til vener eg sender
til kjærleik og varmande hender

Tekst og foto 
G.Skaar

tirsdag 16. desember 2014

Ixia, Rhodos


Sidan det ikkje går direkte fly frå Flesland til Dalaman i Tyrkia til sommaren, har vi bestemt oss for å snu litt på flisa. Det blir tur til Rhodos i staden. Det ligg jo kloss opp til Tyrkia, med høve til å ta båten til Marmaris. Så då får vi testa det ut til sommaren òg. 

Det er alltid veldig kjekt å ha noko å sjå fram til på denne tid av året. Turar til sol, varme og bad inkludert annan kultur, er alltid godt i så måte... No er det ingen veg tilbake - depositumet er betalt...:-)


søndag 14. desember 2014

Stormy cats & dogs

Snøen fordufta "som dogg for sol"...
Avsindig vèr på Skylefjellet i stad. Det regna, snøsletta og bles så eg knapt heldt meg på føtene bort siste ranen. 

Merkeverdig å sjå at snøen nærast fordufta framfor føtene i det heftige vèret. Iallfall var fleire av spora vekke ned igjen... Regnet frå sørvest stakk som nåler i fjeset. Heftige greier. Godt då å ha noko god musikk på øyret... 

Elles er det både blautt og gjørmete frå Rinda og opp til hyttene. Men Meindl skoa mine held som ingenting. Like tørr på føtene heime igjen som då eg fòr. Likeeins Paramo buksa som eg nyleg impregnerte. Knalbra! På overkroppen blir det alltid noko fukt frå kroppen som ikkje slepp ut. 

lørdag 13. desember 2014

Nordvest


For lufta og trimmen sin del tok eg ein kjapp tur på Skylefjellet i føremiddag. Det var for det meste piskande harde snøkorn i lufta. Men akkurat oppe ved toppen kom det ei stripe i skydekket mot Florø å eg fekk teke nokre "snøbilder" som Olaug seier. Ikkje akkurat det mest spanande med andre ord, men likevel...

torsdag 11. desember 2014

Engebø og Fossedalen

Førdefjorden, Kvammen og Engebø

Som sikkert somme veit har eg engasjert meg mot utbygginga av Engebøfjellet med tilhøyrande deponi i Førdefjorden. Eg samla i går i hop nokre bilder med utsyn dit. For det meste teke på veg til Blegja, Bilda ligg på vedlagde link. 

Som ein òg veit, er høyringsfristen for ei eventuell utbygging av Fossedalsvassdraget sett til 27/2-15. Så det er mykje som skjer om dagen. At grisevèret set ein liten stoppar for fjellivet, tek eg berre med på kjøpet...



søndag 7. desember 2014

Trollkjerringar

Ved Skylefjellet i føremiddag
Det er rimeleg vèrhardt her oppe i dårleg vèr...

Etter å ha stått opp med 4 mindreårige kids i dag tidleg, tok eg meg ein luftetur opp igjen på Skylefjellet. 

Det var nokolunde vèr då eg gjekk, men det varde ikkje mange minuttane. Oppe ved Mangevatna bles det skikkeleg til, og det sludda og snøa trollkjerringar. Det var eit lite opphald då eg tok bildet ovanfor. Såleis vart dette ei iskald avriving. Spesielt på nevane som vart til is. Dei tynne hanskane eg hadde med hjalp lite... Eg kom meg difor fort ned igjen der i frå og heim att i varmen... Nok for i dag for mitt vedkommande...:-) 


Reflections 2014


Some pictures from this year. 
Shown in order taken.

lørdag 6. desember 2014

Soloppgang i rennefòkk

Toreheia i dag tidleg





I dag fekk eg lyst å gå på Toreheia igjen. Det var nemleg ei stund sidan eg hadde vore opp her. Og sidan det var meldt dårleg vèr ut over dagen, starta eg tidleg i grålysninga. I løpet av natta hadde det frose på, og i høgda låg det ein heil del snø. Ja, oppe ved toppen låg det sikker 3o cm der snøen hadde lege i ro. Somme ranar var sjølvsagt avblesne, medan andre plassar igjen låg der ganske tjukk fokksnø. 

Eg nådde akkurat opp på toppen då sola skar over toppen på Skålefjellet på motsett side av Stongfjorden. Men det var ganske heftig rennefòkk i den aukande vinden. Eg tok opp nokre bilder, ein snutt og fekk namnet i boka, før eg tok vestover retning Skylefjellet. Kjempefint ut igjen her ,sjølv om det bles og fauk snø rundt øyra. Friskt og herleg. Og ute på Skylefjellet fauk det skikkeleg. Eg fekk namnet i boka, og gjekk rett ned bakkane til Mangevatna. Deretter ned til Rinda og heim igjen. 

