torsdag 28. februar 2019

Stopp raseringa av kysten


Utsikt til Lutelandet og Lammetun frå Blåfjellet i Askvoll
200 meter høge turbinar vil ruve i landskapet
(konsesjon gitt på Lutelandet)

Er du ein av dei som ser positivt på at den sårbare kystnaturen vår blir skapt om til store industriområde for vindturbinar? Ta iallefall ein kik på lista eg har sett opp over aktuelle problemstillingar og fakta ikring desse utbyggingane. 


Vindturbinar
  • Skjemmande i sårt kystlandskap. 
    • Kastar is med stor kraft frå rotorane ved spesielle vertilhøve: Risiko ved å ferdast i utbyggingsområdet 
    • Lysmerking av turbinar er sjenerande 
    • Kan ikkje setjast opp nær busetnad 
    • Bør ikkje kome i konflikt med kulturminner 
    • Bør ikkje kome i konflikt med friluftsinteresser 
    • Kan ikkje plasserast nær anna næringsverksemd
    • Avvikling av anlegg etter 20-25 år. (Dei fleste tekniske komponentar har denne levetida) 
    • Alle andre inngrep enn sjølve turbinen er irreversible 
    • Produksjon av vindturbinar genererer store mengder CO2 utslepp, Nox, SO2, bly, kvikksølv og Zink 
    • Vegar og andre installasjonar i myrområde vil føre til seinking av grunnvatn og endra karbonbalanse, raskare nedbryting og store utslepp av CO2. 
  • Tap av vegetasjon som bind CO2 vil generere auka klimagassar. Sidan myrane er den type vegetasjon som mest effektivt lagrar karbon, er ei nedbryting av myr alvorleg i klimasamanheng. 
  • Det er feil å påstå at vindkraft gir fornybar energi utan utslepp av klimagassar.
Busetnad
• Utbyggar vil aldri tilby ein avtale som er gunstig for grunneigar og dermed ugunstig for seg sjølve. Då er utbygginga ikkje interessant. Deira interesse for å byggje ut vil stå i direkte konflikt med grunneigarinteresser.
• Kan ein pengekompensasjon forsvare å gje avkall på området for ettertida?
• Fleire forskarar meiner det kan vere samanheng med elektromagnetiske felt frå kraftliner og kreft på menneske. Det må lagast nye 132 kv kraftliner som mange gonger råkar busetnader.
• Mange bustader vil ligge innafor ei støygrense som er spesielt plagsam om natta. Svenske styresmakter har tilrådd ein sikringsavstand på 700 meter og ei støygrense på 40 DB
• Det er uakseptabelt å utsette fastbuande for støy som er plagsomt
Ein risikerer at investeringar i området stopper opp, fråflyttinga vil auke og verdi på eigedomar vil verte reduserte  (undersøkingar i Danmark viser 25 – 30 % nedgang i bustadprisar)
Ureining
• Anleggsarbeid med sprenging, masseforflytting, massedeponering og etablering av
vegar og interne vegar kan forureine brønnar med knust fjell, stein, sand,
humus, finmateriale av betong
• Restar av sprengstoff og nitrøse forbindelsar kan medføre auka nitrogentilførsel til nedstrøms område.
• Akutte forgiftingar av planter, dyr og fuglar i området
• Bygging av turbinar krev miljøskadelege gifter som injeksjonskjemikaliar og betongherdarar. Desse er giftige for dyr, fuglar og planter
• Søl av drivstoff, olje og anna farleg avfall vil kunne forureine både vassdrag, jordsmonn
• Sanitæravløp frå brakkeriggar kan medføre bakteriell ureining av nedstrøms vatn til brønnar
• Ureining knytt til anleggsfasen: Forskalingsmateriale, avkapp trevirke servicebygg, kabeltromlar. Trekassar, lastepallar, papp og papir, emballasje, avkapp av armeringsjern, avkapp av kabel, restavfall, kantineavfall, spillolje, transformatorolje, kjølevæske, maling, kjemikalierestar, batteri og plast
• Iflg. AMBIO Miljørådgjeving er det knytt ca 155 tonn avfall knytt til ei utbygging av 42 vindturbinar.
• Ureining knytt til drift: Avfall frå servicebygg knytt til transformatorstasjon, emballasjeavfall i forbindelse med vedlikehald og service på transformatorstasjon, farleg avfall frå vedlikehald og service på turbinar og farleg avfall og service på transformatorstasjon som spillolje, oljefilter etc..
• I sårbare kystområde er ureining ein viktig faktor som er lite vektlagd.
Arbeidsplassar
• Få arbeidsplassar. Ein del i anleggsperioden
• Vindturbinar er nærast vedlikehaldsfrie (utanom havari) inntil 20 års levetid
• Styring og overvaking av produksjon og drift er integrert i sentrale driftssentralar
• Vindturbinane har automatikk som startar, stoppar og regulerer seg sjølve.
• Entreprenørverksemda er ”sentralisert”. Kompetansen på vindkraftutbyggingar er ikkje lokalt forankra.
• Turbinane blir fjernstyrt frå eksisterande driftssentralar
• Norske leveransar vil utgjere om lag 20% av investeringskostnadene.
• Pårekna noko positiv effekt på overnattingsbransjen/restaurantsbransjen i utbyggingsfasen.
• Avgrensa økonomiske ringverknader for annen verksemd (Langevåg vindturbinpark)

