torsdag 13. september 2018

JA TIL BEVARING AV KYST OG FJELL


Eksklusjonsrude 1 og 2, seinare supplert med 3.

frå NVE si heimeside. 

"Nasjonal ramme for vindkraft på land

  • Stortinget bestemte i sin behandling av stortingsmeldingen om energipolitikk i 2016 at det skulle utvikles en nasjonal ramme for vindkraft i Norge.
  • NVE ble tildelt et oppdrag fra Olje- og energidepartementet om å lage et forslag til en nasjonal ramme.
  • Del 1 av oppdraget er å skaffe et oppdatert kunnskapsgrunnlag om hvilke virkninger vi kan forvente av landbasert vindkraft.
  • Del 2 går ut på å identifisere de mest egnede områdene for vindkraft på land i Norge.
  • NVE har et omfattende samarbeid og dialog med både forskjellige etater og interesseorganisasjoner.
  • Det endelige forslaget for en nasjonal ramme for vindkraft skal leveres til Olje- og energidepartementet innen 1. mars 2019. Det er lagt opp til at departementet skal sende forslaget på en høring."

Så er vi i gong igjen. Med utgreiingar av aktuelle område for vindkraft. Eitt av dei mest naturøydeleggande tiltak som finst. Kyststrekninga og landet vårt er sett under lupen for å etablere nye industriområde. Som vi ser av kartet for Sogn og Fjordane er fleire av områda langs kysten i faresona. Ikkje minst eitt av dei flottaste - Staveneset og Stavenesodden. 

I si tid utarbeidde eg ei heil liste over negative sider ved vindkraft. Eg har òg skrive om Det store folkebidraget på bloggen min. Desse innlegga er vèl verdt å få med seg. 


No har DNT-foreningen Bergen og Hordaland Turlag, med 30.000 medlemmer, tatt initiativ til ein underskriftskampanje mot vindkraft. Du finn omtale her. Underskriftskampanjen her


Eg oppfordrar alle lesarar og følgarar av bloggen min til å signère oppropet.


Kategorien inneheld informasjon knytt til Regional plan for vindkraft
som vart vedtatt av Fylkestinget 08.06.2011 (sak 033/11)


Kartet syner viktige kulturminne, område for friluftsliv og reiseliv,
 og lokalt viktige friluftsområde

Fakta om vindkraftanlegg

- Dei største vindturbinane er rundt 250 meter høge og er synbare frå lang avstand. 

- 800 meter grusveg pr. vindturbin som blir bygd.

- Etablering av vindkraftanlegg medfører omfattande terrenginngrep og irreversible naturinngrep.

- Tap av verdifulle turområde.

- Støy fra vindturbiner og farvel til stille natur.

- Tap av urørt natur.

- Vindkraft er arealkrevande og utgjer store industrianlegg i utmark.

- Det er kun 12% villmarksprega natur igjen i Norge

- Digre vindkraftturbinar skadar landskapet, naturmangfaldet og friluftslivet.

Noko nærare omtale av Stavenesodden kjem eg ikkje inn på her. Men naturkvalitetane kan du sjå bilder av på YouTube. Mellom anna her: 



og her



Eigne foto

Ver så snill - bli med på å stoppe galskapen. 

Det er oss - ålmenta - vindkraftutbygging går ut over!


Ingen kommentarer: