Det vart litt av ein kraftanstrengelse å kome seg opp på Skålefjellet i dag. I låglandet var det veldig isete. Spesielt opp frå Gjerda og opp Gjerdedalen. Oppe i Brekka var det meir snø, men den var knallhard. Så første biten av turen gjekk med broddar under føtene.

På toppen bles det godt frå aust. Eg bestemte meg likevel for å byte klede. Snøgòvet stod rundt øyra og fylte alle klede. Både det som måtte av og dei nye eg tok på. Dei sveittevåte kleda vart stive som flatbrød på ein augneblink. Eg kan vel driste meg til å seie at dette var ei frisk avrivning......
Etter at eg hadde fått bytt klede på overkroppen, gjekk eg rimeleg raskt ned igjen same vegen. Litt bal blir det når ein skal ta av og på trugar, og av og på broddar fleire gonger. Så turen i dag tok sine 4 timar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar