fredag 13. august 2021

Flott sognatur

Fjærland i dag


Mundal hotell under oppussing

Olaug og Øtzi

Stilt i Fjærland i dag

Absolutt verdt å ta turen til Fjærland i dag og eit besøk på Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Fjærland er kanskje ein plass ein til vanleg berre køyrer forbi på veg til Sogndal og austover. Men dei nemnde attraksjonane, og den flotte bygda, er som sagt god grunn til å besøke. Stilt og fredeleg er her. Nydeleg ligg husa og nausta ved fjorden. Omkransa av bratte og flotte fjell. Ein og annan utanlandsk turist var å sjå. Og litt fleire oppe ved bremuseet.

Ved bremuseet såg folk ut til å ha veldig god tid. For informasjonen som var plassert ut på lerret og skjerm var både god og grundig. Og spesielt panorama filmen over Jostedalsbreen på Europas største saumlause lerret var fantastisk. Ja, i ny kinosal! Heilt utruleg bra! Informasjonen som vart gitt kunne vel heller ikkje vore meir aktuell sett på bakgrunn av klimarapporten til FN hin dagen... 

Etter kaffi, pizza og kake bar turen vidare til Balestrand. Ein og annan turist her òg. Fint å spasere rundt mellom dei flotte husa og hagane. Og ein god middag på ein liten uterestaurant på kaia. Veldig bra. 

Turen heim att gjekk så via Høyanger, Vadheim, Sande, Dale og heim. Ein liten rundtur i Sogn. For som Olaug sa på veg heim - jammen er Sognefjorden flott (altså ikkje berre Dalsfjorden (eller Stongfjorden))...😃

Sognatur 130821

Ingen kommentarer: