søndag 27. august 2023

September

September er snart her. Ein flott haustmånad. Her er nokre eigne bilder frå denne månaden.

lørdag 26. august 2023

Perfekt TiTur

Blide fjes på Yndestadhøgeheia

Tone på Rinda - Stongfjorden og Skålefjellet i bakgrunnen

Sillan har flott utsikt på Yndestahøgeheia

I nord ligg Florø, fødestaden til Tone, og heile øyriket

Eg vart med Tone og broder Sillan på deira avslutningstur på TiTur Dalsfjorden i dag. Mål Yndestadhøgeheia her "heime". I delvis skya vèr. God temperatur. Og vindstille. Med god prat, pausar og matykt på toppen, vart det ein perfekt tur på alle måtar! Utsikta på toppen er jo heilt fantastisk. Samleserie bilder her (blogg- YouTube).  

Elles fekk eg bra oversyn over sauer som går på vestsida av Toreheia. Mange heimehøyrande i Vågane. Og fekk gitt beskjed om dette. Det er vel snart sauesanking. Det går også storfe ovanfor Rinda (sjå fotoserie). 

Veldig kjekt å få vere med på fullføringa av TiTur for Tone og Sillan. Sjølv er Olaug og eg ferdige med postane for ei stund sidan. Årets registrering held fram til 1.oktober. 

P.S. Olaug er på jentetur...

 TiTur Yndestadhøgeheia 260823

torsdag 24. august 2023

Ukrainas nasjonaldag

Antonina ønskte velkommen

Song, dans og spel


Herrane byr opp til dans?

Flott markering av Ukrainas nasjonaldag i Stongfjorden Grendahus i kveld. Eit "hav" av ukrainsk mat i alle utgåver. Sjå foto. Grendahuset var fylt opp til randa av ukrainarar, nordmenn og andre nasjonalitetar. Det gjekk i ukrainsk, engelsk og fingerspråk. Song, dans og spel og sterke videoinnslag gjorde kvelden til ei sterk markering. 

Slava Ukraini!

Nokre av rettane



fredag 18. august 2023

Tilbake

Dagens selfies Høgeheia
 
Tilbake med utsyn til Alden

Etter ei god veke i Bergen med barnepass og tvillingfødsel til Torbjørn og Ingrid Anita, var det kjekt med ein tur tilbake på Høgeheia i dag. Saman med Olaug som hadde fri. Blikkstille hav og lett skya. Fin temperatur og relativt tørt i stien opp. Det er mykje folk som har skrive seg inn i boka i sommar. Eit ynde turmål med 360 grader panoramautsikt. Fantastisk! 

Ellen, Odd og Olaug
Svartediket under i bakgrunnen (førre fredag).

Haukeland sjukehus er stort....

Skomakerdiket

fredag 4. august 2023

Dalsstølen - nokre minne


Dalsstølen frå innlegg på Facebook

I det forrige blogginnlegget mitt om gamleløa til Harald`n i Dale, kom eg inn på barndoms-kompisen min Per, naboguten, son til Ann og Harald Dale. Han var to år eldre enn meg. Sidan eg nemnde han med spillopperi og greier som vi fann på, minnest eg òg alle dei flotte turane vi hadde i lag til Dalsstølen (i dag står stølshuset att t.h. på biletet ovanfor). 

Vi var vel i 13-15 års alderen då vi nytta stølen utan vaksne. Ganske tøffe i ånden vil eg seie. For vi vart skyssa over fjorden og overletne til oss sjølve. Med returbillett eit par, tre dagar seinare. For over fjorden kom vi oss ikkje igjen før avtalt tid! 

Turen med ryggsekk, sovepose og anna var rimeleg tung. Spesielt opp Kleivane. Då var det ekstra hyggeleg å kome til Nedre Fossedal der Gunnhild og Øystein servert gul saft og bollar. Ja, det var kanskje dei som var "redningsbøya" om noko uforutsett skulle skje. Men det trur eg neppe vi tenkte på den gongen. Vi klarte jo oss sjølve.... 

Gunnhild og Øystein Fossedal t.v. sjå tekst foto og kommentarar

For dei som er kjende i traktene gjekk den gamle stien vidare vestover under Fossedalsfossen og opp lia. Ganske tungt det òg. Vidare sør for lonane til vi kunne sjå stølen i vest. Deretter rundt "svingen" på elva til tjerna.    

Parti av stien til Dalsstølen ved lonane. Fossedalshengenipa oppe t.v.

 
Målet i sikte...

Ja, kva gjorde vi på stølen på den tid? Utan mobiltelefon og internett? Med turutstyr som var so som so? Ein ting er iallefall sikkert. Vi kjeda oss aldri! Tida gjekk med til fisking i tjerna og elva. Og bading. Veldig kjekt då vi var såpass gamle at vi kunne ta ut båten som hang under bjelkelaget i selet. Den var laga av eit slags seglduksmateriale hugsar eg. Og veldig lett. Ikkje store farkosten. Med den var det betre å få fisk i tjerna. Også med garn. I matvegen gjekk det såleis i steikt fisk på omn eller bål og brød frå Thomassen i Dale. Blåbær i fleng. Enkel kost. 

Parti ved elva/lona ved Dalsstølen
(i dag er her meir gjengrodd enn før i tida)
Kringla i bakgrunnen

I nærområdet var det vel ikkje ein meter som ikkje vart utforska. Opp langs elva, lonane og kulpane. Berrføtt, solbrune og blide. Lått og song. Tur til lonane og Valvike-hytta i aust ved Fossedalsvatnet. Dei nære ting var liksom veldig nær den gongen. Den einaste gongen eg hugsar eg var litt bekymra var då torevèret heldt på å rive ned Heileberget i sør...

Til underhaldning hadde vi elles med oss fleire blad frå bokhandelen i Dalstunet - Donald Duck, Fantomet, Kaptein Miki og anna. Og så snop. Vi kunne ligge lenge i soveposen på grasbakken utanfor selet om kveldane. Lese, prate, snope.... Ikkje hugsar eg at myggen og kleggen var spesielt plagsomme heller. Deretter var det til køys. (Ein blir søvnig av fjellufta...) 


Dalsstølen ca 1925?

Selfie Nedre Fossedal 
i pur ungdomstid
Ein ting eg elles minnest på Dalsstølen var nettene. Å vakne opp og "høyre" den uverkelege stilla. Når det ikkje regna vel og merke for då høyrde du elva og regnet på blekktaket. Men før skein vel alltid sola sommarsdagen! Nesten iallefall. Det var så utruleg stilt. I halvmørkna reint trolsk å stikke nasen ut gjennom vindauget eller å gå på utedoen. Vi var åleine i heile verda! Eg kjenner kjensla langt inn i sjela den dag i dag. Med dagens teknologi, er det nesten rart å tenke tilbake på korleis vi ungane vaks opp i forhold til i dag....   

Ja, mange gonger har eg lurt på korleis det hadde vore å bli sett tilbake i tid - slik sett. Gått baklengs inn i fortida. Det hadde vel vorte ei  sjokkarta oppleving for eit spirande ungdomsliv. Alt ein har gjort seg van med i dag. Vel, i den tid gjorde vi oss våre eigne erfaringar. Kanskje ikkje styrt slik av omverda som i dag. Sjølv er eg ikkje i tvil om at dette var ei god ballast å ha seinare i livet. For meg. For Per`n gjekk det diverre ikkje slik. Men det skuldast nok heilt andre forhold enn dei blømande barne- og ungdomsåra våre. Minna etter Fossedalen og Dalsstølen lever like godt i dag som før. Også etter Per. Og enda er det nye opplevingar å sanke. Lengten lever.  


tirsdag 1. august 2023

Gamleløa til Harald´n i Dale

Løa til Harald`n i Dale blir riven


Gjennom ein tråd på Facebook sida om Dale, og kor mange av bygningane i Dalstunet som er vekke, vart eg minte på den gamle løa til Harald`n i Dale. Eit lite steinkast frå Skaartun der eg vaks opp. Eg tok ein liten bildeserie den gong løa vart riven. Som eit minne om barndommen eg hadde i og rundt løa. Det var nemleg far til naboguten, Per`n i Dale, to år eldre enn meg, som åtte løa.

