søndag 31. mai 2009

Livgjevande strålar

Frå Stølsfjellet i ettermiddag. Der i synsranda var eg i går... I dag var det Olaug sin tur å gå på Eitrenipa. I lag med ein gjeng frå Askvoll. Så far i huset fekk halde seg heime. Iallefall ei stund. For Marie reiste på tidlegvakt (ho har litt vakter på sjukeheimen i helgane. Marie går andre året på v.g. i Dale...) Frede, kompisen til Marie, og Torbjørn gjekk på Skålefjellet. Og Peter var på overnattingsbesøk hjå Markus. Og som sagt, eg måtte halde fortet. Peter kom jo igjen før eller seinare. Men det passa egentleg heilt perfekt. Det kunne vere godt å strekke ut kroppen litt på altanen, sjølv om solbrillefaktoren var beskjeden der i einsemda:-) Så kunne eg knalle til med litt rockmusikk på altanen og ha mange av livets goder innan ein armlengdes avstand. Oppsan... Herleg... Livet skin... Frå ein knallblå himmel heng der ein skinande ost. D-vitaminar til vinterbleik hud. Det er som det boblar i blodet og... Men som Sunnfjording er det jo gale å ha det godt. For godt er jo livsfarleg! Oppfatninga er jo at ein får det dobbelt gale igjen...:-) Overtru, og det å male fanden på veggen, høyrer Svartedauden til! Er du forresten klar over kor overtruiske folk var før? Feis du så nokon høyrde det, stod nok hinmannen klar rundt hjørnet for å ete deg... Vel, vel vi kan le av det i dag. Det var nok alvor før i tida. Heldigvis er det no enkelte ting som har gått framover her i verda... No vart det til slutt fjell på meg òg i dag. Etter at ungdommane kom igjen frå sin tur, og Marie frå jobb, kunne eg stikke min kos. I berre shortsen gjekk eg først opp kammen på Dokka. Deretter bar det beinveges til Rivedal og Stølsfjellet. Så godt, så forfriskande, herlege sommar...
Fra Dokka_Stølsfjellet 310509

lørdag 30. mai 2009

Fossande, sildrande draumar

Eg ser Blegja i eit nytt lys frå Blåegga i dag... Utløpet av Krokavatnet i sør frå ein spesiell vinkel på Eitrenipa i dag... Trur eg skal la ligge den avlyste turen frå Stongfjorden til Nipebu. På grunn av manglande påmelding. Kan jo hende eg angrar på noko eg kom til å skrive. Ein ting er iallefall sikkert - ein slit med overnattingsturar... Men, no får ein ta ei evaluering når den tid kjem... Eg får seie som Vigdis - positivt fokus! Nyttar ikkje å grine over spilt melk. Eg har likevel gjort meg mange tankar på dagens fantastiske tur på Blegja frå Rørvika, og vestover Blåegga til Eitrenipa og Markavatnet. Ein må berre ha forståing for at folk vil nytte denne første, og flotte sommardagen på forskjellige måter. Eg får dra fram utrykket Marie brukte om meg ein gong - Gustav du er jo fjelloman - for å understreke at ikkje alle vil springe fjella ein slik dag. Klisjè - smaken er som baken... Nei, no er eg visst starta med analysen likevel...! Det var som meldt, ein utruleg flott morgon. Eg køyrde difor i Rørvika i 7.30 tida og gjekk opp dei bratte bakkane. Førdefjorden låg spegelblank. Knallblå som himmelen. Bøane og bjørka stod irrgrøn i den tidlege morgonsola. Skuggar og sol bada den fossande elva. Nydelege kulissar på ein perfekt sommarmorgon. Eg hadde heile dagen på meg. Sprengde ikkje på oppover, sjølv om det gjekk radig. Fotoapparatet måtte fram jamnleg. Det sildra og rann. Fossa. Frå myrar og bakkar. Susa og klukka. Det var som om vatnet kviskra og ropte ut si glede over sommardagen. Og litt lenger oppe, der vinteren endå hadde eit visst grep på landskapet, der fossa det vatn ut or snøen. Og alt rundt skifta farge med snøsmeltinga. Grøn mose. Pusekattar på vierbuskene. Molteblomar overalt! Fjellsmelle poppa fram med sine raude teppe. Og enorme klasar med blåbær-kart prisa varmen. For ein fantastisk dag for menneske og landskap... Den første snøen under Rørviknipa var flott å gå på. Som ein bre. Fast og fin. Og eg tok meg lett og fort opp under Nipa og traverserte sørover. Her var det endå skugge, og eg var glad eg hadde tights under shortsen og ulltrøye... For det var kaldt, og det bles faktisk ganske friskt. Eg kom meg sør om i sola gijen og starta klivinga opp urane. Her ligg det endå bra med snø. Og i starten gjekk det lett... Men lenger oppe var det godt blautt. Eller det vil seie - oppe i brattaste ura var det berre øverste laget som var blautt, og den harde snøen under gjorde det vanskeleg å få fotfeste. Tungt! Eg hadde ikkje teke med gamasjane i dag, men det gjekk forsåvidt greitt utan. Eg måtte puste på nokre gonger, før eg kom meg opp under skavlen. Snøen var forbausande hard her i skuggen. Men eg greidde å sparka meg nokre trinn og bikka opp på platået. Ei skinande, drivande kvit flate, spegla i strålande sol... men i frisk vind. For eg var jammen glad eg hadde teke med meg anorakk og hue. Og ny ulltrøye. Det gjorde susen. Og eg kunne gje meg litt tida og nyta omgjevnadene. Her er jo ei fantastisk utsikt. Du kan få eit lite inntrykk av det på videoen. Eg valde å gå ned igjen på sørsida i det bratte skaret. Jammen var væta frosen på berga i skuggen oppe ved toppen. Så eg måtte vere litt obs og ikkje trakke meg frampå! Og broddane hadde eg ikkje med... Det gjekk likevel ganske greitt å komme seg ned i ura under. Det låg snø i søkket ned under og vidare opp på Likkjeblegja. Fin og grei å ta seg fram på. Siste snøen som det var å snakke om, låg på nordvest sida av fjellet her. For utover Blåegga var det heilt snøfritt... No har eg gått denne turen nokre gonger dei to siste månadene. Men det er ikkje tvil om det var lettare og raskare å ta seg fram vestover då snøen låg. No må ein sjå seg meir føre, gå til venstre og til høgre, og finne rette "hola" i forkastningane i fjellmassivet. Forkastningar som ligg på tvers av gåretningen heile vegen. Då snøen låg, var alt flata meir ut... Eg valde difor å ta meg ein god pause midt ute på egga. Nokre skiver, XL-1 drikke og ein porsjon rosiner og peanøtter. Det var som om energien gjekk rett i føtene...:-) Og det var ikkje lenge etterpå før eg toppa ut Eitrenipa der vest... Det er eit trasig syn å sjå Markavatnet og Bjørnastivatnet så nedtappa som vatna ligg der no. Skjemmande. Som ein ørken. Eroderte strender. Utan liv. Det skjer som knivar i auga frå toppen av Eitrenipa... Etter å ha teke nokre bilder her òg, gjekk eg ned den vanlege ruta. Nesten ikkje snø igjen i skaret mot vest. Men som på Blåegga, går det seinare og tek meir krefter å komme seg ned utan snø. I tillegg gjekk eg saftig omkol i botnen av skaret og handleddet fekk seg ein kraftig smell. Men det heldt, heldigvis... Eg stoppa opp ved brua. Det var nydelege fargar her i dag. Vatnet var spesielt blått. I tillegg er som vanleg bjørka veldig fin med det same lauva kjem. Grønfargen er så ekstra grøn då... Likeeins var det bortetter nordsida av vatnet. Så klåre fargar! Eg måtte berre ein tur bortom utløpet av vatnet og elva og ta nokre bilder. Utruleg vakkert. Ei perle. Eit syn for gudar... Du kan sitte her på dei blankslipte berga med føtene i det klukkande, sildrande, laugande vatnet eller ligge pal ut og kike inn i den blå evigheita der oppe og finne alverdas fred og ro i sjela... Går det an å "elske" ein stad? Men eg hadde avtalt haik heim. Olaug kom meg i møte ved Markavatnet. Så eg måtte ned igjen... I ferien tek eg jammen med meg teltet opp hit, nyt kveldssola ute i havet, fiskar og kjenner kor godt det er å vere til...
Fra Blegja_Eitrenipa 300509

fredag 29. mai 2009

Sommaren kom

Mobilen var med på Stølsfjellet i kveld òg... Var ein tur oppom Stølsfjellet igjen i ettermiddag. Overskya og bra temperatur. Leddkledd. Det lysna meir og meir oppover. Tydeleg at finevèret som var meldt var på veg. Og forbaska, flugene allereie med det... Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Standard. Og herleg trim...

torsdag 28. mai 2009

Havskodda driv fort

Mobilknips frå Dokka i ettermiddag Etter diverse aktivitetar i går, som ikkje innbefatta fjell, tok eg oppom Dokka igjen etter jobb i dag. Torsdagen er timeplanen grei. Då skal Olaug avstad med trompeten. Det går framfor alle andre aktivitetar. Men det går greitt å komme seg oppom eitt fjell før ho skal gå. To derimot blir drepen. Å komme for seint heim, nesten det same...:-) Myrane var søkk blaute i dag. Dessutan sildra og rann det overalt. Så eg var ikkje komen halvveges eingong før eg var våt på føtene. Faren for gnagsår er mykje større når du blir våt enn held deg nokolunde tørr. (Litt kondens blir det alltid) Men no er ein tur på Dokka ikkje allverda lenger, men jammen vart det fort kaldt på føtene. Og då er det ikkje lenge før du frys heller - iallefall med lite klede på. Så det gjekk fort både opp og ned - heldt på å seie som vanleg. Men eit par knips med mobilen vart det no tid til før eg hakka tenner i skodda på toppen... Jammen veltar den fort på frå havet... Då er det snart tid for å pakke sekken til Nipebu. Fantastiske meldingar til pinsehelga. Det skal bli kjempetur. Håpar berre folk kjenner si besøkelsestid...!

tirsdag 26. mai 2009

Vått på Dokka

Olaug på veg opp skaret på Eitrenipa 23/5. Leknesvatna i bakgrunnen. Det var visst våtare og våtare etter kvart oppover kammen på Dokka i stad. Ikkje at det betydde stort. For det var heilt vindstille og bra temperatur. Til og med på toppen var det heilt stilt. Men det tjukna til med skodde i fjella i sør og vest mot Askvoll. Det var ganske glatt i det våte graset. Så det vart gangfart ned igjen og ingen stunt. Grei tur...

mandag 25. mai 2009

Stongfjorden/Nipebu/Rørvika

Utsikt mot Nipebu, Fossedalshengenipa og Eitrenipa. Til Oppslagstavla Laurdag og søndag arrangerer Indre Sunnfjord Turlag (IST) første etappe i det framtidige løypenettet frå "Hav til Bre" frå Stongfjorden til Nipebu, og vidare til Rørvika dagen etter. Vi startar frå sentrum i Stongfjorden, opp Gjerdedalen til høgdedraget mot Holmedal og Dalsfjorden i sør. Det er noko krevjande terreng i starten før ein kjem over skoggrensa. Deretter rundar vi Svarthamrane og tek så beint aust til Siklabergvatna, før vi held fram til nordenden av Langevatnet i Holmedal. Turen held så fram over nordenden på Smørskornova og rett sør om Røyrbotnholten og Vardeheia. Vidare austover går vi høgdedraga til vestenden av Langevatnet og sørsida inn til Nipebu. Om kvelden blir det felles middag og sosialt samvære på Nipebu. Turen held fram søndag då vi tek den merka løypa austover mot Massbu. Vi passerer sørenden av Krokavatnet og tek av frå løypa ved Botnatjerna. Så bratt opp Eitreskaret til det sørvestvende skaret på Eitrenipa og opp på toppen her. Vi held deretter fram ned skaret på nordvestsida av Eitrenipa til Leknesvatna og vidare nordover til dei flotte Gjelsvikstølane. Endepunktet blir til slutt riksvegen i Rørvika. Turen går gjennom noko av det finaste terrenget som er på kysten. Vi har utsyn til bygdene ved Dalsfjorden, Førdefjorden og til havs. Vi reknar med å bruke omlag 7 timar kvar av dagane, inkludert høvelege pausar. Det er påmelding til turen. Mobil:99046042 v/Agnar. Sjå elles eiga annonse. GS P.S. For spesielt interesserte fjelltrimmarar tek eg med meg Stølsfjellet lørdagen når vi fær forbi på nordsida. Du kan sjølvsagt bli med dit vil du det... Kartutsnitt over ruter til Nipebu (klikk)