Utsikt til Lutelandet (konsesjon gitt) og Askvoll frå oppstigninga til Kalderasnipene og Dokka 

Naturkvalitetar
• Områder for vindturbinar er ofte klassifiserte som område med spesielle naturverdiar (EDNA) m.a. edellauvskog og kystlynghei. Purpurlynghei, tørrhei og rikhei er sterkt trua på landsbasis.
• Sørboreale vegetasjonssoner strekkjer seg ofte opp i kystområda våre.
• Vindkraftutbyggingar bryt ofte inn i urørt natur og inngrepsfrie område der det kan vere fleire kilometer til nærmaste tyngre tekniske installasjonar – såkalla INON – klassifisert frå Direktoratet for Naturforvaltning. Det er få inngrepsfrie område igjen i Norge som går frå fjord til fjell.
• Inngrepsfrie naturområde aukar opplevingsverdien for det enkle friluftslivet.
• Vi har ansvar i den globale dugnaden for å sikre jorda sine naturrikdommar. Vi må ta vare på dei siste restane av urørt natur. Naturvern er å ta vare på mangfaldet i naturen
• Stilla er ein svært verdfull kvalitet. Blir øydelagt av støy av turbinar og anleggstrafikk
• Områda er ofte klassifiserte som FRIDA – friluftsområde av fylkesmannen
Turisme
• Satsing på framtidig turisme i turbinområde må vektleggast og oppmuntrast. Folk som satsar på ærleg arbeid og utkome av dette må prioriterast. Ein kan ikkje øydeleggje framtidig næringsgrunnlag for folk som vel å satse på turisme.
• Natur- og kulturlandskap på kysten har oftast heilt spesielle kvalitetar og det er grunn til å tru at dette har innverknad for auka tilstrøyming av turistar med åra.
• Vindkraftutbygging har store negative innverknader på reiselivnæringa på sikt
• All praksis viser at når eit område er utbygt vert det mindre nytta. Folk vil ha urørt natur, stilla og ro. Ikkje anleggstrafikk og rasert natur.
• Visuelle influenssoner er ofte 360 grader frå turbinområde på kysten
• Den visuelle dominanssone er ofte utprega frå sjøsida
• Den visuelle dominanssona vil gjelde endå sterkare for innsegling til fjordar og vidare inn fjordane.
Forsterka av –
1. Stort tal turbinar
2. Stort tal turbinar i innsynsretninga
3. Naturleg innsyn til parken
4. Turbinar plassert i ein dominerande posisjon (høgdetoppar)
5. Skuggekasteffekt
6. Oppstillingsmønster
• Kystlandskap har svært stor symbolverdi
• Kysten har med sitt landskap, naturmiljø, historie og kulturmiljø stor opplevingskvalitet
• Opplevingsverdi vert øydelagt
• Brukarar/turistar kan unngå å legge turar til ubyggingsområdet like mykje ut frå vissheita at området er eit utbyggingsområde utan konkret innsyn
• Influensområde langt utanom det som visuelt blir påverka
• Avbøtande tiltak er uinteressante då inngrep allereie har skjedd
• Rekrutteringspotensiale til friluftsliv kan bli redusert
Biologisk mangfald
• Stanse tapet av norsk naturmangfold innan 2010 og legge fram et forslag til ny Naturmangfaldlov
• I St.meld. nr 58 (1996-97), ”Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling”, heiter det at ”sektorene og kommunene må så langt som mulig unngå ytterligere inngrep i de gjenverende, sammenhengende urørte naturområdene.
• Skal vi ta vare på ein art, er det ein grunnleggande regel at vi må sikre leveområdet for arten. Det same gjeld om vi skal få med oss genetiske variantar av den same arten inn i framtida. Utan å ta vare på den store variasjonsbreidda, kan vi ikkje sikre den biologiske rikdommen..
• Bevisbyrden i omstridde miljøspørsmål skal påligge tiltakshavar og eventuell fagleg tvil skal komme naturmiljøet til gode

Utsikt frå Moldura i Askvoll 11.11.11 mot Alden og Atløy. Sistnemnde er i Regional plan for vindkraft, ratifisert av fylkestinget 8.juni 2011, klassifisert til å ha lite konfliktpotensiale knytt til landskap og friluftsliv…Det er nesten så ein ikkje trur kva ein les. Foto G.Skaar

Landskap
• Kvar turbin med oppstillinngsplass vil okkupere opptil 1500 kvadratmeter
• I tillegg til grunn som direkte blir råka av tekniske anlegg vil det vere nødvendig å klausulere all grunn innanfor 10 kvadratkilometer. Klausuleringa vil innebere at det ikkje er tillete tiltak som kan vere til hinder for bygging og drift av industriområdet, inkludert aktivitetar eller tiltak som kan avgrense kraftproduksjonen
• Ny 132 kv kraftlinje. Lengde? Som vedkjem x – antal eigedommar?
• Langs trassè for luftleidning vil det vere eit byggje- og skogryddingsbelte på 29 meter.
• Langs jordkabel 3 meter
• Romleg klart landskap er viktig
• Vanleg å rekne 10-12 km i radius frå turbinane som influensområde
• Store inngrep ved vegbygging og nye kraftleidningar i gamalt kulturlandskap.
• Bygging av transformatorstasjon
• Bygging av montasjeplass (ca 100 kvadratmeter?) til kvar turbin
• Oppføring av transformatorstasjon/servicebygg på ca 400 kvadratmeter? Med servicedel ca 200 kvadratmeter (kontrollrom, verkstadlager, garasje, opphaldsrom, garderobar med sanitæranlegg)
• Opparbeiding av gardsplass for tilkomst, transport og leveransar til anlegg. Inkludert parkeringsplass
• Inngrep for vassforsyning, avløp frå sanitæranlegg og infiltrasjonsgrøft for grått vatn
• Oppsetting av meterologimast på minst same høgde som turbinar
• Opparbeiding av omlastingsplassar i terrenget nær tilkomstveg ved bygging av kraftleidningar
• Eldre kulturlandskap og kulturmarkstypar er i dag sterkt pressa og i ferd med å forsvinne frå omgjevnadane våre pga. attgroing og omfattande utbyggingar. Vi er i ferd med å misse viktige referanseområde og kulturhistorisk dokumentasjonsmateriale for ettertida.
• Kvalitet på opplevingsinnhald og det estetiske aspekt blir forstyrra av refleks, støy og skuggar av turbinar, leidningar og master
• Dei ruvande dimensjonane av turbinane gjer dei synlege over lange avstandar, jmfr. turisttrafikken langs leiene og verna øy – reservat i vest. Også for turisme og friluftsinteresser lenger aust vil ofte landskapssilhuettane bli øydelagde
• Fragmentering av kystlandskap spesielt ved vegbyggingar
• Tilkomstvegar må byggjast på minimum 5,5meter breidde i tillegg kjem grøfter, fyllingar og skjeringar. Tilleggsareal ved knappe svingar
• Deponering av lausmassar i tilknyting til tilkomstvegar og vegar mellom turbinane
• Lysmerking av vindturbinar vil bli eit dominerande blikkfang nattetid
• Innflygingskorridor til flyplassen til Florø vil krevje fast belysning?
• Visuelle influensområde er ofte ikkje råka av tyngre tekniske inngrep
• Ope kystlandskap har stor vitalitet og tidsdjupne
• Tekniske inngrep vil redusere områda sin visuelle verdi som urørte
• I vurdering av dei landskapsmessige konsekvensar inngår også ein kognitiv dimensjon, korleis historia i landskapet blir oppfatta av folk flest. Dette er i tråd med den europeiskelandskapskonvensjonen sin definisjon av landskap.
• Vindturbinanlegg må ikkje byggjast i store samanhangande INON område eller i INONområde som går ubrote frå fjord til fjell
• Noreg har ratifisert den europeiske landskapskonvensjonen som er gjeldande frå mars 2004. Her heiter det at partane forpliktar seg m.a. til «å foreta ein vurdering av landskap der det tas hensyn til den særlige verdi interesserte parter og den berørte befolkning tillegger den» artikkel Cb.
• Vedrørande vindkraftverk plassert på myr med ei djupne på ukjent tal meter : Storparten av myr er svært våt, noko som medfører at utbyggar må foreta store masseutfyllingar av områda for vegar, turbinfundament og oppstillingsplassar. På grunn av fundamentering av turbinar (på lausmassar) er det overhengande fare for at aurheller vert punktert og at området får endra vassbalanse. Dette kan medføre ein total endring av floraen i området og auka fare for flom.