Dei par siste dagane har eg faktisk tenkt meir på løa. Og all moro og kreativiteten vi hadde rundt løa. (Du veit vi vaks opp med sveivetelefon i dei dagar. Sjølvsagt måtte vi lage dei spillopper vi sjølv kom på). Vi vart jo ikkje proppa øyra og augene fulle med all slags masseproduserte greier som i dag...

No er det mange episodar å gripe tak i rundt løa og gamle Dalstunet. Men skal i denne omgang halde meg til løa. 

Det første som slår meg av "galne" påfunn, var naturlegvis å hoppe i høyet. Frå ganske høgt oppe under låvetaket. Ikkje akkurat det mest kreative kanskje. Men vi laga tunnelar i høystålet òg. Dette var no heldigvis i tida før røyking og den slags. Så sjølve brannfaren var vel heller liten. Kjekkast var det nok likevel når vi fekk lurt med oss ei jente inn i tunnelane. Rett nok var dette i tida før det vart noko alvor av høykosen... (Som ein kanskje tenkjer på under slike omstende). Kyss klapp og klem vart det seinare inne i dei andre tunnelane (men det er ei anna soge...). 😅

Meir "krut" var det nok i lufta då vi fekk tak i luftgevær og sat på huk bak kyrabåsane og skaut på rotter. Jøss, det var moro! Kor mange rotter det gjekk til hugsar eg ikkje. Men nokre vart det. Noko samanlikning med Rottefangaren frå Hameln var det nok likevel ikkje. 😃

Per`n kan det skrivast mykje om. Han er ikkje lenger blant oss. (RIP Per). Eg har mange minne til han. Men for å halde oss til løa som dette skulle dreie seg om, så hadde Per`n dette fantastiske instinktet i seg å skulle flyge. (Han prøvde sjølv oppe i åkeren med nokre heimelaga venger). Men ved låven var det hønene som fekk "gjennomgå". Dag etter dag prøvde han å få hønene til å flyge jmfr. alderen vår (12-14 år eller noko slikt). Dette kunne jo sjølvsagt ikkje late seg gjere. Men han trena hønene opp igjen og opp igjen. Ja, han fekk faktisk ei høne til å flakse langt opp på låvetaket ved å hive ho opp i lufta. Meiner å hugse at dette var den lettaste og slankaste av sorten. Somme vil vel hevde at høna flaug over heile låvetaket. Men det kjem ikkje frå meg...😄

Sterke handtak då løa vart riven

Meir blodig gjekk det føre seg under slaktinga om hausten. Vi katane fekk jo oss til å smugkike då sauene vart slegne i hel med slegge (trur eg det var) og tappa blod av. Så blodeimen rauk! Endå verre var det når grisen skulle slaktast - han vræla slik at eg høyrer gjenlyden i Dalstunet endå. Det var fælsleg! Mildt sagt. Om eg sjølv har teke skade av desse seansane veit eg ikkje. Men å ta livet av noko som helst byr meg iallefall i mot den dag i dag (altså etter rottene og mysene då...). 

Høgste alvor vart det elles då bror min, han godeste Sillan, gjekk gjennom nokre rotne bord og hamna rett i møkakjellaren i gamleløa. Meiner å hugse det var kattunger vi kraup etter der på plankane. Ja, sant og seie kunne dette ha gått gale! Men heldigvis fekk vi tak i William D. og fekk fiska broderen opp igjen. Lukta av katen var som du kan skjøne heilt forferdeleg. Eg synest nesten synd i mamma endå som måtte ta seg av han heime. Om kleda vart kasta tòrer eg ikkje svare på. Men lukta av han forsvann iallefall - til slutt... 

Ja, den løa den løa. Som låg der midt i sentrum av "selveste" Dale. Til stor forargelse for somme. Men til dessto meir forlystelse og spaning for oss andre. Om somme i si tid (dei kondisjonerte) gjerne kunne grine på nasa av lukta av dyr, sauer, høns og motting, hadde ein i dag gjerne teke sin sikre død av løa her midt i sentrum. For min del synest eg mykje av identiteten til Dale forsvann då løa og dei andre gamle husa i sentrum vart rivne. I dag som berre minne for oss som var så heldige å ha ein slik gylden barndom. Fred over løa til Harald`n og gamle Dalstunet. 

  
Dalsåsen såg annleis ut òg då løa var riven