Tid for dusj. Deretter Dale-tur med Sander og Peter. Bollar, cola og kaffi på Almuen. Litt sosialisering med gamle kjende. Deretter besøk på sjukeheimen. To flotte turar i boks. 

fredag 5. desember 2014

LIte fjell

Det vart lite fjell denne veka. Andre private ting måtte prioriterast. Og så er eg litt lat for tida. Fjella står no der, og det er jo alltid ei prioriteringssak kva ein vil bruke tida på. Kva det blir til i helga får vi sjå. Eitt av barnebarna kjem. Ein tur til Dale. Men det blir nok alltid ei råd med ein fjelltur lørdag iallefall. Må jo halde forma litt vedlike....


lørdag 29. november 2014

Wintertrek (without snow...)

Søndre Kringla i dag

Og motsett veg skin sola på Kringla....


I dag gjekk eg turen Skjerlia, Leknesvatna, Eitrenipa, Nordre- og Søndre Kringla og ned igjen i Fossedalen og til Ottersteinen. Kjempetur, sjølv om det var ein del is både opp skaret på Eitrenipa og til toppen av nordre Kringla. Verst var det likevel å kome seg ned frå sistnemnde til skaret inn under, og ned i søkket der du tek opp på Søndre Kringla (mykje skar her oppe...:-) Her var det såpass isete at eg måtte gå ein liten omveg for å ta meg ned på forsvarleg vis. Også ned frå Søndre Kringla låg det ein del is høgst oppe. 

Det låg ein del is opp skaret på Eitrenipa i dag. Her utsikt mot Leknesvatna og Florø-kanten


No høyrest kanskje denne isen litt verre ut enn han var, for dei fleste plassar var det turre berga ved sidan av opp og ned. Men det kravst omhu for ikkje å sette føtene på ein liten issvull, for då var ræva og ein siglas neste. Det hadde blitt ein temmeleg vond opplevelse - for å seie det mildt...!

Frå Nordre Kringla ser vi berre ein flik av Dale. Søndre Kringla t.v.



Fossedalsvatnet og Øvre Fossedalen t.h.
Heileberget i øvste kant. Frå nedstigninga frå Søndre Krringla.








 Elles bles det jamnt og trutt frå søraust. Rimeleg kaldt i kantane. Og sola fekk eg såvidt eit glimt av då eg stod på Ottersteinen og venta på at Olaug skulle hente meg. 

Nokre gode bilder blir det sjølvsagt ikkje slike dagar. Overskya som det var. Årstida er nok litt feil òg i så måte. Uansett ein flott vintertur - utan snø....! Og det er sjølvsagt alltid like kjekt å vandre gjennom Fossedalen... Fleire foto på link her:



Motiv frå Øvre Fossedalen

Nedre Fossedalen


onsdag 26. november 2014

Fossedalen truga av kraftutbyggjing for n`te gong







Minner frå Fossedalens Dag



Fossedalen er eit ynda turområde med fleire stinett. Her på veg til Eitrenipa og Blegja.


Småkraft søkjer igjen NVE om konsesjon til kraftutbyggjing i Fossedalen. Dei vil bygge kraftstasjon i Fossevikja med innslag av tunnel/sjakt til Fossedalsvatnet. Vatnet skal så førast i tunnel til kraftstasjonen i Fossevikja. Ved vatnet skal det lagast inntak ved det gamle naustet. Vidare skal det byggjast ein halvmeter høg demning på 20-25 meter i lengde over svaberga ved utløpet av Fossedalsvatnet.  Utbygginga er rekna til 18,6 GWh eller straum til ca 930 husstandar (som truleg har straum frå før...) 


Ved utløpet av Fossedalsvatnet skal det byggjast ein demning på ein halv meter i 20-25 meters lengde


I 2006 leverte Fossedalens Vener inn over 1500 underskrifter (seriøse) mot kraftutbyggjing i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Samtidig sa kommunestyra i Askvoll og Fjaler nei til utbyggjinga. Deretter avslo Norges Vassdrags og Energiverk søknaden.  

Denne gongen er søknaden sukre med tilretteleggjing for turisme i Fossevikja ved å bidra til restaurering av bygningsmassen og andre kulturminner (slå den). I det høve skal det lagast molo og kai for fritidsbåtar i vikja. (P.S. God tursti dit no...).

Ja då spørst det om kommunepolitikarane vil bite på denne gongen? Ongulen med agn er lagt ut...

Fossedalsfossen

Eit av dei viktigaste poenga i dag i høve til den forrige søknaden, er at det er kome bru over Dalsfjorden. Det er difor laga forlenging av DNT-ruta frå brua til Fossevikja, og vidare til turlagshytta Nipebu. Såleis er dette unike turområdet på nordsida av fjorden mykje meir tilgjengeleg/meir nytta/blir meir nytta no enn før då ein måtte over fjorden i båt. Dette for å sette saka og området litt meir i perspektiv. Nedslagsfeltet er heilt fritt for tekniske inngrep utanom sjølve kraftlinja som går nord/sør frå Skorva og over Dalsfjorden (Småkraft brukar uttrykket "betydelig påvirket av kraftlinjer" i søknaden). (Den eldste skulle forøvrig ha vore teken vekk for lenge sidan, men den har no òg si historie....).


Det er laga forlenging av DNT-ruta frå Dalsfjordbrua til Fossevikja og vidare til Nipebu

Lite vatn
Mykje vatn







Utviklinga av turlagshytta Nipebu i år er interessant. Auken i overnattingsbesøk er på 101 (frå 296 til 397) og dagsbesøka har auka med 32 (frå 87 til 119). (Rekna frå 1/10-13 til 1/10-14. Tala er henta frå Årsmeldinga til Indre Sunnfjord Turlag). Sett på bakgrunn av tidlegare års tal, er det heilt klart at auken skuldast den nye tilkomsten over Dalsfjorden. 


DNT-hytta Nipebu


Som vi veit føl deler av stien til Nipebu Fossedalselva. Denne vil i lag med Fossedalsfossen og Vikafossen bli gjort om til knapt sildrande vatn (planlagt 400 l/s om sommaren og 120 l/s om vinteren) om Småkraft og fallrettshavarane får det som dei vil. (Gjennomstrøyminga er ein illusjon sidan vassdraget er ekstremt på og av, og dei naturlege svingningane i elva, lonane og vatnet blir forstyrra). Mest sannsynleg, og som ein ser andre stadar med småkraftutbyggjingar, blir elvane/ lonane der vatnet blir teke vekk, reduserte til stilleståande varme vasspyttar om sommaren. Illeluktande og fritt for liv. Vil vi dette? Kva vil framtidige generasjonar seie? 

Fossedalselva 
Lonane ovanfor Elraki

På dugnad i DNT- regi vart det laga ny bru over Fossedalselva ved Elraki



Bruer nedanfor Fossedalsfossen laga på dugnad i regi av turlaget 

For dei som ynskjer å lese sakspapira finn du dei på Facebook-sida vår eller her. Høyringsfristen er sett til 27/2-2015. Meld deg gjerne inn og vis at du vil ha Fossedalen fri for kraftutbyggjing i framtida. Det står om opplevinga av frie fosselandskap og fossar. Turar og inntrykk som styrkjer fysisk og psykisk helse. Dette er indrefilèten til dalingane. Inngangsporten til eit eldorado av flotte turar og fjell. Rett utanfor eiga stovedør... 



Sjå elles høgremeny


som alle ligg innanfor influensområde/nedbørsfelt for utbygginga.

P.S. Vedr. stykket om Fossedalen i Firda hin dagen. Der såg ein at ho dama frå Småkraft som var referert sa at den forrige søknaden vart lagt vekk pga stor lokal motstand. Det er feil. Eller det er sjølvsagt rett at det var stor lokal motstand, men det var NVE som avslo søknaden.


tirsdag 25. november 2014

Florø by night 3

Perfekt trimtur på Skylefjellet igjen sjølv om det var noko vått og blautt i dag. 
Men kvelden vart stjerneklår. Som vist over Florø ovanfor.

Eg må seie meg veldig imponert over 18650 batteria i Fenix HP30 . Eg lada batteria opp for nokre veker sidan, og har no brukt hovudlykta  i mange timar på fjellet på stille nr 2 (er 4 stiller + burst mode). Lykta lyser framleis like bra! Det er dessutan ein knapp på batteriboksen, som når du aktiviserer den, viser kor mykje batteri du har igjen. Denne viser 4 lys når batteria er fullada. Og det lyser framleis i tre lys. Imponerande. Dette er klart beste hovudlykta eg har nytta. Anbefalar alle å bruke 18650 batteri som du kan lade opp. Kostbare ja, men mykje mindre styr enn med vanlege batteri, bruk og kast. Anbefalast!




lørdag 22. november 2014

Knall november dag

Du verda for ein flott lørdag vi fekk. Eg nytta fleire timar av den i fjella på sørsida. Ruta var Skålefjellet, Svarthamrane, Fanafjellet, Moldura og Størdalsstauren. Opp Gjerdedalen og ned att på Neset. Bildeserien fortel vel kor flott det var.