søndag 24. mai 2009

Vandalar på Dokka

Mobilbilder: Dokka og Stølsfjellet igjen i dag... Eit par fine føremiddagsturar i dag. Gjekk først opp kammen på Dokka. Der hadde det vore hærverk oppover. Vardane var skubba overende alle som ein nesten heilt til topps. Ikkje nok med det. Svære steinar var velta oppe i det brattaste partiet og laga djupe spor nedover i terrenget fleire plassar. Og på toppen var det strødd med appelsinskal... Det er utruleg kva moro enkelte finn over daue ting! Ok, ein bør jo helst slutte å irritere seg over slikt... men det er tross alt arbeid med å sette opp vardar! Elles var det ein grei morgontur. Overskya, men bra temperatur og vinstille. Litt trekk på toppen. På turane no går eg i minimalt med klede. Held akkurat varmen med høg intensitet. Det går utruleg mykje lettare enn i vinter då eg måtte til med alt slags utstyr og klede. Så eg sprang ned igjen heile kammen og var nede att på eit blunk... Eg køyrde så til Rivedal og gjekk opp på Stølsfjellet òg. Traff Anne og søstera og Jostein oppe i det bratte skaret. Og på veg ned igjen, nesten på same plassen, traff eg Sigmund med frue. Eg slo sjølvsagt av ein prat med dei alle. Om søndagen treff ein alltid litt kjentfolk på fjellet. Elles i veka er det minmalt... God trening og to fjell var då i boks på søndagsmorgonen...:-)

lørdag 23. mai 2009

Livet er herleg...

Madamen og eg på Eitrenipa i ettermiddag... Fantastisk flott lørdag. Og to fine turar... Gjekk på Stølsfjellet igjen i dag tidleg medan Olaug var med Marie til Førde. For langkøyring til sertifikat...nærmar seg visst oppkøyring. Eg var oppe på toppen litt før 8.30 i berre tights og ei tynn trøye. Vindstille og delvis sol til å begynne med. Men mot toppen la skodda seg tjukk i fjella rundt. Merkeleg nok la den seg ikkje på Stølsfjellet. Ned igjen sprang eg... Olaug kom igjen i 12.30 tida. Og eg hadde lovd å vere med på Eitrenipa. Eg var ikkje særleg vanskeleg å overtale...:-) Greitt med Marie og Torbjørn heime for Peter sin del. Men han var mest oppteken med Markus som var komen frå Bergen... Vi fekk oss ein nydeleg tur opp der. Stille og varmt når sola stakk gjennom. Det ligg endå litt snø oppe i det brattaste nordskaret, men på toppen er det kun skavlen øvst i vestskaret som ligg igjen. Det låg litt skodde inne i Blegja og elles dis mot Dale og i vest. For å skryte litt av fruen i huset (det bør ein vel av og til) så er ho eit seigt skinn. Eg heldt nesten vanleg fart både opp og ned... og ho følgde... nesten! For det svei visst litt i føtene på siste oppstigninga... Nydeleg på toppen. Vi var bort på sørvarden og keik ned til Dale og til Øvre Fossedalen. Studerte oppstigninga til Kringla, der det framleis ligg litt snø i skaret. Det er ei utruleg flott erfaring med desse årstidene. Så mange turar opp hit i vinter med hylande kalde vindar, mange minusgrader, is og snø... og no er det grønt og varmt! Og lauvsangaren syng i lia! Fantastisk at det er same landet og same staden... Fin tur ned igjen òg... Stod på skoa ned snøen i skaret. Litt moro, leik og spel. Våryre... Herleg tid, herleg tur!
Fra Stølsfjellet 230509
Fra Eitrenipa 230509

fredag 22. mai 2009

I rute

Utsikt mot Tysselandet frå Stølsfjellet i kveld (MMS) Nydeleg kveld på Stølsfjellet igjen. Stille og nesten varmt i bakkane av kveldssola. Lite klede, lett og greitt. Herleg stimuli... Eg sette opp litt fleire vardar oppe i skaret, og la til rette meir stein i ura. Bra sti opp no...