Utsikt frå Lammetun

Dyreliv
• Anleggstrafikk vil påverke trekkruter for hjort og anna vilt sommar og vinterstid. I anleggsperioden vil hjort finne andre trekkruter.
• Dyr på utmarsbeite vil bli forstyrra i anleggsperioden.
• Dyr vil bli forstyrra ved trafikk og ferdsel i driftsperioden
• Beslag av fjellbeite for sau?
• Arealbeslag/arealinngrep (direkte nedbygde areal, erosjonseffektar)
• Drenering/oppdemmingar
• Endringar av mikroklima som følgje av masseforflyttingar
Fugleliv
• Dokumentert at vindturbinar tek livet av havørn. Jmfr. kva som har skjedd på Smøla der mesteparten av havørn-populasjonen er utrydda som følgje av kollisjon med rotorane.
• Havørn er raudlista som hensynskrevjande der Norge har ei spesielt forvaltaransvar (Norge har 45% av den europeiske populasjonen)
• Spesielt ungfugl er utsette
• Influensområde på 2 km for stadbundne rovfuglar innan området
• Rovfuglar som havørn, tårnfalk og fjellvåk frå nærliggande område streifar på jakt
• Rovfuglar har vist seg å vere spesielt sensitive for støy og andre forstyrrelsar i hekketida
• Amerikanske styresmakter har føreslått ei buffersone opp mot 4,8 km for bygningar og konstruksjonar rund område med hekkande rovfuglartar
• Kollisjon også med nye kraftleidningar. Amerikanske studiar viser at kraftlinjer er hyppigaste dødsårsaka hjå rovfuglar. Undersøkingar i Spania underbyggjer dette
• Ender og vadarar som held til langs kysten og innover er spesielt utsette for kollisjonar både på sjølve turbinane og kraftleidningane då dei flyg mykje i skumring og grålysning
• Habitattap for havørn og andre fuglar som heipiplerke, lirrype, steinskvett, heilo, fjellvåk, tårnfalk etc
• Tårn manglar aerodynamisk utforming og skaper vibrasjon som forplantar seg i bakken, dermed forsvinner mikrobiologisk liv og innsektliv i fleire kilometers omkrets, bla blir meitemark borte
• Landvindmølleparker endrer adferd hos lokale dyrearter, det har en tendens til å skape en biologisk ørken i stor sone rundt slike anlegg.
• Forstyrrelseseffekt på hekking i området
• Trekkfuglar i tusental har trekkorridor ved kysten
• Det er inngått bilateral overeinskomst med Skottland om vern om og forvaltning av Svalbardbestanden av kvitkinngås. Kvitkinngjess er freda.
• Bonnkonvensjonen (CMS) har i tillegg til internasjonalt samarbeid om vern av trekkande artar og enkeltbestandar av slike, også eit hovedfokus på trua artar og utvikling av aksjonsplanar for desse artane. Gjennom den regionale vassfuglavtalen er følgjande artar omfatta av aksjonsplaner: Stellerand, dverggås, lappfiskand og Svalbardbestanden av hvitkinngås og ringgås.
• Bonnkonvensjonen skal sikre at m.a fuglar på liste 1 skal sikrast sine leveområde. Havørn er oppført på denne lista
• Norge har ratifisert to regionale avtalar under Bernkonvensjonen, begge relevante for Staveneset vindturbinanlegg. Vassfuglavtalen tek sikte på å skape eit juridisk grunnlag for ein felles verne og forvaltningspolitikk i landa for trekkande vassfugl
• Bernkonvensjonen forpliktar Norge til eit strengt vern av trua artar oppført på liste 2.
Kvitkinngås er oppført her
• Vindkraftanlegg må ikkje lokaliserast i område der artar på Bernkonvensjonen si liste 1 og Bernkonvensjonen si liste 2 førekjem

Askvoll og Lutelandet
180 meter høge turbinar vil vise att i landskapet

Kulturminne
• Områder blir oppstykka/fragmentert sjølv om kulturminne ikkje blir direkte råka
• Kulturminner og kulturmiljø innanfor og i nærleik til vindkraftanlegg vil visuelt bli totalt dominert av vindkraftanlegget
• Kulturminne og kulturmiljø er viktige deler av samfunnet sin kollektive hukommelse, og kulturarven kan bidra med kunnskap, forteljingar og opplevingar som kan ha tyding for identitet, sjølvforståing, sjølvutvikling og trivsel for enkeltmenneske og for grupper.
• Framtidig bruk av natur, kulturminner og historie i pedagogiske samanhengar, musealt arbeid osv.
• Historiske landskap bør ikkje vere dominert av markante og storskala moderne inngrep – Riksantikvaren
• Kulturminne blir påverka direkte/indirekte ved mølleplassering, adkomstveg, internvegar, tilknytingspunkt for kraftlinje
• Kulturminne og kulturmiljø blir liggjande i eit landskap som er vesentleg endra i forhold til då kulturminnet var i bruk.
Friluftsinteresser
• Rekrutteringspotensiale til friluftsliv blir redusert ved ein utbygging
• Sterke friluftsinteresser knytt til kystområde for hyttefolk, turistar og fastbuande
• Merka stiar
• Fragmentering av friluftsområde
• Ein byggjer barrierar i friluftsområde
Skuggekast
o Turbinane vil i visse høve stå i posisjon mellom sola og den som ser på og rotorane vil kaste ein rørleg skugge med repeterande mønster som blir projisert mot betraktningsstaden
o Den sveipande skuggen er godt synbar på flat mark, lyngmark og rabbar. Men også på vindauge, veggar og havoverflate.
o Ingen maksimalgrenser for skuggekastbelastningar (Danmark 10 timar pr år)
o Skuggekastmottakar er utsette opptil 2 km frå aktuell turbin
o Skuggekastmotakarar på friluftsområde austover mesteparten av året og spesielt morgon og kveld
o Ingen skjermande vegetasjon i områder utanom koller og fjellrabbar
Refleksblink
o Rotorblad blir produsert med blank overflate for å produsere optimalt og for at skit ikkje skal feste seg. Refleksfrie blad finst ikkje.
o Refleksblink vil nå over lange avstandar. ”Lysorgel” om natta då turbinane må merkast med blinkande lys.
o Konflikt med luftfarten
o Konflikt med forsvaret

Støy
o Støy i anleggsfasen av tyngre køyretøy og anleggsmaskiner
o Støy frå helikopter i anleggsfasen
o Støy frå sprengingar
o Støy frå transformatorstasjon
o Pulserande støy som kjem frå turbinane vert opplevd som meir sjenerande enn vanleg støy
o Mekanisk støy frå roterande deler i gir og generator
o Aerodynamisk støy når luft passerer i bakkant av rotorblad. Luft og dermed lyd blir pressa ned mot bakken i bakkant av turbinane. Vindstyrken og lyden aukar med antal høgdemeter.
o Støy kan variere frå fabrikant til fabrikant, men fellestrekk er at den over tid aukar pga slitasje
Strandsone
• Bygging av nye djupsvasskaier med ny tilkomstveg er eit framandelement
• Stanse nedbygginga av strandsona (Soria Moria Erklæringa).
• Nasjonale styresmakter har dei siste åra hatt eit særleg fokus på forvalting av strandsona, som sidan 1965 har hatt eit lovfesta vern gjennom byggje- og deleforbodet i 100-metersbeltet ved sjøen. Strandsona er definert som eit område av nasjonal interesse som det skal takast omsyn til ved all planlegging.
• Miljøvernministeren ynskjer å innskjerpe dispensasjonspraksisen jmfr. rundskriv av 8.3.02. Jmfr. dessutan FRIDA og EDNA i ei handheving av deleforbodet i 100-metersbeltet
Allemannsretten
• Oppsetting av stengsler/gjerder og fareskilt som vil måtte kome i høve industriområda
er eit brot på Allemannsretten jmfr. Friluftslova paragraf 13.
Noreg som miljønasjon
• Noreg skal bygge sin miljøpolitikk på prinsippet om bærekraftig utvikling, som rommar eit krav om solidaritet med kommande generasjonar nasjonalt og internasjonalt.
• Miljøvern handlar om å forstå at ressursane på jorda er avgrensa.
• Miljøpolitikken i Noreg skal bygge på føre –var – prinsippet som seier at tvilen skal komme naturen til gode
• Oppretthalde naturmangfald og kulturlandskap
• Allmenta sin tilgang til naturopplevingar i Noreg er utgangspunktet for mange si naturglede og miljøengasjement, og skal sikrast.
• Stadig færre område i Noreg er urørte av tekniske inngrep. Vi må gi sterkare vern av område og naturkvalitetar som også våre etterkommarar har rett til å oppleve.
• Friluftsliv er ei kjelde til livskvalitet, rekreasjon og betre folkehelse.

(Dette arbeidet var utført i 2011. Visse edringar er føretekne 28/2-19)
Gustav Skaar

søndag 24. februar 2019

Eitt skar og eitt til

Nordeide

Skaret opp frå Fisma
Fismavatnet og Steinheia

Søreidet, Kyllaren og Ringstad


Dagens rute

Delvis skya, 8 grader, disig, og neste vindstille i dag tidleg, er vel ikkje akkurat slik vi hugsar at februar var før i tida. Når vi i tillegg kan legge til at det er snøfritt langt til fjells, er dette iallefall uvanleg. 

I dag valde eg rundturen frå Nordeidet til Fisma og opp skaret til Fismavatnet og Jamneheiane. Fin og rask rute for å kome seg opp i fjella på Askvoll-halvøya. Bratt opp skaret i nord og retur ned att skaret i sør. Her oppe viste det seg at Fismavatnet allereie var nesten isfritt.  

Frå Jamneheiane gjekk eg opp skaret i sør og opp bakken til Steinheia. Her er det flott utsikt. Diverre var det såpass disig i dag og relativt dårleg lys at bilda nok ikkje vart slik eg tenkte. 

Deretter følgde eg heile høgdedraget sørover på austsida av Askdalen til Kultingane. Denne toppen er med på fjelltrimmen i år. Returen tok eg som sagt ned att skaret i sør til Nordeidet der bilen stod. Flott rundtur.





lørdag 23. februar 2019

Våryr



Liavika

Liavika
  Flott tur på Høgeheia igjen i dag med retur til Lia og Liavika og Vågen i Grimelia. Ei runde eg likar veldig godt. 

Forma er heldigvis på veg etter ein slakk vinter. Etter fleire turar på Høgeheia dei siste helgane hjelper det no på. Ei god kjensle det. Så får eg ta til på litt lengre turar etter kvart som det vårast endå meir. I dag kom eg i så måte over første kusymra for året. Det er tidleg. Men ekstra kjekt. 


ds

fredag 22. februar 2019

onsdag 20. februar 2019

søndag 17. februar 2019

Vått, grått og kaldt



Det vart vått, grått og kaldt på Toreheia i dag. Og skodde med solide vindkast oppe på toppen. Planen om å gå aust til Ytrevågefjellet hoppa eg over. Det var berre å kome seg ned att. Eg valde kanten mot Yndestadhøgeheia etter å ha gått om Krikavatnet opp. Ikkje at det bles mindre oppe på kanten. Tvert i mot. Men då var eg bedre kledd for vindkasta. Trimtur i boks. Ei god kjensle av det. Men for naturopplevinga? Tja, eg har bedre minne her oppe frå enn dette....😉

Toreheia 170219

lørdag 16. februar 2019

Utegangarane




Etter vèrmeldingane i dag skulle vèret bli betre ut over dagen. Det stemde på ein prikk. Så etter ein tur til Dale med innlagt kaffibesøk på Allmuen med mor mi, vart det fint å ta trimturen på Høgeheia og Furefjellet. Og etter å ha bytt ut dei tyngste fjellskoa med nokre lettare sko, gjekk turen meir som ein leik i høve dei førre helgane. Aberet vart sjølvsagt iskalde tær. (Som nemnt før tòler dei fint lite etter fleire forfrysningar).

