søndag 30. april 2023

Kjekk jubileumskonsert

 


Veldig kjekk jubileumskonsert med DeKor i Dale. Koret fyller 20 år i år. Det nyoppussa ungdomshuset, Trudvang, var fylt til randa med blide folk. Stemninga stod etter kvart i taket. Fin avslutning på 66-års dagen min! Som elles var av det heilt rolege slaget...



torsdag 27. april 2023

Posten er klar

I snødrev og skodde fekk eg på plass boksen og boka til TiTur Dalsfjorden posten på Yndestadhøgeheia (Høgeheia Yndestad) i dag. Tidlegare har eg merka ruta opp. Også som gps. Fekk sjekka av at sjekk ut funksjonen som ligg på ut.no fungerer (bildet ovanfor). Men du får ikkje registrere deg på lista før 1.mai. Alles klar! 

Andre bilder i dag tidleg var fånyttes. Men du kan nyte denne arkivserien på YouTube her: 

søndag 23. april 2023

Fin helg i Bergen

Kolstien


Åsane


Helga nytta vi i Bergen. I Åsane og Kolstien på Landås. Kjekt hjå søskena til Olaug. Fint ver, ja ei reint sommarleg aprilhelg. Noko nærare opplysningar kan vel seiast å vere av privat art. Men vi fekk båda sola oss og ete godt...

torsdag 20. april 2023

Fossedalen minne

Ei republisering av gode og kjære minne frå Fossedalen og tida då Fossedalens Vener var aktive. Bilete er frå 2005, 2006 og 2009.

onsdag 19. april 2023

Skule i Fossedalen

Det opprinnelege skulehuset i Nedre Fossedal til høgre.
Bygget var i to etasjar med soverom i andre etasje.

 Som vi alle veit var det i si tid skule i Fossedalen. Vi kan ta ei lita republisering av denne soga. Stykka er lagde ut på Fossedalen - i grøne far på Facebook

Skule i Fossedalen (1)
(Klikk på bilete under for alle namn)
I Innlegget 13/2 er det nemnt at Fossedalen hadde skule. I skuleprotokollen for Fossedal krins kan ein m.a. lese kven som gjekk her i året 1921-1922, På vedlagde bilde ser ein fødselsdato på barna og kor tid dei kom i skulen. I "Tidt eg minnest ein gamal gard" er det skrive ein heil del om korleis skulen fungerte.
I 1880-90 åra gjekk Fossedalsborna på skule i Øyna, der det vart bygt skulehus. Skulen var i bolkar på 2 eller 3 veker med skule frå mandag til laurdag. Ein rotur frå Fossevka til Øyna tek ein halv time til tre kvarter, så det var ikkje snakk om å reise til og frå skulen kvar dag. Borna stelte seg sjølve i Øyna.
I 1916 søkte så folk i Nedre og Øvre om å få opprette eigen skulekrins. "Etter søknad frå mennerne i Fossedal, Fossevik og Otterstein vart det samrøystes vedteke aa skipa ein ny skulekrins for desse gardane. Dette vedtaket gjeld berre solenge som der er so stort barnetal i denne krinsen at den med rimelege utgifter kan haldast uppe".
Skulehuset vart såleis nyestova i Nedre Fossedalen der læraren òg måtte bu dei vekene skulen varte. Frå hausten 1917 vart det fast skule i Fossedal med 7 gutar og 1 jente. Lærar var vikarlærar fanejunker Neumann som reiste mellom Fossedal og Øyna.
(Held fram)
Kan være et bilde av obo og klarinett

iker
Kommenter
Del

Framhald skule 2 & 3

(foto Nedre Fossedal - skulestova til høgre)
Til skuleåret 1918/19 skulle ny lærar tilsetjast for Øyna - Fossedal. Det hadde meldt seg 2 søkjarar.
1.Fanejunker Neumann, som ikkje hadde utdanning, "men som hev verka til konstituert lærar i heradet i umlag 2 aar".
2. Ein kvinneleg lærar med utdanning.
Neumann vart tilsett med denne grunngjeving: "Daa denne posten er svært mødesam med lang og tung veg millom krinsane er det mindre høveleg aa tilsetje ei lærarinna. Ved aa halde posten paa konstitusjon inntil vidare held ein vegen open til seinare aa faa ein fullt utdana mannleg lærar".
Året etter kom Søren K. Hauge til Fossedalen. Han vart lærar i krinsen i mange år.
Barnetalet i skulen auka, vinteren 1919/20 var det 10 elevar i skulen, skuleåret 1921/22 ville det bli 12 elevar (sjå eige foto over namna). Skulerommet i nystova i Nedre Fossedal var så alt for lite, og hausten 1920 søkte krinsformannen, Johan Fossedal (Nedre) om at krinsen måtte få skulehus med det aller første. Skulestyret svara med å setje ned ei nemnd på 2 mann "til å kome med framlegg til heradstyret um kva der må gjerast for å skaffe krinsen brukeleg skulerom". Dei som vart valde var ikkje frå Fossedalen.
Ved elva nedanfor Fossedalsfossen hadde Johan Fossedal bygt sag. Her skar han no material og gjekk i gang med å byggje skulehus sjølv. Huset vart bygt i tilknytning til bustadhuset, men i to høgder, og med kjellar under. Første høgda vart innreidd til skulerom, og stod klar til skulestart hausten 1921. No vart det betre om plassen, men skulestyret, som stod føre alle nyinnkjøp til skulane, var ikkje slepphendte med pengane. På skulebudsjettet var posten "skuletarvende" i alle år oppførd med 100 - 300 kr for heile kommunen.
(held fram)
Skulestova til høgre

Framhald skule (4)

Magnus Steiestøl var lærar i Fossedalen eit par år, og våren 1925 då han reiste, skreiv han ei "helsing" i skuleprotokollen til etterkomaren sin m.a.:
"De må vera om Dykk etter dei anatomiske plansjar. Dei vantar. Varsku Fagerheim at De må få, for han hev gjeve lovnad fyrr. Eg hev av den grunn ikkje fått havt anatomi, det som i gr. skulde vera det viktigaste ved heile naturfag-opl. Fysikken treng vel også repiterast, sjølv om det lite gagn gjer med dei hjelpemidlar Fossedalen skule hev. Kva som vert gjort eller ei, så må her skaffast nye pultar. Syrg fyre det, for elles vert borna krafryggja kvart eit. Eg hev fenge lovnad både om pultar og veggtavla, men det lyt nok enno ei påminning til. Av hjelpegreidor er her som sagt smått, men so kan ein heller ikkje krevja meir enn ein gjev.
Den stundi eg hev vore her hev eg havt mange vanskar å strida mot, so i nokon mun kan det orsakast at borni ikkje er lenger komne. Ein udelt skule kan ingen rekna ut eller skyna seg på fyrr dei hev prøvt honom. Mange gode ting vert nok bortkasta utan å koma dei fleste til nytte.
Fossedal 28 mars 1925. Lukka til strevet. Magnus Steiestøl".
Kommentar: Ein kan ut frå dette gjerne anta at skulen i Fossedalen vart noko stemoderleg handsama frå Dale.
(Held fram)
Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.
tar
Liker
Kommenter
Del

Framhald skule (5)

"I skulestova stod 3 lange bord eller pultar, der elevane sat på benker, 3 og 4 ved kvar pult. Dei fekk veggtavle, stor og svart, og på veggen hang tre kart: Norge, Europa og Jødeland. Dei "anatomiske plansjar" fekk dei nok ikkje, men her var plansjar av dyr og fuglar. Lesebøker hadde skulen til utlån, men alle andre bøker, som Katekisma, Landkunna og soga, måtte elevane kjøpe sjølve. Frå hausten 1918 vart "delvis fritt skuletarvende" innført i kommunen. I reglane for bruken står m.a.: "Det skal staa fritt for læraren aa lata borni faa skrive- og teiknesaker med heim i den mun han finn det turveleg". Dette varte fram til hausten -24. Då vart rikstilskotet oppheva, og lærarane vart av skulestyret oppmoda om å halde skulemateriell til sals, kvar til sin skule.
Så læraren hadde skrivesaker og kladdebøker til utdeling, men alt vart nøye bokført, og foreldra betalte alt det borna brukte gjennom året. Papir til å kladde og rable på, kjøpte ein ikkje, her nytta dei det dei hadde heime - og kladda på gamle konvoluttar, gråpapir og anna".
Held fram
Aslak Nyhammer, Ivar Johan Takvam og 6 andre
6 kommentarer
1 deling
Liker
Kommenter
Del
Framhald skule (6)
"Det kunne vere folksamt i Nedre Fossedalen i skulebolkane vinterstid. Læraren budde i nystova. Var veret dårleg, låg også elevane over, både dei frå Øvre F. og dei frå Ottersteinen. Loftet i skulehuset var innreidd til soverom for borna i Nedre F, dei var så mange sysken. Men her var saktens plass til nokre ekstra".
"Skulevegen frå Øvre Fossedalen var ikkje alltid så lett. I godver om våren og hausten gjekk dei langs vatnet, der var ikkje veg. Om hausten slutta skulen litt tidlegare enn vanleg, for at borna skulle nå heim att om kvelden. Når dei ikkje kunne gå, var dei rodde til skulen om morgonen, av far eller bestefar. Og når skulen var slutt, vart dei henta i Vassenden. "Då var det alltid spanande å sjå kven som kom og henta oss".
Om vinteren var det verre: Det hende dei måtte vere borte frå skulen når det ikkje var framkomeleg over vatnet. Etter snøfall gjekk dei vaksne føre og trakka veg, eller dei pløgde med hest.
Om våren når isflaka losna, hende det også at dei dreiv med "fanteskap" på skulevegen - dei gjekk på isflak - endå det visstnok ikkje mangla på åtvaringar heimanfrå".
(Held fram)
Bilete skulevegen til borna i Øvre Fossedalen vinter/vår.