torsdag 21. mai 2009

Stille Kristi Himmelfartsdag

Morgonstemning på Dokka i dag tidleg... Eg stod opp med Peter klokka 6 og let Olaug få sove. Vèret var betre enn venta. Nede om huset låg fjorden stille. Øyane ute i havet var tydelege å sjå. Ingen byger på gang. Men sidan meldingane var så som så bestemte eg meg for Dokka i Holmedal og Stølsfjellet i Rivedal. I staden for å dra av garde på noko lenger. For vèret skiftar fort om dagen... Eg reiste heime i frå kl 7.30. Og gjekk på Dokka først, sidan vèret framleis var bra. Rett nok låg det ein del skodde der oppe såg eg, då eg kom til parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Men pytt, det var bagatellar. Det var ikkje særleg lurt å ta dei lette skoa. Eg rekna med eg vart våt, men det vart eg nesten med ein gong. No hadde eg sjølvsagt fjellskoa i bilen til neste tur, men eg skulle ha valt omvendt par. Men eg gav etter for lysta til å vere lettbeint oppover den bratte kammen. Noko problem var det ikkje å bli blaut. Temperaturen var fin. Og det var nesten ikkje trekk å nemne i det heile teke. Det låg som sagt ein del skodde oppover mot toppen. Men den kom og gjekk. Og på sjølve toppen var eg komen over skoddelaget. Topp! Og litt ekstra ingrediensar på bilda. Nydeleg utsikt mot Askvoll, Holmedal og inn mot Dale. Dokka er eit fantastisk utsiktspunkt over Dalsfjorden. Eg tok det litt med ro ned att. Det var vått og sleipt. Likevel presterte eg å falle så det sang to gonger. Eine gongen landa eg på handleddet. Denne delen er lett å skade. Den andre gongen føretok eg eit svalestup framover og landa på magen. Heldigvis hadde eg vit til å løyse ut stavane før eg tok nedover, så eg delvis greidde å ta meg føre. Trur eg må parkere dette skoparet - iallefall til det er tørt underlag. Mønsteret er visst ikkje det same lenger... Merkeleg kor det slitst...:-) Lysta på å gå opp igjen frå Rivedal på Stølsfjellet var det derimot ingen ting å seie på. Faktum var at eg no var komen så godt i gong at turen opp anleggsvegen til demma i Rivedal gjekk veldig lett i god fart... Og veret var upåklageleg. Eg gjekk difor opp i berre ei tynn Devold trøye og softshell bukse. Men med fjellsko... Og det var faktisk sol heile vegen opp. Det vil seie, det bratte skaret opp på nordsida av Stølsfjellet er solfritt til langt på kveld. Men jammen var det vått i terrenget. Så sånn sett var det like greitt å ha på seg fjellsko. Det er mykje fugl som kvitrar i lia nedanfor og ovanfor Nigardsstølen no. Gauken var komen hin dagen. I tillegg held ringtrast, måltrast, raudvengetrast, bokfink, heipiplerke, gjerdesmett og lauvsanger ein fantastisk morgonkonsert undervegs om dagen. Ein kan bli våryr av mindre... (Er det nokon som har lyst å lære seg dei ymse fuglelåtane er det berre å bestille seg ein cd - eller du kan få brenne ein med meg - det er fantastisk gjevande å kunne fuglelåtar...) Tok litt bilder på toppen av Stølsfjellet òg. No blir det vel ein del repetisjon over velkjende motiv etter kvart. Men årstida, lyset og vèret er ofte forskjellig frå tur til tur. Og det gir variasjon. To flotte turar var såleis i boks ein tidleg Kr.Himmelfartsdag. Kjekt å få ein fin start på dagen...:-)
Fra Dokka_Stølsfjellet 210509

onsdag 20. mai 2009

Poeng i heimen

I enden av regnboga skal det finnast gull seier segnet. Regnbogen var iallefall fin ut for huset i går kveld. Ingen fjelltur i dag. Eg sende fruen i staden. Som så gjekk rett i dusjen og på klubb etterpå. Ja, ja hvis nokon trur eg kan skalte og valte som eg vil her på heimebane, så er det ikkje HEILT rett. Men no har eg iallefall lagt inn ein god søknad til morgondagen. Himmelfartsdag bør jo kombinerast med fjell. Ligg vel litt i ordet. Meldingane er vel ikkje dei beste. Men eit kvart blir det nok til... Må jo få ut litt energi...:-) Men hadde eg ikkje vore heime i kveld, hadde eg heller ikkje fått med meg heit elskov i lerka nedom huset. For i 18 år har her vore ringduer i nokre graner. Og på lyse kvelden i kveld, utan blygsel, fekk eg oppleve saftige scener. Med fuglekikkerten min var det ikkje måte på kor nær eg kom transen til paret. Følte meg nesten som ein kikkar. Ikkje det at eg trur dei hadde brydd seg noko om dei visste om meg. I elskovens time sigrar sjeldan andre tankar enn rusen... Og etter kveldens ringside oppleving, skulle det vel ikkje vere måte på kor mange ringduer som sit i trea her på ettersommaren...:-) No blir det nok endå meir fugl rundt omkring her etterkvart. For det er liv i 3 av 4 fuglekassar rundt huset òg. I tillegg til det lokale skjoreparet som eg fòrar med matrestar. For i år var eg heldig og fekk igjen spettmeisa mi. Den forsvann etter at eg måtte flytte kassa i mønet då vi skar ut for nytt glas. Og endeleg dukka det opp igjen ein svart-kvit flugesnappar i buret mot vest. I det tredje er det eit lokalt kjøttmeispar som har kvitta seg med alle konkurentar. Etter vintermatinga her på Yndestad (3 sekker a 25 kg solsikkefrø) så er dei lokale kjøttmeisene både mange og overvektige...:-) Ja, det er vår. Det gror og livnar i lunder. Det er ei flott tid. Og eit herleg liv...

tirsdag 19. mai 2009

Skiftande mai

Utsikt mot Smørskornova, Skålefjellet og Røyrbotnholten frå Stølsfjellet i kveld (MMS) Det vart Stølsfjellet igjen i kveld òg... Men eg var dautrøtt då eg kom heim frå arbeid. Og sofaen var eit naturleg val etter rømmegrauten...:-) Det gjekk naturleg nok tid å vakne til live igjen. Eit eple og eit krus kaffi på altan-trappa gjorde susen. Og som om det ikkje var nok til å kvikne til igjen, klårna det heilt opp og sola skein. Eg kunne sjølvsagt ikkje sitte her. Så medan Olaug var med Peter på barnetrimmen i Askvoll, køyrde eg til Rivedal (igjen...) Men i motsetnad til i går var eg glad eg ikkje hadde shorts og lett trøye. For det slo til med ei solid regnbyge med det same eg begynte å gå. Veldig ustadig vèr. Det gav seg oppe med demninga. Og derifrå og opp og ned igjen, var det heilt fint. Litt vind var det på toppen, men ikkje meir enn vanleg. Og sjølvsagt ganske sleipt på steinar og vått gras... Kanskje eg snart skal ta i bruk dei nye skoa...? Gler meg til det - dei er nemleg super-lette...:-)

mandag 18. mai 2009

Steinjobb

Mobilbilder frå Stølsfjellet i ettermiddag For å komme seg opp i skåra på nordsida av Stølsfjellet, må ein over ei steinur under fjellet. Eg tok difor og omplasserte ein heil del stein der i ettermiddag. For å gjere det meir framkomeleg. Eg har glidd ned i ura her nokre gonger. Og det er ikkje risikofritt. Det er lett å vrikke ein ankel, eller endå verre, å knekke ein fot. No er det alt mykje betre. Så kan eg ta litt finpuss seinare. Trur nok det er god trening i å jobbe med stein for ein som nesten berre driv med kondisjonstrim. Eg sveitta iallefall så det rann i strie straumar under denne jobben. Greitt nok at eg hadde vore opp på fjellet og sprunge ned igjen, men jammen var det eit slit med steinen. Men etter kva eg veit er det lettare å ta tyngste taka når ein er godt varm i muskulaturen frå før... Kanskje eg skal ta å flytte meir stein her oppe... Som vekttrening...:-) Elles var eg litt i stuss kva klede eg skulle dra på meg i stad. Såg regnet dreiv inn over Alden og Atløyna, så eg valde goretex. Det viste seg likevel å vere overdrive. Kunne like godt ha sprunge i shorts og t-skjorte. Stilt, overskya og bra temperatur. Fin 18.mai tur var det iallefall...:-)

lørdag 16. mai 2009

Herlege vårvindar i fjellet

Bror min Sillan med eldste dotter si, Ida, er nøgde over å stå på toppen av Blegja i dag... Nøgd Skaar-gjeng ved Markavatnet etter endt tur i ettermiddag... Eg fekk med meg bror min og eldste dotter hans på Blegja-tur i dag. Eg møtte dei i Stongfjorden, etter at dei tok første ferja frå Dale. Vi køyrde bilen min opp i Markavatnet, før vi tok inn i Rørvika og gjekk opp der i frå klokka 9. 

Det var ein fantastisk morgon. Sola steikte inn i bakkane oppover. Og Sillan og Ida gjekk i shorts, faktisk heile turen, Eg valde heller tights. Eg ville ikkje lage svidde knokar av beina...:-) 

Oppe ved Nipebua vart det mykje kjøligare enn lenger nede. Vi tok difor på oss lette jakker. Og oppe i ura ved vatnet, var det på med gamasjar. Snøen var noko meir roten enn eg rekna med. Eg gjekk først og seig gjennom til opp på anklane. Lenger oppe i "salen" mellom Rørviknipa og platået på Blegja bles det ganske hardt. Kastevinden som kom av og til gjorde at det var vanskeleg å fote seg. I den siste bratte skråninga mot toppen, var snøen ganske hard då sola ikkje tok her. Men Sillan lånte broddane mine, så han fekk seg ein psykologisk stimuli..:-) Og vi kom oss egentleg problemfritt over kanten ved å trakke i same spora. 

Vi hadde sett to mann oppe ved toppen då vi kom nede i ura. Og den eine var eg klar over var Onar O. då bilen stod i Rørvika. Andre mann var turnuslegen i Askvoll (foto frå toppen i album). Dei sat ved varden då vi kom opp. Her oppe bles det så friskt at vi stoppa berre 10 minutt for nokre bilete og ein liten prat. Deretter gjekk vi sørover platået og ned den bratte kanten på sørvest sida. Litt overraskande låg det noko snø ned skåra her på solsida òg. Her er det bratt...! Men vi kom oss ned med litt kryssing av skåra, og bruk av rumpe og armar. Det var litt i grenseland å ta seg ned her utan tau i dag. Alternativet var jo å gå opp igjen og ned der vi kom i frå. Men det eplet var i suraste laget....:-) 

Vi tok oss ein velfortent pause nede i dalen mellom Blegja og Likkjeblegja, før vi tok opp igjen på sistnemnde. Utsikta her er formidabel i alle retningar. I aust ligg Blegja og Storehesten, mot sør Dalsfjorden og heile stranda, i sørvest Dale og vestover ligg heile Blåegga og alle fjella i Askvoll utanfor. I nord kneisar Rørviknipa og ved fjorden dei grøne bøane i Vevring og Rørvika. Utruleg flott! 

Turen ut Blåegga tek si tid. Mykje stein og forkastningar tvers av gåretningen seinkar ein. Men no har eg varda så mykje utover at det er greitt å treffe nedgangane av desse hamrane. Så vi toppa ut Eitrenipa litt før klokka 15 som planlagt. Det bles godt her ute òg. Vi trong ein pause og eg visste nøyaktig kor vi skulle sette oss. Ned i grasbakkan ved det smalaste partiet ville sola steike inn i bakken, og vi ville sitte heilt i le av sørausten. Og dette stemde heilt. Det var godt og varmt. Vi fekk i oss siste rest av mat. Ingenting å spare på no... Resten av turen ned til Markavatnet gjekk etter den vanleg stien som eg har beskrive mange gonger. Heilt fint og greitt. Men det er jo ein tragedie å sjå korleis vatnet her nede ser ut no. Kvar gong eg har passert, har eg trudd at det er det verste som kunne gå an av nedtapping. Men jammen har det blitt verre for kvar gong likevel. Og no er resten av vatnet heilt misfarga av erosjonen langs land... Det er berre å ta seg ein kik på dei siste bilda, så ser du kva eg meiner... Vi var uansett tre blide og nøgde turgåarar som kom fram til bilen litt før 17. Deretter bar det inn i Rørvika igjen, der eg sa adjø til Sillan og Ida. Dei køyrde om Førde til Dale igjen. Kjempetur!

Fra Blegja_Eitrenipa 160509

fredag 15. mai 2009

Vi to

Siste snøen på Dokka ligg litt unnasols rett under toppen Eg fekk med meg Olaug på Dokka i ettermiddag. Marie var heime og passa Peter. Var litt forbausa då ho ikkje protesterte då eg sa vi gjekk opp kammen. Blir det for bratt, likar ho seg lite. Men eg sa som sant var, hadde ho først gått der så tok ho den vegen seinare uansett. Den er rask og bratt. Du får fort mange høgdemeter. Vel, no er Olaug opprinneleg frå Holmedal, og har gått ned Dokke-kammen for ein del år sidan, så ei heilt ny oppleving var det ikkje. Vi gjekk sommarkledde. Det var litt trekk på toppen. Men direkte kaldt vart det ikkje. Kjempeflott kveld og klar luft. Fin tur i lag.
Fra Dokka 150509

torsdag 14. mai 2009

Sommar i luften

Litt forskjell i fargane frå sol til skugge på Stølsfjellet i kveld Jammen vart det heimesysler i går òg! Flatpakka møblar er slikt som eg kan misse nattesøvnen av. No var det heldigvis "berre" hagemøblar det var snakk om, men likevel. Som før nemnt er eg ingen spesielt flink praktikar. Er nok meir den filosoferande typen. Og så har det truleg med interesse òg å gjere. No får ein likevel sikkert til det meste ein set seg føre her i livet, berre ein ynskjer det hardt nok...! No må eg òg innrømme at fruen i huset vart minst like nøgd med meg etter at eg hadde skrudd i hop dei nye hagemøblane som om eg skulle ha teke alle toppane på fjelltrimmen på ein dag i staden. Truleg hadde eg heller fått kjeft av sistnemnde utfriking... Nei, det var andre tider i ungdommen då eg kom heim til bestemor mi med største torskane i Dalsfjorden... Sjølv om bestemor mi var husmor og butikkdame, var ho vel innerst inne mest psykolog... På den annan side har eg jo fått meg nokre smekk etter å tykt for godt om medskapningane mine, så for mykje ros er vel ikkje av det gode heller. For ein kvar har vel opplevd at livet ikkje alltid er ein dans på roser. Filosofering ja... Det var Stølsfjellet ja... Nydeleg stille vårkveld med fuglekvitter i Rivedal. Litt skyer var drege opp frå sør, men temperaturen var så fin at eg sprang berre opp i tights(!) og ei tynn trøye. Legg merke til utropsteiknet. Olaug berre smiler med seg sjølv og ser rart på meg når eg dreg på meg trange tights. Passar ikkje besteforeldre i tights seier du? Vel, det gir eg katten i.. Eg kler meg i det eg tykkje er mest behageleg, iallefall når eg har fri og skal på fjellet...:-) Eg spring gjerne i boxeren for den del... Det er nesten so eg føler meg endå meir fri då! Er det kanskje slik nudistane kjenner på det...? Nei, i kveld pratar eg meg visst heilt vekk. Men egentleg er det vel ikkje så mykje meir å seie om den flotte kvelden på Stølsfjellet. Det var rett opp og ned...for eg måtte for all del ikkje komme for seint til fruen skulle av stad å marsjere med trompeten sin nede i Askvoll...:-) DÅ hadde hundre og eitt vore ute...:-)

tirsdag 12. mai 2009

Sangglede

Litt leik og spel i vindtørka fjorårsgras:-) Eg skvatt opp frå sofaen etter å ha sovna skikkeleg av. Åleine i huset vart ein blund på auga til ein time... Men det var heldigvis ikkje for seint å komme seg på Stølsfjellet som tenkt. Eit eple i handa, på med lette treningsklede og joggesko, og til Rivedal bar det... No er ikkje Stølsfjellet allverda til tur lenger. Opp er det berre å gje på, og ned igjen blir det å springe. Men det er god trim. Flott vårkveld, solskinn og lite vind. Og terrenget hadde allereie tørka bra opp. Første løvsangarane var på plass i lia ved Nigardsstølen. Eg høyrde sangen av ringtrost, gjerdesmett og raudstrupe undervegs. Ei einsleg låvesvale var på matsøk på den blå himmelen i Rivedal. Det ER finaste tida på året dette!

søndag 10. mai 2009

Miniputturnering med stopp på Stølsfjellet

Klar for fotballturnering i dag (Peter t.v.) Eg vil kalle det ei særs vellukka miniputturnering i fotball i Dale i dag. I den forstand at vèrgudane skrudde igjen vasskranen akkurat i rett tid til avspark. Og for at heile arrangementet vart avvikla på under tre timar. Kjempegreie at ein hadde fått til 5 baner, noko som gjorde avviklinga mykje raskare enn med 4. Flott er det òg at så mange ungar og foreldre let seg friste av slike turneringar. Trass i dårlege vèrmeldingar. Berre blide ungar og voksne. Eit kronglomerat av folk i ei sosial hending som det alltid er like kjekt å treffast i. Ein sjakkspelar tenkjer alltid fleire trekk om gongen. Om ikkje eg alltid er så flink til det (forresten lenge sidan eg har spelt sjakk...), så hadde eg ordna med fjellklede og sko i bilen før vi drog heime i frå. Og som tenkt, fekk eg sendt Peter til Stongfjorden med nokon som skulle den vegen heim igjen. Kjersti hadde god plass i bilen, så Peter drog med henne. Og slik låg vegen open for at eg "stakk oppom" Stølsfjellet, sidan eg var i Rivedal likevel...:-) Fekk meg såleis ein fin trimtur opp her, med ei obligatorisk haglbyge på toppen, og sol ned igjen. Dette må ein kalle ein flott søndag...
Fra Miniputturnering&Stølsfjellet 100509

lørdag 9. mai 2009

Berre eg ser Dalsfjorden

Berre eg ser Dalsfjorden... Frå Stølsfjellet og Dokka i dag... Tok ein tur på Stølsfjellet i Rivedal i dag tidleg. Merkverdig dau i kroppen og tung i beina. Og litt småkvalm. Var eit eller anna som ikkje var heilt bra. Trass i at eg har teke det med ro i to dagar denne veka, er det vel eit lite varsko om ikkje å presse altfor mykje heller. Turen i går kveld var jo hard nok i seg sjølv. Og gjennomblaute myrar og væte i underlaget sug jo bra med krefter or føtene òg... No var det sjølvsagt ikkje noko problem med å komme seg opp, sjølv om eg mangla siste giret. Jammen bles det godt på toppen. Godt då med vindtett hue og hette. Skylaget var litt skiftande, og sola dukka faktisk opp til tider. Fint og vekslande. Eg fekk knipsa nokre bilder. Eg småjogga siste biten ned til bilen igjen frå Nigardsstølen. Og etter ei banan og drikke, køyrde eg vidare til Holmedal. Eg vog litt fram og tilbake på om eg skulle ta med meg Dokka òg, som eg var tenkt til i utgangspunktet. Eg kjende meg allereie litt betre, så eg tok av i krysset i Holmedal og køyrde opp til Vassverket. Det var ingen bilar på parkeringsplassen. Eg skifta ei sveitt trøye og tok oppover. Svinga av ved "Jentevegen" og gjekk kammen oppover. Her er ganske bratt. Men eg kjende meg betre no både i føter og mage. Det gjekk difor greitt. Vinden kom i sterke kast, men det var ikkje problem med å halde seg på føtene. Skyene gjekk i rasande fart over himmelen. Og sola dukka fram med enkelte kjappe glimt. Men oppe mot toppen fekk eg på meg ei solid hagl- og regnbyge. Eg kraup i skjul av varden nokre minuttar, før det letta bra opp igjen. Det var isande kaldt i sterk vind og væte. Skodda kom og gjekk. Eg fekk likevel knipsa nokre bilete her oppe òg. Deretter sprang eg heile kammen ned igjen til bilen og køyrde rett heim igjen til ein varm dusj. Det var nok sveitte og kulde for i dag. Eg fekk late kroppen få litt fred...
Fra Stølsfjellet_Dokka 090509

fredag 8. mai 2009

Haust eller vår?

Frå turen på Eitrenipa i kveld Det vart tøft, det vart vått, det vart kaldt på Eitrenipa i kveld. Det var opplett nesten heile vegen opp, men slo til med eit forrykande uvèr oppe i det bratte og lengste skaret mot toppen. Kraftig vind, skodde og regn som gjekk over til sludd og snø. Nevane vart valne som dei knapt har vore før i vinter. Men heldigvis hadde eg Arcteryx goretex jakka og buksa på meg. Og byteklede i sekken. Veret snur fort i fjellet. Om det er vinter eller vår. Men i dag minte det nærmast om sein haust på Eitrenipa. Vel, ikkje berre der. Det er jammen hustrig her ved kysten òg. Elles er det vel kanskje ikkje så mykje å seie. Det vart ein tur rett opp og ned det snaraste eg vann. For å halde varmen. Men fekk knipsa nokre få bilder, før eg måtte pakke inn kameraet i plast djupt nede i sekken. Litt seigt var det oppe i skaret når uvèret sette inn. I tillegg gjekk ròtesnøen meg til midt på leggen. Terrenget var elles søkk gjennomblautt og rimeleg tungt å ta seg fram i... Nei, no må vi ha vår og varme. Og neste veke ser heldigvis lovande ut...

onsdag 6. mai 2009

Blaute myra

Utsikt mot Askvoll frå Dokka 3/5 Fin trimtur på Stølsfjellet i kveld òg. Ganske vått i terrenget. Det blir alltid litt tyngre å gå myrane då. Iallefall når du i tillegg skal springe i fjellsko... Eg fekk nemleg lite vetta tidspress då Olaug skulle i gebursdag til Sissel kl 20, og eg slumra litt for lenge på sofaen etter middag. Men det heldt akkurat... (På stram line, var ikkje det ei bok med Bagley ein gong i tida...?:-))

tirsdag 5. mai 2009

Ustadig vårvèr

Voldsomt snødrev på toppen av Stølsfjellet i ettermiddag (MMS) Etter ein roleg dag i går, var eg ein tur opp igjen på Stølsfjellet i Rivedal i ettermiddag. Det var veldig skiftande vèr. Ei skikkeleg haglbyge då eg starta, avløyst av opplett og bra undervegs, før det slo til med voldsomt snødrev på toppen. 4 årstider på ein tur! Ja, nett slik er våren. Veldig ustabil. I kveld tykkjer eg litt synd i tulipanane ute i hagen... Elles er det vel ikkje så mykje å føye til, utanom den ganske vanlege opplevinga, at ei skrattande rype kveppte meg så eg skvatt. Og omvendt:-) Merkeleg dette når du går slik i andre tankar, så kvepp du av rypa eller orren same kor van du er med fuglen og situasjonen...

søndag 3. mai 2009

Trippel glede

Utsikt mot Nigardsstølen i dag tidleg. I ettermiddag stod konfirmarmasjons-kaffi og kvelds på programmet hjå bror min og svigerinna mi i Flekke. Og for å nytte dagen stod eg opp i 6-tida som vanleg. Og var på plass i Rivedal før 7.30. Stølsfjellet stod på programmet. Det var berre nokre få varmegrader, overskya og litt trekk. Ganske kaldt med andre ord. Men eg fekk fort løyst sveitten opp bakkane. Godt med hue og hanskar på toppen. Etter å ha kome ned igjen til bilen, skifta til ei ny trøye og teke ei banan, køyrde eg rett til vassverket i Holmedal. Gjekk opp kammen på Dokka. Delvis sol inn i mellom tjukke skyer. Grei tur opp hit òg. Moro å springe ned igjen den ganske bratte kammen. Spesielt når eg ligg heilt på grensa til å misse kontrollen på grunn av farten... Neste stopp på programmet var Askvoll og Hjartåsen. Same opplegget. Her traff eg rett nok første mann for dagen. Ingen sensasjon at det var Gunnar A. Han brukar å vere tidleg oppe søndagen, og var komen halvveges ned igjen. Vi slo av ein liten prat. På toppen var dessutan Ingvar S. då eg kom opp. Her bles det ganske bra no, så eg sprang like til bilen igjen i Askvoll. Tre kjempeflotte fjell var i boks søndagsmorgonen... Eg var heime igjen rett før 12 og klar for middag, fleire kakefat og rømmegraut...:-) Det vart såleis ein topp fjelldag med påfylgjande framiliær sosialisering...:-)
Fra Stølsfjellet_Dokka_Hjartåsen 030509

lørdag 2. mai 2009

Lett på Stølsfjellet

Den spesielle forma på Stølsfjellet frå Nigardsstølen. Fruen er fornøgd med seg sjølv. Rivedal i bakgrunnen. Med compeed på begge føtene etter den famøse avslutninga på turen i går, vart det til at fruen i huset og eg tok ein tur på Stølsfjellet i Rivedal. Blemmene svei som tykjen sjølv, men det fekk no berre vere. Det bles kaldt på toppen, så det var godt eg tok med både hanskar og hue. Flott når sola såvidt stakk fram. Men blid frue, gav fin tur...:-) Og det gir jo alltid meirsmak!
Fra Stølsfjellet 020509

fredag 1. mai 2009

Den lengste turen

Endå ligg det mykje snø på toppen av Blegja. Svære skavlar som no er utrygge å gå for langt ut på... Eg ser Eitrenipa i eit nytt lys... P.S. Det er ikkje eg som har bygt denne varden:-) Eg var innstilt på "standardturen" på Blægja/Blåegga/Eitrenipa i dag. Med start i Rørvika og retur til Markavatnet. Det viste seg å bli litt annleis enn eg hadde tenkt. Eg var på plass i Rørvika sånn ca 7.15 (det er jo då eg brukar å passere der når eg skal på arbeid...:-)) Det var overskya, men heilt stilt og fin temperatur. Det gjekk greitt oppover dei bratte bakkane. (For dei som ikkje er kjende, kan du sjå toppen på Blægja nesten rett opp nett før der ein parkerer bilane. Det er såleis 1304 meter frå fjorden og opp...) Første snøen traff eg på i den nordvende bakken nedom den privateigde hytta Nipebua (ikkje Nipebu!!) under Rørviknipa. Snøen var akkurat slik eg hadde førestilt meg. Passe blautt dei første centimeterane og fast under. Perfekt opp brattene på sko...:-) Oppe i urane gjekk det òg veldig greitt. Kjempefordel med snø opp på all steinen. I "salen" mellom Rørviknipa og topplatået fann eg ut at det var best å ta på broddar. Det var litt isete inn i mellom det blaute laget på snøen. Og her er det bratt opp for å komme seg over skavlen... Men det gjekk heilt fint å komme seg over og opp på platået.. Diverre bles det ganske heftig på toppen. I tillegg til at det var overskya. Eg hadde berre softshell bukse og ikkje noko under, så det vart fort ganske kaldt... Eg vart faktisk slik i stuss av denne vinden/kulden at eg først ombestemte meg på heile Blåegga og Eitrenipa. Men då eg kom ned igjen til vatnet under Likkjeblægja, fekk eg vinden meir frå sida og bak. Så då gjekk eg utover likevel. Tok difor ut under fjellet og opp på Blåegga utan å toppe ut Likkeblegja. Og her var det fint utover. Det var litt lettare i skylaget òg. Og eg fekk att varmen både i fingrar og tær:-) Når det er sagt, er det klart at sidan snøen nesten er vekke her no, er det mykje tyngre å ta seg fram vestover, over alle forkastningane. Snøen jamna jo tidlegare desse heilt ut. Siste stigninga opp igjen på Eitrenipa frå aust var tung... Men eg toppa ut her klokka 11.30. Etter å ha fått i meg eit par skiver og saft, tok eg til på den vanlege returen om Leknesvatna til Markavatnet. Tankane gjekk stadig meir til korleis eg skulle komme meg i Rørvika igjen. Olaug og Peter var med på den organiserte turen på Høgeheia/Lia/Liavika/Hollevika, så der var det ikkje håp om transport. I verste fall måtte eg gå til riksvegen igjen. Og det var nettopp det eg måtte. I utgangspunktet var det sjølvsagt lite håp om transport her. Skoa og sokkane var ganske våte etter 6 timar på fjellet i snø og væte. Og av kondens sjølvsagt. I kilomtervis på asfalt er jo dette ein dårleg kombinasjon... Så etter å ha kome ned til vegen, kjende eg vassblemmer bak storetærne. Svarte... Vel, eg sette meg ned i graset på vegkanten, kjende sola varma kjakane, tvinna strå og prøvde å sjå glad ut... Hadde det ikkje vore for at eg hadde vandra i 7 timar, var trøtt, tørst, svolten og verkte i beina, hadde jo livet skine... Men bilane let vente på seg! Eg tok difor beslutninga om å gå i gang på asfalten igjen. Eg kunne jo haike undervegs... Worst case scenario var jo å måtte gå heilt i Rørvika der bilen stod. Omlag halvveges var eg oppgitt. Fleire bilar hadde passert. Utan mine til å stoppe. Var det ikkje 1.mai? Adjø solidaritet? Eg stoppa og tok meg to XL1 pastiller og litt vatn. Og vart forbanna... Der og då bestemte eg meg i rein staheit, uansett kor vassblemmene og føtene verkte, for å gå i Rørvika. For å gjere ei lang historie kort, så var det akkurat det eg gjorde. Men det er i grunn lite å fortelje heim om av den studien eg hadde av autovern, knallhard asfalt og blankpussa bilar som osa forbi! Eg kan berre avslutningsvis seie at eg sjeldan har vore så glad for å setje meg inn i bilen nokon gong. Og kor langt det er frå Markavatnet til Rørvika etter asfalten veit eg ikkje - 12/15 kilometer? Eg får sjekke det ein gong når eg har fått turen meir på avstand... Livet smiler forresten likevel veldig fint til meg no...:-)
Fra Blegja_Eitrenipa 010509