mandag 30. august 2021

August

Flott konfirmasjonsdag til Sander i Førde i går. Staseleg konfirmant. God mat, gode talar og mykje folk samla i det nydelege vèret på Sunde skule. Bilda frå dagen legg eg likevel ikkje ut her. 

Om august ikkje heilt er omme, har eg laga ein serie samlebilder frå denne månaden òg. Dette var siste månaden eg mangla for å gjere samlinga komplett. Bildeseriane ligg alle til høgre på framsida (sjå nettversjon). (Hugs at bilda gjer seg best på stor skjerm). 

lørdag 28. august 2021

Nydeleg i Holmedal

Holmedal og Straumsnes i dag

Nydeleg morgontur til Holmedal og ruta opp Grønene til Kalderasnipa. Der i frå til Dokka og ned ranen til vassverket igjen. 

I dag trur eg det er første gongen eg har sett svart hoggorm. Ikkje heilt vanleg etter det eg les. Men han var så rask i vendinga at eg ikkje fekk bilde av han. 

Elles var det ein god del sauer som var trekte ned i lia mot grinda. Dei drøsa i skuggen. Så menneskevane at dei knapt løfta hovudet....

Knall nordavèr. Vindstille til og med på toppane. Og sola heta godt i bakkane. Fantastisk flott til å vere sist i august. 

Mobilfoto Kalderasnipa Dokka 280821

fredag 27. august 2021

Klårt nordavèr

Ryggen på Markahengenipa


Mot Nipebu

Mot Stordalen

Kjende fjell i aust

Mot Skorvemarka

ds

Krokavatnet
(alle mobilfoto)

Flotte morgonturar på fjelltrimpostane på Blåfjellet og Markahengenipa denne veka. Tørt og fint. Klår luft. Og heller lite vind. Folk har eg ikkje møtt. 

Dagens

mandag 23. august 2021

Tomgods og gjenvinning

Yndestad og Toreheia midt i bildet

Stavenesodden, Høgeheia, Underset og Mjåseth

Askdalen

I dag var det tid for flaskepant etter sommaren. Med plenty folk på besøk blir det tomgods av. Mest brus då - underteikna drikk jo ikkje noko sterkare...😃 I tillegg tok eg meg ein razzia i kjellaren og fylte opp bilen med sunde utemøblar, ein sundbroten parasoll, målingsboksar og anna rask for levering på gjenvinnings-stasjonen på Olsetvikane. Fint å få ut av kjellaren litt etter kvart. Før det samlar seg heilt opp. 

No opnar ikkje stasjonen på Olsetvikane før klokka 12. Så då gjekk eg ein tur på Smørkletten òg etter gamalt. Eg har ikkje vore der sidan i mai. Av grunnar dei næraste kjenner til... Veldig kjekt å vere i stand til å gå desse fjellturane igjen no. Ikkje minst å sjå heim igjen som på første bildet.  

søndag 22. august 2021

Frå dørgotta heime

Yndestadhøgeheia, Mangevatna, Krikavatnet, Blåfjellet og Skylefjellet

Stongfjorden

Yndestadhøgeheia t.v.


Krikavatnet

Krikavatnet og Toreheia bakerst
(alle foto gamal mobil)

 I dag gjekk eg den fine ruta heime i frå og via Krikavatnet til Toreheia med retur over Yndestadhøgeheia, Selda og heim. Tørt og fint. Og strålande sol frå skyfri himmel. Perfekt!

lørdag 21. august 2021

På tur med Odd & Ellen





Med Odd og Ellen på besøk, gjekk vi i dag "den vanlege" turen heime i frå til Skylefjellet og Blåfjellet. I behageleg tempo. Pausar og matykt. Tørt og fint i lendet. Og sol frå skyfri himmel. En ørliten nordatrekk på toppane, men nesten ikkje til å nemnast. Veldig kjekk og sosial tur!

 Foto Skylefjellet & Blåfjellet 210821

Bergens-tur

  

Kanontårnet på Fjell Festning

Vedlagt link viser ein del foto eg tok på tur til Bergen. Nokre mobilbilder frå Bryggen, og andre frå tur på Sotra. Mellom anna til imponerande Fjell Festning, Telavåg og Glesvær. Veldig kjekt. Og vèret var på vår side. 

Takk til Marie og Øyvind, Torbjørn og Ingrid Anita som hysa oss nokre dagar. 

Bergen, Fjell Festning, Glesvær 150821-200821



onsdag 18. august 2021

Positive nyhende

 



Veldig gode nyheite på helsefronten i går. Vi kan heise flagget og kose oss i Bergen.


fredag 13. august 2021

Flott sognatur

Fjærland i dag


Mundal hotell under oppussing

Olaug og Øtzi

Stilt i Fjærland i dag

Absolutt verdt å ta turen til Fjærland i dag og eit besøk på Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Fjærland er kanskje ein plass ein til vanleg berre køyrer forbi på veg til Sogndal og austover. Men dei nemnde attraksjonane, og den flotte bygda, er som sagt god grunn til å besøke. Stilt og fredeleg er her. Nydeleg ligg husa og nausta ved fjorden. Omkransa av bratte og flotte fjell. Ein og annan utanlandsk turist var å sjå. Og litt fleire oppe ved bremuseet.

Ved bremuseet såg folk ut til å ha veldig god tid. For informasjonen som var plassert ut på lerret og skjerm var både god og grundig. Og spesielt panorama filmen over Jostedalsbreen på Europas største saumlause lerret var fantastisk. Ja, i ny kinosal! Heilt utruleg bra! Informasjonen som vart gitt kunne vel heller ikkje vore meir aktuell sett på bakgrunn av klimarapporten til FN hin dagen... 

Etter kaffi, pizza og kake bar turen vidare til Balestrand. Ein og annan turist her òg. Fint å spasere rundt mellom dei flotte husa og hagane. Og ein god middag på ein liten uterestaurant på kaia. Veldig bra. 

Turen heim att gjekk så via Høyanger, Vadheim, Sande, Dale og heim. Ein liten rundtur i Sogn. For som Olaug sa på veg heim - jammen er Sognefjorden flott (altså ikkje berre Dalsfjorden (eller Stongfjorden))...😃

Sognatur 130821

onsdag 11. august 2021

Runde på Peter

Som far så sønn

Frå ruta på framsida av Markahengenipa

Mandag var det tur på Solsidevegen. Og i går måling av hus. Men i dag, onsdag, vart eg med Peter på Markahengenipa. Runde for hans del. Vi gjekk opp framsida, og ned igjen den merka delen langs ryggen.. Og deretter Nipebu-ruta til Markavatnet igjen. 

Vi tok igjen ein tysk familie ovanfor ura. Og gjekk på dei same etter at vi hadde vore på toppen og kom ned igjen den andre vegen. Som feriegjestar hadde dei vel bra tid... Ikkje nok med det - vi traff ein tyske herremann lenger nede òg! Men ikkje ein einaste nordmann... 

Elles fint og tørt. Greitt opp dei tørre berga på framsida i dag. Og far som sønn vèl nøgde.  

søndag 8. august 2021

Ein liten sauerapport 2

Krikavatnet


Toreheia mot Florø

Ytrevågefjellet med Toreheia bak

Vågane og Flokeneset

Osland 
(alle foto gamal mobil...)

I dag tidleg gjekk eg igjen ruta over Toreheia og Ytrevågefjellet. Men motsett veg frå hin dagen med start heime i frå. Delvis skya og fin sommartemperatur. Veldig tørt oppe i fjellet no. Elvane inntørka. Men framleis bra beite for sauene. Dei går spreidd over heile området frå Mangevatna og Krikavatna til Toreheia og Ytrevågefjellet. Både på nord og sørsida. Dei såg ut til å trivast godt høgt til fjells. 

Elles var Olaug grei og henta meg i Vågane, så eg slapp å gå asfalten heim igjen. Flott tur!

   

lørdag 7. august 2021

Arnarsonmila 2021

Start i Rivedal

ved Ingolfr Arnarson statua

Primus motor for arrangementet 
Alice Vie, Martha Kleiven og Leonora Kleiven

Vinnarane i dame og herreklassen 

Gutestafettlaget

Dundrande suksess for årets Arnarsonmila ved Dalsfjorden. Start i Rivedal og ca ei mil løp til Dale sentrum. Over 50 deltakarar stilte til start. Ein horde med folk tok i mot løparane i Dale. Eit veldig kjekt arrangement. Ytterligare detaljar er å finne på eiga heimeside og facebook. Her vedlagt ei bildefil:



torsdag 5. august 2021

Luftetur heime

Dagens

Etter å ha malt ein husvegg i dag tidleg, vart eg med Øyvind, mannen til Marie, ein luftetur på Skylefjellet og Blåfjellet. Dei er her på ferie nokre dagar. Delvis skya og litt vind. Fort ganske kjøleg når sola forsvann. Og tørt i terrenget. Ei flott runde. Godt å få litt luft under vengene.