Framhald skule - siste del (7).
"Borna frå Otterstein måtte i båt for å kome til skulen. Faren skyssa dei til Vika - og henta dei der, når dei ikkje låg over. Eit år søkte Andr. Otterstein om skyssgodtgjersle "for det han ror med borna sine til Fossevika". Det fekk han ikkje, men han skulle få - "godtgjerdsla for dei døger borni hans ligg borte frå heimen i skuletidi, med 40 øyre for kvart døger for kvart barn". Året var 1922".
"Hausten - 28 var det berre fem elevar att i skulen. Året før var det 8. No var her heller ikkje fleire born under skulealder, og det var fare for at skulen vart nedlagd. Men Dorthea fekk hit ei jente som ho var tante til, Helga Mandelid frå Askvoll. Ho budde i Fossedalen denne vinteren og gjekk på skule der. Året etter kom broren Hjalmar, og han budde og gjekk på skule i Fossedalen. Men så var det også jamnt slutt med skulen i Fossedalen. 20. febr. - 32 vart kroken sett på døra. Frå hausten av måtte dei tre siste elevane, Inger og Anders frå Nedre, og Alma frå Øvre Fossedal reise til Øyna på skulen.
Inger fortel: "Eg var 12 år, bror min 2 år yngre. Me budde hos nokre folk der. Mamma sende med oss mat so me hadde heile veka. Det hende kona hengde på potetene for oss, men elles stelte me oss sjølve".
"Som vanleg reiste mennene i Fossedalen på vintersildfiske, og dei søkte skulestyret om skyss for borna til Øyna skule medan dei var borte. Skulestyret gjekk med på dette og vedtok å betale skyssen, "- og soleis at dette for nemnde tid kjem i tillegg til innkvarteringi".
Nokre år seinare vart også skulen i Øyna nedlagd. Der var ikkje fleire elevar. Men denne skulen starta seinare opp att, for ei tid og av den siste generasjon born som voks opp i Fossedalen, borna til Øystein og Gunnhild, gjekk dei eldste på skule i Øyna. Dei måtte innhysast, på same måte som generasjonen før. Så vart skulen i Øyna nedlagd for godt i 1956, og elevane overførde til Dingemoen skule i Dale. Det vart sett inn skuleskyss mellom Fossevika og Dale, så borna kunne kome heim kvar dag".
Klikk på bilete for tekst.
(Slutt)
Del
l, Helga Mandelid frå Askvoll. Ho budde i Fossedalen denne vinteren og gjekk på skule der. Året etter kom broren Hjalmar, og han budde og gjekk på skule i Fossedalen. Men så var det også jamnt slutt med skulen i Fossedalen. 20. febr. - 32 vart kroken sett på døra. Frå hausten av måtte dei tre siste elevane, Inger og Anders frå Nedre, og Alma frå Øvre Fossedal reise til Øyna på skulen.
Inger fortel: "Eg var 12 år, bror min 2 år yngre. Me budde hos nokre folk der. Mamma sende med oss mat so me hadde heile veka. Det hende kona hengde på potetene for oss, men elles stelte me oss sjølve".
"Som vanleg reiste mennene i Fossedalen på vintersildfiske, og dei søkte skulestyret om skyss for borna til Øyna skule medan dei var borte. Skulestyret gjekk med på dette og vedtok å betale skyssen, "- og soleis at dette for nemnde tid kjem i tillegg til innkvarteringi".
Nokre år seinare vart også skulen i Øyna nedlagd. Der var ikkje fleire elevar. Men denne skulen starta seinare opp att, for ei tid og av den siste generasjon born som voks opp i Fossedalen, borna til Øystein og Gunnhild, gjekk dei eldste på skule i Øyna. Dei måtte innhysast, på same måte som generasjonen før. Så vart skulen i Øyna nedlagd for godt i 1956, og elevane overførde til Dingemoen skule i Dale. Det vart sett inn skuleskyss mellom Fossevika og Dale, så borna kunne kome heim kvar dag".
Klikk på bilete for tekst.
(Slutt)
Alle reaksjoner:
Ingvar Solheim, Johan Johansson og 33 andre
2 kommentarer
1 deling
Liker
Kommenter
Del