På Høgeheia er det no snøfritt, jmfr. bilda. Berre eit par fonner ligg igjen oppe ved toppen. Så her er det berre å gå for dei som ikkje likar snø. 

På veg vest igjen til Furefjellet traff eg jammen på villsauene her ute. Det er lenge sidan eg har sett dei no (utanom dei tre hi helga). Dei såg ut til å ha det greitt (sjå foto og video). Denne gongen fekk dei ikkje ferten av meg, så eg kunne stille og roleg studere dei. 

Kjekk trimtur. 
Foto Høgeheia Furefjellet 160218



fredag 15. februar 2019

torsdag 14. februar 2019

mandag 11. februar 2019

Vår i lufta



Så var snøen heime borte vekk. Også på Skylefjellet i går. Det ligg rett nok noko snø att i skjeringane oppe på fjellet, men her på kysten forsvinn slikt "over natta". Trekken derimot var skikkeleg sur i går morgon. Så etter ein føremiddagstur gjorde det godt med ekstra gode kaker hjå ho mor i Dale på ettermiddagen. Fin søndag!

lørdag 9. februar 2019

Vårkjensla


Så var snøen ein saga blott. Iallefall i denne omgang. 7 plussgrader, varmande sol i bakkane og nesten heilt snøfritt opp på Høgeheia. Herleg. Rett og slett.  Høgeheia er nydeleg å gå på no. Og ypparleg som mål for å kome seg litt i form for ein dvask vinterkropp.


 Foto Høgeheia 090219






onsdag 6. februar 2019

Den enes død....

Utsikt mot Stavenesodden
"Den enes død den annens brød" - ja slik vèl eg å tolke Miljødirektoratets anbefalingar og eksklusjonar av framtidige industriområde for vindkraftturbinar. 

"Resultatet av "eksklusjonsrunde 3" er identifisering av totalt 147 relativt store områder (92 for Miljødirektoratet og 55 for Riksantikvaren) innenfor de 43 analysearealene, som etter vår vurdering ikke bør inngå blant de mest egnede områdene for vindkraftutbygging (mi utheving)".  Men "Vi presiserer at de anbefalte eksklusjonene absolutt ikke er noe godkjentstempel for utbygging til områder som ikke er ekskludert". Det er kanskje vesentleg å få med seg. 




Stongfjorden med utsikt mot Stavenesodden

Som vi ser (sjå link under) har Miljødirektoratet ekskludert vårt område 19 i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord for framtidig vindkraft. Grunngjevingane kan de lese om nedanfor. Eg gjengir ikkje dei her. At vi har vunne fram med våre syn hjå oss er særs gledeleg. Skåret i gleda er at mange andre naturområde i landet kan bli raserte av desse meiningslause utbyggingane. 


Eksklusjon av Miljødirektoratet for vindkraftutbygging


Sjå tematisk vurdering av områda:


søndag 3. februar 2019

Lyst på fjelltur?




Eg trakka spor på Høgeheia igjen i dag. Kjem det ikkje meir snø er det fint å gå opp der no på berre skoa. Fint for den som vil ha ein fjelltur utan ski på føtene. Ja, så får du sjølvsagt med deg havkjensla. Den opne og frie utsikta. Herleg rett og slett. Det er berre å gå...😉



lørdag 2. februar 2019

Ei kule kaldt

Mangevatna i dag

Fin tur på Skylefjellet i dag. Det er no bra opptrakka forhold til Rinda og til Svartevatnet for dei som vil ta seg ein tur på Skylefjellet. Ovanfor er det omlag heilt avblese så her har det gått ei kule kaldt i vinden. Lett å ta seg fram på berre føtene. Sjølv brukte eg trugar eit lite stykke. Men det er ikkje nødvendig no.  

Foto Skylefjellet 020219